Torsdag er prøvedag før studio 1 skal verkeleg i elden i morgon. Då er det (som dei fleste veit) opningsseremoni. Kva forhold har du som les dette til opningsseremoniane frå sommar-OL. Kva hugsar du best, kva tykkjer du ein seremoni bør innehalde og kva forventningar har du til det kinesarane har snikra ihop?
Eg hugsar best flygemannen frå Los Angeles i 1984. Ein åtteårig sunnmøring fekk tårer i augene… ei slik flygedrakt ville eg óg ha. (Eg ville vel ha blese midtfjords på ni av ti flygingar, ha-ha.) Vi skal ha eit kort gjensyn med den amerikanske flygemannen på sendinga før opningseremonien i morgon.
I mellomtida legg eg inn nokre ferske bilete frå i dag føremiddag.