Eg skal sleike eit bein i fylkesradioen framover. Kommentere litt med «Skråblikk i kvardagen». Ta dykk med på arrangement i kvardag. Og på fest! Kanskje på konsert og til kyrkje? Kanskje på rølpe-fest eller på revy? Gi meg eit hint på bloggen, og eg kjem.
Blogging og radio. Om rasa stengjer vegane eller om ferjene går på land. Vi kan ha kontakt. Lettvint med kommunikasjon gjennom «lause lufta». Likevel er vermeldingane det viktigaste i fylkesradioen. Er det Stengt i Sogn eller Storm ved Stad? Vinter på Vestlandet. Då skal det storme litt, rase litt og gi oss opplevingar som får oss på gli?? Spenning langs veg og fjord. Og i kulturlivet. Å spinne seg fram på holka er ein del av opplevinga. Piggfritt eller med piggane ute. Totalopplevinga. Heldige meg ? som er pendlar mellom stinne brakker, blogg og radio. Kulturpendlar!