Mellom skura i «Township» finn guiden ein medesinmann for oss, ein skikkeleg afrikansk heksedoktor som det heitte i min misjons-barndom paa forsamlingshuset. No heiter det «hiler» her nede ogsaa – ein skal daa selje til turistar! Og medesinmannen dreg folk. Det kan ein sjaa paa sjappene med «juggel» paa utsida. Kva han gjer med helsa til folk er eg usikker paa, men «hileren» er opplagt sjefen i gata. Slik som Snaasamannen er det i bokform under juletreet.
Snaasamannen her spelar paa mysikk, og samarbeider tidsriktig med skulemedesinen paa sjukehusa. Eg skjoenar godt at «hileren» har ein marknad her nede i fattigdommen, sidan «Snaasamannen» kan verte bestseljar i «det opplyste» Noreg. I min misjons-barndom hadde ein mann monopol paa aa gjere under: det var JESUS! Det er fleire paa marknaden no, og det er kanskje like bra? Spoek til side: Ein tur til hiler-sjappa gjorde meg til ein skarpare ateist!