Madonna fyller 50 år

Hyll Madonna på kveldssendinga laurdag!

Ho er kanskje den største kvinnelige artisten i historien. Eit ikon som har klart å gjere seg gjeldande i fleire årtier. Frå albumdebuten i 1983 fram til i dag har musikken hennar vore nyskapande og provoserande. Ho har miksa sex og religion, hummar og kanari, alt med suksess og pondus. Laurdag fyller ho 50 år.

Madonna Louise Veronica Ciccone Ritchie

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , | 48 kommentarer

Samba slo sodd

Eg kan ikkje skjøne korleis det norske kvinnelandslaget i fotball skal slå Brasil. Etter å ha blitt knust av japanske gjennomsnittspelarar fryktar eg noko liknande mot dei brasilianske ballkunstnarane.

Teksta i kursiv skreiv eg før kampen mot Brasil. No er dei norske jentene ute av OL etter tapet 2-1. Oppgjeret vart som venta, Brasil brukte ballen, Noreg spelte meir på såkalla lukke og fromme. (kva betyr eigentlig fromme?) Brasil hadde dei beste spelarane, det beste laget og er fortent vidare i turneringen. For Noreg er det mykje å tufte arbeidet vidare på!

Erika Skarbø etter oppgjeret mot Japan

Publisert i OL i Beijing | 14 kommentarer

For ei idrettskvinne.

Det er ikkje berre bronsemedaljen til Sara Nordenstam som imponerar meg stort. Den ekstreme gleden ho viste over å prestere var rørande, det kjempestore gliset, den ryggradristande stoltheita over sitt eige bronseløp.

Bronsen er eit faktum

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 8 kommentarer

Dale Oen på vitjing

Bilete frå mine særs gode kollegaer i Beijing dett med ujamne mellomrom ned i innboksa mi. Nokre av disse epostane forsvinn i det store svarte holet, for så å dukke opp att når ryddeguden filleristar meg. Det har no skjedd.

Dette er bilete frå redaksjonen då sølvguten frå Rong stakk innom.

Alexander blir sminka. Redigerar Willy Hage poserar nærast kamera.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 8 kommentarer

Frekk fredag.

Eg vil igjen takke for alle innspel/ tilbakemeldingar på bloggen. Det verkar som om flesteparten av dykk er nøgde med NRK si dekning så langt. Sjølvom vi óg er nøgde er det alltid rom for betringar. Søndag om litt over ei veke er idrettstemnet over.

Ein håper på norsk fyrverkeri.

Korleis bør vi jobbe den siste veka for at du trillar seksar-auget på terningen når Beijing-OL er historie. Kva bør vi betre? Konstruktive innspel blir sett pris på. Tulleinnlegg blir møtt med skuldertrekk.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 15 kommentarer

FILMPREMIERE

Kongeleg norsk fargefjernsyn presenterar, i samarbeid med Brandal kulturelle oppvekstsenter og Staten, «Nett-Ole kan ikkje filme- ei reise bak kulissane.»

– Ikkje eit auge var vått (VG slo yatzy)
– Denne går rett på vhs (Dagbladet)
– Eg somna etter eitt minutt (Vikebladet)

Hans Tore gler seg til dvd-pengar og sal til utlandet.

Dette er ein verk som vil ryste norsk filmhistorie. Kos dykk. http://www1.nrk.no/nett-tv/ol/spill/verdi/68173

Publisert i OL i Beijing | 11 kommentarer

Dei tre største?

Det er forvirring i redaksjonen. Kva er dei tre største idrettane i verda?

Glade fotballjenter

Fotball er størst i forhold til utøvarar,

Elengant basketballspelar

deretter kjem basketball,

Snildal kjempar i vatnet

så kjem svømming. Eller? Eg har ikkje klart å finne ut ei spikra oversikt over dei tre største idrettane. Er t.d. volleyball større enn svømming og kva med badminton? Kan nokon hjelpe?

Publisert i OL i Beijing | 61 kommentarer

Norsk kviledag, norsk-svensk svømmesuksess

Sara Nordenstam sette nordisk rekord på 200 meter bryst, europarekorden hadde ho i tre minutt. Ho er klar for finale med fjerde bestetid totalt. Sara er fødd i Sverige, men er sjølvsagt velkommen til den norske OL-familien:-)

Sara Nordenstam er dyktig.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 6 kommentarer

Det største gullhåpet?

Eg er lei for at eg i dag ikkje har vore flink til å blogge. Sjølvkritikken er ei tåke mellom øyrene mine. Resten av meisterskapen er eg dykkar slave i NRK.

Handballjentene leika seg med matronene frå Borat-land. Olaf Tufte trygga finaleplass i robåten sin, relativt enkle prestasjonar begge to. Kva av disse to norske idrettsprosjekta har størst sjanse til å lukkast, basert på prestasjonane så langt?

Gro Hammerseng

Eg set ein knapp på Breivik sine undersåttar, Tufte pusta og pesa noko fryktelig. Jentene har mest å gå på, jentene tek gull!

Olaf Tufte

Publisert i OL i Beijing | 26 kommentarer

Nippons overkvinner?

Fotballjentene avsluttar gruppespelet mot Japan i ettermiddag. Marit Fiane Kristiansen har vore sjuk, men spelar frå start. Lene Mykjåland er inne i staden for Melissa Wiik. Kven har så langt vore best på det norske laget? Kor langt trur du jentene kan kome i meisterskapen? Eg trur dei kan «kuppa heile driden.»

Orda i kursiv over skreiv eg før avspark mot Japan. No er eg jammen ikkje sikker. Slik er det vel med «forståsegpåarar», ekstremt dårleg korttidshukommelse. KVA BØR JENTENE GJERE FOR Å NULLSTILLE?

fotballjenter.jpg

F.v. Erika Skarbø, Lene Mykjåland, Lindy Melissa Wiik og Solveig Gulbrandsen.

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , | 31 kommentarer