17. mai skulle vi taa oss fri for utflukter. Berre rusle i Cusco. Slentra gatelangs paa foeremiddag. Sein haustsol her varma som maisol paa Vestlandet. Vi naerma oss torget. Saag mange i finkle. Dressar og drakter. Indianarar i «bunad». Braatt hoeyrde vi taktfaste trommer og musikk. «Nesten som 17. mai heime», humra vi, og runda hjoernet.
Haka dett nokre hakk. For her er det hornmusikk, folkedans, tale for dagen, kransnedlegging, gatesal av is og …… TOG! Stort tog med universitetsfolk, studentar, fagforeiningar og kulturgrupper. Avslappa stemning. Det var universitetsdagen. Mellom anna….
Men sjaa… Braatt vert det meir spenning i opptoget. Indianarar demonstrerer for sjoelvstyre i Amasonas. Ei anna gruppe hyllar eit minnesmerke over ein fallen indianarhoevding (17. mai 1781). Politi med glasskjold dempar gemyttane.
Etter toget et vi lunsj paa ein restaurant med balkong. Vi vinkar til folket fraa balkongen, men dei ser oss ikkje. Hm! Ein rar 17. mai. Noko likt Norge. Noko ulikt. Eg lyftar blikket til aakrane i fjella rundt Cusco. Andesfjella. Rart aa tenkje paa 17. mai i barndomen. Rart aa tenkje paa at herifraa kom poteta til Norge, slik at vi ved Soerbrandal skule kunne feire grunnlova med aa springe potetloep 17. mai!