Vi giftar oss i Japan

I dag giftar vi oss. Ingen blaamaandag, men rosa. I nye lilla skjorter. Karen Helga + Hans Jakob = sant. Paa ambassaden. Vigselskvinne i Vossabunad. Og ein ny og litt nervoes ambassadoer rekande i doerene. Vi startar «paa nytt» i dag. Ambassadoeren har sin foerste dag paa jobb. Her i Japan.

Diplomatane er paa veg til Keisaren. Med hest og vogn. Dei ligg i hardtrening for det perfekte keisarlege bukk. Foertifem grader i hoftene, og hovudet strakt utan knekk i hoeve overkroppen. Dei skal ete kirsebaer med dei store.

Vi. Vi oever paa ingenting. Spring berre lettfoette ut i den gryande rosa kirsebaerblomstringa. Rosa vaar. Vaar vaar. Ny vaar!

——
PS1: Denne bloggen skriv alle bileta med ord. Karen Helga sin blogg ligg litt nede…..ute til hoegre……..ein stad. Sjaa link. Der kan det ogsaa kome litt bilete dettande utover kvelden under «Vaar Blomstring»!

PS2: Internettkafeane foer paa turen har vore so ymist. Men Japan! No ligg det bilete med bittesmaa tekstar paa Karen Helga bloggen …..

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

25 kommentarer til Vi giftar oss i Japan

  1. Gerd Endestad sier:

    GRATULERER med alt det rosa, med vågemotet dokkar, med all gleda eg kjenner kjem fykande heilt fram til kvite bøar her i Nordfjord. I lett snødryss her, ser eg dokke to så lause og ledige i vårvarmen,mellom kirsebærblomstrane er smila store og varme, og dagen og verda er enno ung. Rosa er tingen, dette går vi for:-) Hell og lykke til Karen Helga og Hans Jakob i frå Gerd i Nordfjord

  2. Arne Sandnes sier:

    Hei
    Eg var innom bloggen i dag – og der skjer det saker g ting i dag…Gratulerar så mykje med dagen og den den japanske blomstringa. Astrupen var og fasinert at kirsdebærblomstrane.

  3. hans jakob sier:

    Takk for helsingar! No har Karen faatt ut dagens bilete paa nett. Sja bloggrull! Kirsebaer er stort. Og japanarar. Dagens middag vart sushi. Paa hoegde med nykokt pale!

  4. Ragni sier:

    Storesøstera gratulerer også. Lykke til begge to. Vi snakkast meir på e-post.

  5. Heidi V sier:

    Bevares! Dette var artig! Gratulerer så mykje!!

  6. Harald sier:

    Forlovar gratulerer óg! Formalia før avreise gjekk unna – som sedvane – i ein fykande fei – over ein svart kaffi på Hjelle.

    Du gjer eit kunststykke, Helga Karen; ikkje berre å få kledd den grøne mannen i rosa! Om du attpå til – og eg trur du kan klare det – sjølv i den hyperraske geisha-kulturen – får Hans Jakob til å smatte nysgjerrig etter smaken av langsomhetens filosofi ….
    Ei framleis lukkeleg reise! Harald.

  7. hans jakob sier:

    Takk for helsingar.

    Til forlovar Harald. Byraakratiet er effektivt, og Hjelle er ein heilt ok kafe. Langsomhetens filosofi kan vere grei den. Men kjem ein seg rundt jorda berre med den? Neste tog gaar i morgon kl 1400. Fraa Tokyo stasjon! Fremad!!!

    Men alvor. Det at eg har blikket for framdrift og ho dveler meir i situasjonane er godt for oss begge!

  8. Harald sier:

    Svar som forventa – Verda og Hans Jakob går ufortrødent framover – litt langsomare? Difor er heller ikkje alt ved det gamle – Hjelle VAR ein heilt ok kafe!

  9. Astrid Kalstveit sier:

    Kjære dokke.
    Gratulera så masse og var balsam for meg å sjå dei vakre bileta!
    Lukke og hell!

  10. Roar Werner sier:

    GRATULERER frå RW.
    Vi er i gang med innspurten med palmerevy nr 50, og skal halde deg oppdatert.

    Hels konao, og heile mannskoret syng no brudemarsj til ære for dykk.

  11. hans jakob sier:

    Takk for helsingar!
    Harald: Det finnest andre kafear. Baade i Tokyo og Foerde!
    Astrid: Fleire bilete kjem. Om nokre dagar. Livet er meir enn ein internettkafe….
    Roar W: Tenkjer revy, veit du. Ser at Floroe og Balestrand er i maal. Tvi, tvi til dokke og hels mannskoret og takk for bruremarsen.

     

  12. Sigbjørn L. Torpe sier:

    Gratulerer Hans Jakob og Karen Helga.
    Eg les jamnleg dykkar blogg.
    I dag var det flotte biletet av dykk publisert i avisa Firda.
    Måtte de lenge lenge leve få.
    Med dei beste ynskjer frå: Sigbjørn, og mangeårig revykolega:)

  13. hans jakob sier:

    Takk for helsingar baade Atle og Sigbjoern!
    Rosa bilete i Firda er heilt flott. Vi kjoepte Firda paa nett i dag.

    hj kh

  14. Anne Oline sier:

    Gratulerer! Veldig kjekt å lese om bryllup i Japan. Alle gode ønsker for framtida og fortsatt god reise. Klem frå Anne Oline

  15. hans jakob sier:

    Takk Anne Olin. Fraa foten av Fuji!

  16. Eva Lillehauge sier:

    Gratulerer!!!Det varmer hjerte mitt å se det lykkelige paret under
    kirsebærtreet. Klem fra Eva

  17. hans jakob sier:

    Takk Eva! Vi forlet Fuji med kurs for Kyota!

  18. Hege Kristiansen sier:

    Hei 🙂

    Slutter meg til alle gratulantene…litt sent men likevel. Ingen ting er som en god kjærlighetshistorie…lykke til på reisen og med fremtiden, (som kanskje er den mest spennende reisen av de alle), så snakkes vi når dere kommer hjem :)Husk kjærlighet eier ikke og kan ikke eies – og skal den vare så må den pleies…klem fra Hege

  19. hans jakob sier:

    Takk for gode ord, Hege! Karen Helga insiterer paa buddhisttempel i Paaska, saa daa er vi vel paa rett veg! Rett veg til fjells!

  20. Berit sier:

    Hyll hyll og gratulerer. Flotte bilder – og god stemning. Nyt resten av turen som mann og kone.

  21. hj sier:

    Takk! Cuba er LADA!

  22. Helge kårstad sier:

    Seint men GRATULERAR så mykje !
    Du veit tida flyg her oppe og vi ventar storinnrykk av turistar no, – jaaa

    Helge K

  23. hj sier:

    Eg Che kar turistvegane paa Cuba. Smil og reine do er viktigast av alt. Mat ligg paa tredjeplass.

  24. Lars Svenson sier:

    Altfor sjelden innom bloggene deres, men nå var det full klaff!
    GRATULERAR «hemskt mycket» til dere begge. Kjempeartig !!
    Siden jeg ikke har følgt så godt med så regner jeg med en kort oppsummering i neste julekort ….. 🙂
    Hilsen fra våren i Tromsø, – uten kirsebærblomst. Lasse

  25. hans jakob sier:

    Takk Lasse! Dersom du gjer Foerdetur i sommar, saa vit at vi kjem att 2. juli.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *