Vi flaug fraa Japan til Amerika, og kom fram to timar foer vi letta. Lokal tid same dag! Og daa hadde vi moett ei kort natt i Stillehavet paa vegen! Forvirra? Eg ogsaa. Datolinja i Stillehavet vart kryssa mot aust, medan sola tok langturen rundt India, Europa og Atlanteren. Snakk om aa bite seg sjoelv i halen. Snakk om aa ta snarvegen. Den kjappaste snarvegen eg har teke i heile mitt liv.
«Filias Fogg» i «Jorda rundt paa 80 dagar» (Jules Vernes), kom i tull med dagtalet paa reisa si i Stillehavet. Det heldt paa aa koste han premien han hadde vedda om. Eg har ikkje vedda. Tenaren «Pass-par-to» har framleis ikkje meldt seg. «Prinsesse Aoda» i Karen Helga sin skikkelse heldt framleis ut med meg. Jorda er framleis rund og dreiar rundt seg sjoelv. Sola staar hoegt paa himmelen. Vi er paa veg mot nye eventyr. Latin-Amerika for fyrste gong for oss begge. Vi er i Mexico, men vil «ferra til Cuba!»