Sterk Simon på SOF Teater

Simons historie. Premiere på ein samproduksjon der Sogn og Fjordane Teater samarbeider med Hordaland Teater og den Nationale Scene. Stig Amdam er både forfattar og instruktør, og han har også ansvaret for den minimale scengrafien.

Simon er utanlandsoldaten som kjem heim til kjærasten og legestudiet. Men sanitetssoldaten vert ikkje trudd når han skal fortelje si historie. Simons historie.

Vi sit rundt ei lita kvadratisk scene. Eit forhøyrsrom. Eit rom å elske i. Simon. Kjærasten. Psykologen. Forhøyraren. Vi er tett på ei drivande framsyning der sceneskifte, lysbruk og tempo er imponerande og truverdig.

Det vanskelege i å møte kjærasten att. Kjærasten som seier: ”Eg vil at du skal vere den du var.” Men det syner seg umogleg. Minna strøymer på Simon, men ikkje ein gong psykologen vil tru han. Kva er sanning? Kven si sanning?

Historiane frå slagmark for ein månad sidan og parken frå i går blandar seg. Blandar seg for Simon. Blandar seg for oss. Men sjølv i dette kaoset er regien stram. Tråden vert lett å følge, og det alvorlege temaet vert spala ut også med ein heilt naudsynt porsjon humor. Ein humor som trengst for å halde det alvorlege temaet så langt på avstand at vi kan få auge på det. Det er skilnad på å ”gløyme” og på å ”legge hendigar bak seg”. Men då trengst det hjelp i bearbeidinga.

Vi ser dei mangfaldige kulturelle ytringane frå siste verdskrig meir enn 60 år etter freden. I alt frå komiseriear som ”Allo, Allo” til lokale bøker om St Svituns forlis og krigsseglarane. Her kjem eit samtidsteater om dagens norske utanlandssoldatar.

Eirik del Barco Soleglad spelar ein truverdig Simon, men det er regien som imponerer med mest. Stig Amdam har med temaval, tekst og regi gitt oss ei teateroppleving utanom det vanlege. Om krig og traumatiske opplevingar. Om sanning og om å verte trudd. Eit samtidsdrama. Naturlegvis handlar det først og fremst om krig og soldatar som kjem heim. Men også om andre traumer. Og som alt godt teater; om det å vere menneske.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *