Forfatterarkiv: hans jakob reite

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.

Det fyrste flate taket i Førde er verna

Rutebilstasjonen i Førde (1962) må vernast. Ikonbygget er teikna av Connie Henden. Merk deg at logoen er inspirert frå Undergrunnen i London. Kvar er du riksantikvar? Bilete av det nyleg verna sentralsjukehuset under kåseriet. Høyr kåseriet om det verna Sentralsjukehuset og … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Bygstad med revy frå moro til minneord

Høyr radiomeldinga  Høyr publikumsreaksjonar  Sjå revybileta Vi går inn i ein sesong med bygderevyar. Bygstadrevyen held koken, og dei spelte i helga sin åttande revy av kjent merke. Temavalet er frå Bygstad og resten av Gaular. Styrkane med Bygstadrevyen er … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Absolutt Per

Per Janke på sax i spissen på jubileumsframsyninga.   Foto: Olav Reiakvam Høyr radiomeldinga med tre små musikkkutt Urpremière på Sogn og Fjordane teater. Kabaret om 35 år teaterhistorie, og framfor alt: Kabaret om musikkaren Per Janke Jørgensen og hans 35 … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kunsten i fylket

Dette er ein lydblogg om kunst i fylket. På føremiddagen tysdag var eg og direktøren på kunstmuseet i fylket – Morten Johan Svendsen – i studio med Birger Meland. Vi var innom nybygga våre i Lærdal og Førde. Vi snakka med kunstnarar … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Parti Party

    Her kan du høyre utdrag frå radiokutta om festmiddagane til V og SV Det var laurdagskveld på Sogndal Hotell. Det var ”Parti Party”. ”Parti Party” litt utanom det vanlege. For to fylkesparti snakka og song seg gjennom årsmøta sine … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Dei gamle er eldst

Høyr kåseriet      Sjå bileta Eg elskar det usannsynlege. Det som ikkje går an å tenkje seg til. Viss nokon for fem år sidan hadde fortalt at eg skulle få oppleve Grand Prix Sirkus i Florø, så ville det vere så … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvardagskultur på ein søndag

Høyr radiomeldinga og sjå bileta Det er søndag ettermiddag. Eg er i den nybygde Borgja på Ålhus for å høyre ”Lyden av Jølster”. Paraplyen over Jølstramusikken – Jølster musikkråd – er arrangør. Programmet er allsidig frå dragspelarane i Jølstrabelgjen til … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Treng vi nynorske kløpinnar?

Truleg treng vi ikkje kløpinnar. Vi kan klø oss med kleshengarar og hakkegrev, ja til og med «Nynorsk ordbok» kan brukast til å klø seg med. I dag har sidemålsdebatten nådd nye høgder. La oss sende Kristin ved Kongens bord … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Brest i bringa

Radiomeldinga om «Brest i Bringa» Hans Sande syner oss kunstutstillinga ”Brest i bringa” på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Han stiller ut 11 ”bringer”. Nokre er skap som kan opnast. Andre er meir eit panser – med brest. I eit par … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Men englane song der ute ….

Høyr radiomeldinga  Høyr samtale med festleiar Osvald Eg reiste på julefest i Fresvik for å sjå om juletreet stod etter 13. dag. Det gjorde det. Helselaget smurde mat og kokte kaffi. Frelsesarmeen stod for tekstlesing, song, bøn, opplesing, juletregang, andakt … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar