Troett landing i Cape Town. Etter sekkbyte (min feil) er det mobilen som maa overnatte hjaa politiet. Vi fekk hotell. Og mobilen neste dag. Trangt paa leigebilmarknaden. Burde booka foer. Men paa to timar hosta ei service-dame paa hotellet opp ein liten raud japs. 25 dagar – – -for det ei veke kostar i det dyre landet der oppe!
Vi har leigd hus soer ved havet. 2 veker i same seng skal verte godt. Sand og vind og utsikt like til Antarktis. Vi ser ikke slangen…… I dette Paradis er det sandstrand og apekattar!
Karen Helga er ein glimrande kartlesar i landet det sola staar i nord ved middag. Og viskarane gaar naar eg proever aa blinke til venstre. Eg klorar i hoegre doera og trur eg finn gearet der. Karen Helga …. med skuterlapp ….ropar hoegt kvar gong eg tek ein hoegrevri. Men det kjem seg. Litt kjekt ogsa for ein gamal radikalar at det er venstrekoeyring i PARADIS!