Dansejenter med vidsyn

Så har dei greidd det igjen. Jentene på Løa. I Førde. Måndag i Førdehuset sin store sal. Eit forrykande danseshow. Presisjon. Kjappe skift. Fargar. Glede. Dans utan grenser. Dans på sitt beste.
Men dei gav oss meir. Dei fortalde og dei synte film frå barneheimturneen i Latvia og Litauen. Korleis dei brukte dansen til å kome i kontakt med barneheimsborn. Gi dei glede og kontakt.
Ja, kanskje vart filmen overspelt med tårefylte avskjeds-scener på barneheimane. Kontaktsøkande born. Om korleis dei unge jenter fekks sjå livet og seg sjølve med nye blikk. Om korleis dei kjende seg utfordra til å feire komande jul på barneheim i Baltikum.
Men viktigast: Ekte danseglede. Ekte solidaritet. Var det nokon av dei «gamle seksti-åttarane» som ymta frampå om at «ungdomen no til dags» ikkje engasjerer seg?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *