Kinesisk NRK-kvardag, ei reise i bilete

Tryggingstiltaka er omfattande. Dette køyretyet sto utanfor IBC, som er det internasjonale pressesenteret.

Fiffig å ha garasjen.

Kan hende fotograferinga ikkje fell i god jord hjå det kinesiske militære.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 11 kommentarer

MUSIKKHJELP, NY VINNAR KÅRA!

Kongelig norsk fargefjernsyn er særs imponert over alle musikkforslaga vi har fått inn. Denne konkurransen fekk sitt førebelse høgdepunkt på kveldssendinga i går. I utgangspunktet skulle éi låt bli kombinert med Beijing-bilete, det vart fire. Rett og slett fordi det kom inn så mange gode forslag.

Teksten i kursiv er gammal, denne er ny. Bjørn Egil Skjong fekk vist sin musikkvideo i kveldssendinga i går. Musikk: Gortoz a ran- J’attends, Hans Zimmer.

Linken finn du her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140646

Dette får iallfall eg gåsehud av! 

Nett-Ole har fått mange henvendingar. Ellen Rian til venstre

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 71 kommentarer

Finsk jubel og tryggleik

Reporter Line Andersen og fotograf Christian Grotnes gjorde eit intervju med den finske statsministeren Matti Vanhanen etter landets første gullmedalje i OL. Medaljen gjekk til Satu Makela- Numela i trap-skyting. Legg merke til tryggingsopplegget rundt den finske statsleiaren, han går få meter på eiga hand i Kina.

Line Andersen. Foto: Jan Petter Saltvedt.

Line Andersen. Foto: Jan Petter Saltvedt.

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , | 6 kommentarer

Matvanar og kleskoder

Kantina var stengt i helga, ein kjent norsk pizzaleverandør gjorde store pengar på dét. Matvanane til redaksjonen minnar lite om toppidrett.

Torbjørn Sarre Jensen, pizzafråtsar.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , | 20 kommentarer

Beste meisterskapslag i historien?

Handballjentene er i ferd med å køyre over umeritterte Angola, men kor godt er eigentlig det norske laget? Unni Anisdahl fastslår at troppen er den beste Noreg har stilt med i ein meisterskap. Ho grunngjev dét med tilbakekomsten til Tonje Larsen og Kristine Lunde. Har det norske kvinnelandslaget i handball nokon gong stilt med ei sterkare tropp i ein meisterskap?

Kristine Lunde er viktig

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , | 23 kommentarer

ALEXANDER DEN STORE

Dette er verdsklasse Alexander Dale Oen, grattis med sølvet. Send inn din gratulasjon til Alex her.

Alex har framtida føre seg

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 20 kommentarer

OL-skulen

Reporter Jan Fredrik Bjørntvedt har fått ein smak av kva som skal til for å vere ein OL-utøvar. Han har på ein seriøs måte prøvd ut dei ulike idrettsgreinene. Målet er å gje sjåarane eit innsyn i kor utfordrande greinene kan vere, spesielt dei tekniske. Bjørntvedt er innom boksing, roing, stup, padling, turn, bogeskyting, leirdueskyting, sigling, fekting, bordtennis og sprangriding. Den fysiske testen på Olympiatoppen kan du sjå her.

Jan Fredrik fekk køyrt seg i OL-skulen.

Jan Fredrik sit inne med mykje kunnskap om idrettane som han ikkje har fått plass til i sakene. Lurer du på kva idrett var tøffast å meistre eller kva utøvar som imponerte han mest? Send inn spørsmål her. Jan Fredrik og eg skal svare flest moglege og etter beste evne.

Klokka er 1824, eg loggar av. Vi snakkast i morgon. LUKKE TIL ALEXANDER!

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 19 kommentarer

Vi treng di musikkhjelp

Inne på eit redigeringsrom på kongelig norsk fargefjernsyn sit Håvard Bergheim under denne meisterskapen. Bilete kombinert med musikk/ kommentarar blir trylla ut av redigeringsmaskina, nokon kallar det for ein kunstform. No treng han di hjelp.

Vågå på SR3

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , , | 282 kommentarer

ALEXANDER DALE OEN

Eg vil sitere «svømmeren» som skreiv eit innlegg på bloggen tidlegare i dag:

Hvem er den som rocker poolen? Oen rocker, Oen sjokker!
Hvem er den som rocker poolen? Oen rocker, Oen sjokker!
2, 3 Oen, 2,3 oen, ååååååååååååå Oen

oen.jpg

Dette er faktisk enormt stort. Mannen frå tettstaden Rong  i Øygarden kommune. Vestlandet, der trang kommuneøkonomi hindrar vatn i bassenga, der klimaet formar fjell og folk, der menn er menn. Fy søren, eg er særs imponert over det Alexander har gjort så langt i meisterskapen. Ifølge NRK sin mann ved bassengkanten har 23-åringen enno meir å gå på. KANONBRA!

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 23 kommentarer

Skuffande fotballjenter?

Fotballekspert Eli Landsem seier at NZ er det klart dårlegaste laget i OL. Difor er det særs skuffande at Noreg ikkje klarte å spele ut dei tapre jentene frå sauelandet. Dette var rett og slett for dårleg. Dette kjenneteiknar likevel topplag, som vinn 1-0 på ein dårleg dag. Det var noko italiensk over fotballjentene i dag. Uavgjort mot Japan resulterar i gruppesiger og enklast motstand i første cupkamp.

Melissa Wiik jublar. Bilete frå Scanpix.

Publisert i OL i Beijing | 22 kommentarer