"Der baara bryt"

Slarkedag paa stranda. Det luktar sand og salt. Eg staar med smaa-baarene leikande om foetene, og ser mot havranda. Augene glir att og eg berre lyttar. Til havet – trestemt. Nett som naar ytre-Heroey-vaeringane song Heroeysongen i dusjen paa gymnaset. Havet gav heimlengsel. Dusjen gav songroeyst. Songroeyst til alle!

Trestemt. Takta mot klippene gir den sydande hovudstemma. Smaabaarene rundt anklane oppover sanden gir den lyse, brusande overstemma. Og der ute gaar havet i ein jamn dur. Duren er understemma. Jazz! Hav er hav. Salt er salt. Om du er ved Runde eller paa Stad. Paa Kraakenes Fyr eller paa Kapp det Gode Haap!

I slike stunder spekulerer eg paa korleis eg kan leve livet i ein fjordbotn. Eg hoeyrer fraa gymnasdusjen foerste line i Heroy-songen: «Der baara bryt mot fall og flud»! Trestemt!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til "Der baara bryt"

  1. Hei Karen Helga og Hans Jakob. No når de er i Sør Afrika, tenkte eg at eg skulle legge inn ei lenke til Wilderness og Deon som kom eins ærend til Vestlandet og også til vårt fylke i fjor. Han måtte ha spesiell invitasjon for i det heile få visum. Deon har husrom til leige i Dolphin House… viss det passar inn i ruta dykkar. Om det blir, så må de helse frå maria og hennar familie.

    på websida til Deon finn du også bilete: http://www.saparaglidingadventures.co.za/SA_Paragliding_Adventures/PhotoAlbums/Pages/Europe_Tour.html#26

    Til og med «hundeskinnet» har hamna på ei nettside i Sør Afrika: http://www.saparaglidingadventures.co.za/SA_Paragliding_Adventures/PhotoAlbums/Pages/Europe_Tour.html#27

    Ønskjer dykk alt godt vidare 🙂

  2. Liv Judit Straume sier:

    Obs,gløymde ein link

    Her er linken til framsida til Deon sitt firma
    http://www.saparaglidingadventures.co.za/SA_Paragliding_Adventures/Welcome.html

  3. hans jakob sier:

    Skal sjekke. Foerebels mettar vi oss i Cape Town, eller «Kaapstad» som det heiter paa nederlands-afrikasns.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *