Det er pause, Noreg leiar 13- 12 over Kina. Heimelaget har imponert med offensivt forsvar. Korleis framstår dei norske handballjentene!?
-
Siste innlegg
Siste kommentarer
Arkiv
Kategorier
Meta
Det er pause, Noreg leiar 13- 12 over Kina. Heimelaget har imponert med offensivt forsvar. Korleis framstår dei norske handballjentene!?
I serien passande kombinasjon namn/ profesjon tok Pang Wei gull i skyting i dag. Kinesaren var overlegen i i finalen, her kunne eg ha skrive eit uttal dårlege ordspel.
To andre namn i denne serien er Randi Flesland i Avinor, tannlegen på Valderøya utanfor Ålesund heiter Harald Fylling. Ein gut som vart fødd 2. august vart døypt André August. Kjenner du til ein liknande kombinasjon?
Pål Gordon Nilsen er ein av mine programleiarfavorittar. Her avsluttar han sendinga etter ein særs artig olympisk opningsdag.
Kveldssendinga er rett rundt hjørnet. Ragnhild Fjørtoft var hjartelig til stades for å «tease» sendinga rett før Dagsrevyen.
Nå folkens, kva tykkjer ein? Har kinesarane toppa grekarane, var seremonien kulare enn pytagoras i Aten. Var fakkelmannen som sprang rundt heile fuglerede-veggen stiligare enn flygemannen frå Los Angeles? GA SHOWET TENNING?
Eg tykkjer innmarsjen var impotent, elles terningkast fem. Kva er di saklige vurdering av opningsseremonien?
Innmarsjen er eit gigantisk antiklimaks samanlikna med resten av opningsseremonien. Innmarsj er uinteressant for brorparten av dei millionane av fjernsynssjåarar verda rundt. Å tasse inn i samla tropp er kanskje stort for utøvarane, men dei burde heller gå inn før showet byrjar. Då hadde vi sleppe å lide oss gjennom vinkinga, utøvarane hadde fått sett opningsshowet og fjernsynsendinga hadde blitt kortare.
Håper lyd og bilete er i synk no. Opningsseremonien trur eg er slik alle håpte den skulle vere. FOR NOKRE BILETE!
Herregud, kor nervøs går det an å bli? På prøvene var eg Cruice knall-kul. Då eg skulle på sending klokka 1340 var eg Sjarke på antidepressiva. Iallfall nesten. Gjestane våre var stødige. Det var hektisk då dei vart losa inn i studio.
Klokka er akkurat no 10.52, klokka 1330 startar sendinga. Då skal vi ta inn bileta frå Beijing, bilete som sannsynlegvis vil toppe alle tidlegare opningsseremoniar i sommar-OL. Kinesarane har lagt enormt mykje prestisje i denne meisterskapen. Jøje meg, eg gler meg!
Gjestar i dag er tidlegare kulturminister Ellen Horn, sosialantropolog Henning Kristoffersen og Torbjørn Færøvik, tidlegare utanrikskommentator i NRK.
Stemnet i Kina har gjort at Trine, kona mi, har trylla på kjøkkenet. Resultatet er ein sjokoladedraum, som mine gode kollegaer og gjestar kan nyte i løpet av dagen.
Ho blir nattens dronning under OL. Anne Rimmen skal saman med the dark knight, Andreas Hagen, lose sjåarane gjennom nattsendingane. Dei startar på jobb klokka 0100 og må difor stå opp i grisotta. Eventuelt ikkje legge seg i det heile tatt. Stakkars folk 😉 Den godaste Rimmen var tidleg i dag ute og klaga på temperaturen i studio, det er for kaldt. Vel, trur nok alle lyskastarane skal få kvikksølvet til å krype oppover.