Min første finale – eller ein Brann-tilhengars vesle sidesprang

Ingvald Huseklepp, Brann (far til Erik) i kamp med Sogndals Johan Johannesen

Cupfinalen i 1976 har ein heilt spesiell plass i norsk fotballhistorie. Aldri før eller sidan har eit lag frå nivå 3 i norsk fotball spela seg heilt fram til cupfinalen. Men dette året hadde Sogndal klart det, og motstandar var attpåtil storebror og erkerival Brann. Og eg fekk vere med på den historiske hendinga.

Min Brann-lojalitet vart sett på ei hard prøve. For dette var David mot Goliat. Alle, bortsett frå innbarka Brann-fans, håpa på den store skrellen og Sogndal-siger. Eg var då som no Brann-tilhengar, det var ingen problem så lenge det avgrensa seg til kampar mellom etablerte topplag.

Men dette var noko heilt anna. For når eit 3. divisjonslag endeleg hadde klart å kome til cupfinalen, var det frå mitt eige fylke. Sogn og Fjordane er ikkje større enn at det også kjendest som om det nesten var frå mitt eige lokalmiljø.

Derfor er det på sin plass å tilstå det no: Denne gongen var eg Sogndal-tilhengar. Og skulle eg håpe at Sogndal vann, måtte eg også håpe at Brann tapte. Eit lite sidesprang, eit eingongstilfelle.

Det som var sikkert, var at denne gongen skulle eg til finale på Ullevaal. Uansett. For dette kom til å bli stort.

Billett vart booka som pakke, ein pakke som inneheldt kampbillett, buss og hotellfrukost i Oslo. Alt det kosta 600 kroner – ei merkbar utgift for ein student midt på 70-talet.

Det betydde avreise seint laurdag kveld, og ni timar i ein overfylt buss. Heilårsvegen over Strynefjeller var enno ikkje opna, og gamlevegen skulle eigentleg vore vinterstengd. Men Vegvesenet heldt gamlevegen open ei veke ekstra på grunn av cupfinalen, og vi slapp gjennom. Sjåføren tillét til og med pissepause i kuldegradene og is-vinden der oppe på det snødekte snaufjellet.

Søvn vart det heller lite av, og bussen var framme i Oslo til hotellfrukosten som også inngjekk i billettprisen. Så bar det til Ullevaal, der det framleis var tre timar att til kampstart.

Ein så stor fotballkamp med så mykje folk var heilt nytt for meg. Det aula overalt, det myldra. Og det vart hoia, brølt og sunge, av grupper med svartkvite skjerf og sognamål, og av digre hopar med raudkledde folk med skarrete Bergens-dialekt. 

Litt av eit kultursjokk for ein som berre hadde sett cupfinaler på fjernsyn, og elles stort sett berre gjekk på Eid sine kampar i 3. og 4. divisjon.

Der hadde eg sett Eid – Sogndal i 3. divisjon saman med eit hundretals tilskodarar tidlegare i sesongen, før dei var begynt å slå ut topplag på vegen mot Ullevaal. Og eg hadde fått med meg Sogndals kamp mot Start i kvartfinalen, der 5600 tilskodarar på provisoriske tribuner, lastebilar, pallar, fruktkasser og i epletre hadde heia laget fram til siger.

Det var stort. Men dette var mykje større.

Datoen var 24. oktober, og det var vått og surt i hovudstaden. Det hadde det vore ei godt sund, og Ullevaal-matta bar preg av det. Ei stund hadde det vore tvil om finalen i det heile teke kunne spelast, men banemannskapa hadde fått det til på eit vis. Ei blanding av sagflis og sand dekka til dei partia som såg verst ut, og kampen skulle spelast.

17.700 tilskodarar – fullsett Ullevaal på den tid – fekk sjå ein kamp som aldri vart velspela, men som tok det att i dramatikk og nerve. Kampen vart akkurat så dramatisk som ein finale skal vere.

Min billett plasserte meg midt blant Sogndal-fansen i svingen bak målet sogningane spela mot i første omgang. Der var det lite grønt gras, men tilsvarande mengder sand og sagflis. Det regna lett, trur eg, og var surt. Men det var det ingen som merka. For det var stadig vekk action der nede framfor Brann-keeperen. Og det var mykje støy rundt meg.

Ingen mål før pause. – Men Sogndal var best før pause, vedgjekk Branns kaptein Ivar Austbø etterpå.

Stemninga var om mogeleg endå meir intens då spelet tok til att i andre omgang. Midt i Sogndal-leiren var det umogeleg å ikkje bli riven med: Her var det Sogndal som gjaldt. Også frå den ”nøytrale” delen av tribunen var det betydeleg større støy når Sogndal var i angrep enn når Brann var det. David SKAL vere meir populær enn Goliat!

Så scora Brann. No heldt dei seg rett der nede framfor meg. Bjørn Tronstads innlegg til Steinar Aase som banka ballen inn frå eit par meter. Raskt og effektivt, men ikkje drepande.

Eg hadde sjølvsagt sett horden av Brann-fans i motsett sving heile tida, men det var først no eg høyrde dei. Var kampen avgjort no?

Nei, på ingen måte. Sogndal hadde krefter igjen, trass i myra som vart tyngre og tyngre utpå der.

Ti minutt før slutt kom sekundet heile Sogn og Fjordane framleis hugsar: Willy Ljøsnes presise hjørnespark landa på panna til Knut Christiansen. Headinga sat i nettaket midt i mål. Ullevaal løfta seg. Og det unisone brølet frå fjordfylket i vest kunne – nesten – registrerast av jordskjelvstasjonen på Kjeller….

Eg er eigentleg usikker på kva som skjedde i dei neste minutta. Alt var kaos, iallfall i mylderet rundt meg. Sogndal var kanskje i ferd med å klare det umogelege: Ta cupgull som 3. divisjonslag. Slik skulle ikkje vere mogeleg.

Det var det ikkje heller. Tre-fire minutt før full tid: Austbø heada framover, ein Sogndal-forsvarar vurderte situasjonen ørlite feil, og brått var Bjørn Tronstad åleine med keeper. Tronstad hadde til og med tid til å runde Leon Hovland, og kunne trille ballen over den gjørmete målstreken.

Då var det gjort. Det var ikkje tid for Sogndal å kome tilbake – ikkje krefter heller. Det vart 2-1 til Brann.

For ein som hadde sett sin første cupfinale ringside, var alt framleis kaotisk. Det kokte og bobla overalt. Men eg meiner å hugse at det ikkje var mykje depping å spore hos dei mange med kvite og svarte skjerf. Tap, javel – men alle visste at dei hadde opplevd at vesle Sogndal hadde skapt fotballhistorie.

Og eg visste at eg hadde vore med då det skjedde!

Resten av finaledagen er det ikkje så mykje å seie om. Eller rettare sagt, eg hugsar ikkje stort. Vi fann tilbake til bussen, som var like stappfull som turen austover natta før. Men skilnaden var at no sovna alle – underteikna inkludert – straks bussen tok til å køyre. Utladninga var stor, kaoset på Ullevaal hadde tatt sitt. Og Gudbrandsdalen var lang.

Men Vegvesenet sine brøytebilar hadde framleis klart å halde Strynefjellet ope. Truleg var også dei glad då siste cupfinalebussen var passert og veg-folka kunne senke bommane for vinteren.

Natta i senga heime vart kort. Neste morgon var det første buss til Høgskulen i Volda og måndagens forelesingar.

Men dei hugsar eg iallfall ikkje stort frå.

PS: Etter at Sogndal etablerte seg i toppsjiktet i norsk fotball, har eg aldri hatt problem med å heie på Brann når dei to laga møtest.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *