Kampen som forsvann i skodda – og andre historier frå engelsk julefotball

 
 
Engelsk klubbfotballs historie begynte på Boxing Day i 1860,  og det er eit faktum den dag i dag: Jula er juvelen i kruna i engelsk fotball.
 

Dei siste førjulsdagane kunne vere lange for ein som følgde den engelske fotballen tett. Avhengig av kva vekedag julafta og juledagane fall på, var det eit tomrom. Første juledag var lang, men annandagen tok det igjen med full fotballrunde. 46 ligakampar, dersom veret ikkje tok nokon av dei. Og direkteoverføring på BBC radio.

Den kunne vere heller skurrete. Ikkje sjeldan tok eg bilen og køyrde nokre kilometer til eit punkt eg visste mottaksforholda var maksimalt gode. Der kunne eg sitje i fleire timar for å få med meg kampane på bilradioen. Boxing Day var stor.

Det var på denne dagen for 151 år sidan at den aller første kjende fotballkampen mellom to fotballklubbar fann stad. Verdens første fotballklubb Sheffield FC møtte nyskipa Hallam, og laga valde Boxing Day – 2. juledag – som kampdag. Etter at ligaen starta opp i 1888 har det alltid vore sett opp full runde 2. juledag, bortsett frå dei åra Boxing Day fall på ein søndag.

Men visste du at også første juledag i mange år var ein like stor fotballdag?

Litt rart, eigentleg, ettersom første juledag er Familiedagen med stor F på dei britiske øyane. Ein skulle tru at folk flest hadde anna å prioritere enn fotball den dagen. Men publikum strøymde til banene likevel.

Første ligakampen på første juledag vart spela i 1889. Preston slo Aston Villa 3-2. Sist det var tilnærma full ligarunde den dagen, var i 1957 då 38 kampar vart spela. Den siste var kampen mellom Blackpool og Blackburn i 1965, då Blackpool vann 4-2. Etter det er juledagen halden heilag i engelsk fotball. Kanskje var det familiefreden som vann til slutt likevel. I Skottland heldt juledagsfotballen ut lenger, men også der har julefreden senka seg over juledagen dei siste åra.

I dei mellomliggande åra var både første og andre juledag faste speledagar. Unntaket var når ein av desse dagane fall på søndag. I den strenge Victoria-tida var det nemleg ikkje lov å spele fotballkampar på søndag. Eller nærmare presisert: Det var ikkje lov å ta betalt for å gå på idrettsarrangement på søndagar. Men det var ingen slike restriksjonar på første juledag, sjølv om det er det som er ”julafta” i britisk tradisjon.

Denne regelen vart ikkje tatt bort før tidleg på 1980-talet.

Ettersom første juledag var fridag og roleg familiedag for dei aller fleste, var det vanskeleg å reise både for laget og tilskodarane. Likevel var det ofte stappfullt på tribunene første juledag, for det vart gjerne ein heilt spesiell atmosfære på ein slik dag.

Som ein Sheffield United-supporter skildra si oppleving som niåring på sin første kamp juledagen i 1948:

”Kampen hadde tidleg avspark (dei fleste hadde det midt på vinteren før flomlys kom i bruk), og pappa og eg måtte gå veldig langt opp til Bramall Lane – det var få eller ingen trikkar som gjekk den dagen.

Men då vi langt om lenge kom fram og inn på stadion, var det klart at dette var ein heilt spesiell kamp. Atmosfæren var ein heilt annan enn til vanleg. Musikkorpset spela berre julesongar, og mange av publikum viste fram presangane sine. Nye skjerf og hanskar var å sjå overalt, og aromaen av sigarrøyk låg tjukk. Og spritflaskene gjekk diskret på omgang”, fortel mannen.

Av same transportmessige grunnar var det ofte lokaloppgjer som vart spela i jula. Men ikkje alltid.

Jimmy Armfield – seinare landslagsspelar og radiokommentator – debuterte for Blackpool i jula 1954. Han hugsar godt den lange reisa ned til sørkysten til kampen mot Portsmouth:

-Heldigvis var Boxing Day ein søndag, slik at vi hadde ein fridag mellom kampane. Vi begynte med bussen frå Blackpool til Preston, derfrå tog til London. Der overnatta vi, men vi måtte tidlig opp neste dag for å ta bussen til Waterloo Station og toget derfrå til Portsmouth. Så hadde vi lunsj før vi reiste tilbana og kampen.

Då vi kom fram, var portane allereie stengde, fordi det allereie var smekk fullt på tribunene, fortalde Armfield.

Etter kampen bar det same veg tilbake.

Ei anna strabasiøs julereise var då Wrexham reiste til Hull første juledag i 1936. For Wrexhams Ambrose Brown blei det ein lang og slitsam bomtur. Han vart nemleg utvist etter berre 20 sekund…

I mellomkrigstida og første tiåret etter andre verdskrigen var det tradisjon med dobbelkampar i jula. Laga som møttest første juledag, møttest til returkamp dagen etter. Det kunne gje mange rare resultat-kombinasjonar.

Det mest spesielle av alle desse dobbelmøta fann stad i 1935. Og det var returkampen på Boxing Day som fekk sin plass med stor skrift i historiebøkene. Den inneheldt ikkje mindre enn 17 mål, den klart mest målrike kampen i ligahistoria.

Første kamp inneheldt også mange mål, men til ”feil” lag. Tranmere toppa 3. divisjon avdeling nord, men fekk bank med 4-1 i bortekampen mot Oldham første juledag.

Dagen etter skulle Tranmere ta revansje heime på Prenton Park på sørsida av Mersey-elva. Og for ein revansje det vart.

Allereie etter dei første 20 minutta var revansjen meir enn fullkomen. Då stod det 6-0 til heimelaget. Ved pause var det 8-1. Fem av måla var signert Robert ”Bunny” Bell. Få minutt etter pause nådde Tranmere tosifra, før Oldham fekk slått litt tilbake. Midtveges i omgangen stod det 11-4. Derfrå tok laga scoringspause i den etterkvart ankeldjupe gjørma, fram til dei par siste minutta då Tranmere for sikkerheits skuld plussa på eit par til. 13-4 er eit resultat ingen har sett maken til i England verken før eller sidan. ”Bunny” Bell sette inn ni av scoringane, og brende i tillegg eit straffespark. Dei 12.000 på tribunene fekk iallfall eit minne for livet. Mange av dei storma ut i gjørma og bar spelarane på gullstol mot garderoben.

Boxing Day i 1963 var eit nytt historisk høgdepunkt for julefotballen på balløya. Aldri har det vore scora fleire mål enn i serierunden den dagen.

På den tida var det slutt på tradisjonen med kampar første juledag. Men det var framleis dobbelkampar i jula. Laga som møttest Boxing Day, møttest på nytt laurdagen etterpå, berre to dagar seinare.

Og høyr her:

  • Blackburn slo West Ham 8-2 i London Boxing Day, men i returkampen vann West Ham 3-1.
  • Burnely banka Manchester United 6-1 Boxing Day, men United vann returkampen 5-1 laurdagen.
  • På Boxing Day smelte Fulham til med heile 10-1 over Ipswich, men Ipswich tok revansje med 4-2 to dagar etterpå.

I sistnemnde kamp vart elles programmet eit spesielt samleobjekt. Det var ikkje så lett å få trykt opp ferske program i romjula på den tida, så Ipswich hadde teke sjansen på å trykke programmet til sin heimekamp allereie fleire dagar før jul.

Det var derfor ikkje til å unngå at publikum smilte litt skeivt då dei las manageren si helsing: – Vi håpar at «our boys» kan bygge vidare på gløden og den gode innsatsen dei viste i bortekampen torsdag, stod det å lese. «Gløden og den gode innsatsen» hadde altså gitt 1-10 i London to dagar tidlegare.

Boxing Day 1963 er elles den runden det er scora flest mål i øvste divisjon i engelsk fotball nokonsinne – 66 mål på 10 kampar. I tillegg til dei som er nevnt over, slo Chelsea Blackpool 5-1, Liverpool banka Stoke 6-1, Nottingham og Sheffield United spela 3-3, West Bromwich – Tottenham enda 4-4 og Wolverhampton – Aston Villa 3-3. Berre Sheffield W – Bolton (3-0) og Leicester – Everton (2-0) drog gjennomsnittet ned.

Storscoraren i legenden Jimmy Greaves scora sitt første hattrick i jula 1957. Då spela han for Chelsea, men det var for Tottenham han spela i dei fleste åra i sin lange karriere

Målrike kampar har det elles vore flust av i julerundane. Legendariske Jimmy Greaves scora sitt første hattrick (han scora faktisk fire mål) då Chelsea also Portsmouth 7-4 første juledag 1957. Greaves vart seinare toppscorar i ligaen heile seks gonger, dei fleste med Tottenham.

John Duncan scora seks mål då Leicester slo Port Vale 7-0 2. juledag i 1924. Og Oldham sette rekord for liganivå 4 med 11-0 over Southport Boxing Day 1962.

Første juledag i 1937 møttest Chelsea og Charlton. Utover i andre omgang vart den velkjende London-tåka tjukkare og tjukkare. Charlton-keeper Sam Bartram såg til slutt knapt nok forbi sin eigen 16-meter, og registrerte dermed lite av det som foregjekk der ute

Brått fekk han besøk av ein ”bobby” – ein patruljerande politimann – bak målet sitt. ”Excuse me, sir”, sa politimannen på sin utsøkt britisk høflege måte, ”your boss asked me to tell you that you may leave the pitch now, if you want. The others did so ten minutes ago”.

Bartram hadde ikkje fått med seg at kampen var avbroten.

-Eg syntest det var litt stille der framme, men eg trudde vi pressa dei så hardt at alle var langt ute i skodda, forklarte Bartram etterpå.

Den mest spesielle av alle kampar ein første juledag gjekk av stabelen i Frankrike i 1914. Det var første vinteren i første verdskrigen, og tyskarane og engelskmennene låg langs vestfronten og skaut granatar mot kvarandre.

Men i fellesskap bestemte partane våpenkvile på juledagen. 100.000 soldatar frå begge sider la ned våpna og kraup opp av skyttargravene sine.

Mange stod oppe på bakken på nøytral grunn og song julesongar. Men nokre gjekk lenger. Det britiske 133. regiment og den tyske 6. Jäger-bataljonen møttest i den nøytrale sona til fotballkamp. Ifølgje det sparsame referatet frå kampen overrekte dei også gåver til kvarandre før kampen. Engelskmennene fekk to fat med øl, tyskarane fekk engelsk plumpudding. Det høyrest ut som om det var noko engelskmennene kom best ut av…

Så spela dei kampen. Tyskarane vann, referata varierer mellom resultata 3-2 og 2-1.

Deretter takka dei for kampen, ønskte kvarandre god jul, rusla tilbake til skyttargravene sine og begynte å skyte på kvarandre igjen.

Har DU ei historie knytta til julefotball i England?

Her scorer Blackburn det tredje målet i 8-2-seieren over West Ham på Boxing day i 1963 - den mest målrike runden i engelsk toppdivisjon nokonsinne

Blackburn scorer sitt tredje mål i 8-2-sigeren over Weat Ham på Boxing Day i 1963. Aldri har det vore scora fleire mål i øvste engelske divisjon enn denne dagen

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Kampen som forsvann i skodda – og andre historier frå engelsk julefotball

  1. vargas12 sier:

    Video-

    link to vargas12.com

    På det personlige plan har jeg opplevd å bli skjenket full av ville Wolves fans på nittitallet da «VikingWOLVES», den norske fansens medlemsklubb var på tur til Wolverhampton. Pub-eieren likte hornene vi hadde i hjelmen og lurte på om han kunne få servere ølet vi bestilte i disse. Det fikk han…
    Ubetalelig opplevelse. Wolves spilte tre kamper og klarte uavgjort i samtlige!

    Svar
  2. Åsmund L sier:

    Bildeteksten på øverste bilde: Blackburn mot… Weat Ham? Aldri hørt om disse Weat gutta 😛

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *