-
Siste innlegg
Siste kommentarer
Arkiv
Kategorier
Meta
Månedlig arkiv: august 2008
Kvar er spoleknappen!?
Innmarsjen er eit gigantisk antiklimaks samanlikna med resten av opningsseremonien. Innmarsj er uinteressant for brorparten av dei millionane av fjernsynssjåarar verda rundt. Å tasse inn i samla tropp er kanskje stort for utøvarane, men dei burde heller gå inn før showet … Les videre
Publisert i OL i Beijing
15 kommentarer
Heftig straff for sladring
Håper lyd og bilete er i synk no. Opningsseremonien trur eg er slik alle håpte den skulle vere. FOR NOKRE BILETE!
Publisert i OL i Beijing
6 kommentarer
Nervøs no.
Herregud, kor nervøs går det an å bli? På prøvene var eg Cruice knall-kul. Då eg skulle på sending klokka 1340 var eg Sjarke på antidepressiva. Iallfall nesten. Gjestane våre var stødige. Det var hektisk då dei vart losa inn … Les videre
Publisert i OL i Beijing
1 kommentar
Horre heite, no er vi i gang….snart
Klokka er akkurat no 10.52, klokka 1330 startar sendinga. Då skal vi ta inn bileta frå Beijing, bilete som sannsynlegvis vil toppe alle tidlegare opningsseremoniar i sommar-OL. Kinesarane har lagt enormt mykje prestisje i denne meisterskapen. Jøje meg, eg gler … Les videre
Publisert i OL i Beijing
6 kommentarer
– Det er så kaldt i studio!
Ho blir nattens dronning under OL. Anne Rimmen skal saman med the dark knight, Andreas Hagen, lose sjåarane gjennom nattsendingane. Dei startar på jobb klokka 0100 og må difor stå opp i grisotta. Eventuelt ikkje legge seg i det heile … Les videre
Publisert i OL i Beijing
10 kommentarer
Snart opningsseremoni
Torsdag er prøvedag før studio 1 skal verkeleg i elden i morgon. Då er det (som dei fleste veit) opningsseremoni. Kva forhold har du som les dette til opningsseremoniane frå sommar-OL. Kva hugsar du best, kva tykkjer du ein seremoni … Les videre
Publisert i OL i Beijing
1 kommentar
Kroppshår
Sminkepersonalet er ei særs kompetent arbeidsgruppe i NRK. Dei legg på masker i store dramaproduksjonar, dei sminkar skodespelarar, dei sminkar programleiarar og dei klipp håret til ein nettmann som skal fjonge seg på fjernsynet. Dette er arbeidsplassen deira.
Publisert i OL i Beijing
1 kommentar
Første opptreden i studio
Som lova, her kjem bileta av den framifrå programleiaren Hanne Marie Breivik, saman med fotograf Knut Eilif. Stor idrett!
Publisert i OL i Beijing
10 kommentarer
Den store skjelven
Ekstremt mange planleggingstimar, altoppslukande logistiske utfordringar og eit gigantisk persongalleri. I dag skulle alt få si utløysning, fotballkamp mellom Noreg og USA. Prosjektleiar Sjur Molven har sove godt heilt fram til i dag tidleg. Då kom smellen, klumpen som representerar … Les videre
Publisert i OL i Beijing
3 kommentarer
Møter og fleire møter
Ting har byrja å spisse seg til. Ein kan kjenne ei spesiell sitring, ein elektrisitet kun nokre augneblunk før OL 2008 brakar laust. Korleis OL skal bli sjåande ut for dykk lisensbetalarar/ og dykk som ikkje betalar lisens, det blir … Les videre
Publisert i OL i Beijing
Skriv en kommentar