Borte etter 40 år – men blir den sakna?

For andre gong sidan 1971 går årets fotballsesong utan kvalifisering som involverer lag frå dei to øvste divisjonane. Det er det ikkje alle som likar like godt. Eit vesentleg spenningsmoment blir borte, meiner dei.

Derfor er det mange som også ønskjer kvalifiseringskampane tilbake. Sjølvaste fotballpresident Yngve Hallén er blant dei.

Men kvalifisering bryt med grunnleggande serie-tankegang.

Kvalifisering er eigentleg eit framandelement i seriefotballens idé. Serien og tabellen skal fortelje kven som er best over lang tid, og premiere laga ut frå det. Er du på toppen av tabellen ved sesongslutt, skal du rykke opp. Er du sist – eller blant dei siste – rykker du ned. Enkelt og greitt. Også når det er som i år, at all spenning er utløyst før siste runde, i alle fall når det gjeld nedrykk frå eliteserien. Tabellen fortel kven som er best over ein heil sesong, og det er det som skal bety noko.

Vinn-eller-forsvinn-kampane, der alt skal avgjerast der og då, skal overlatast til cupen, og cupfinalen er årets viktigaste enkeltkamp. Dersom ikkje de to beste tilfeldigvis møtest til avgjerande seriekamp heilt på slutten av seriesesongen.

Det er iallfall den grunnleggande ideen bak systemet med seriekampar – alle mot alle over ein heil sesong. Kvifor har kvalifiseriekampane då i det heile tatt eksistert?

Kvalifiseringa dukka opp som ei nødvendigheit då Fotball-Noreg skulle samlast til eitt rike i seriesamanheng tidleg på 70-talet, og eliteserien skulle utvidast frå 10 til 12 klubbar. Den sportslege skilnaden mellom 2. divisjonslaga i Sør-Noreg og Nord-Noreg gjorde at vinnaren i nord måtte slå dei to laga som hadde blitt nummer to i dei to sørnorske avdelingane for å få rykke opp.

1972 kan dermed reknast som ”fødselsåret” for kvalifisering i norsk toppfotball. Rettnok måtte dei to nest siste laga i 2. divisjon i 1971 spele kvalik om å få bli i divisjonen, men det var på grunn av utvidinga.

Etter kvart viste dei beste laga frå Nord-Noreg at dei heldt god kvalitet, og fekk vere med i den landsomfattande og utvida 2. divisjon frå 1979.  Kvalifiseringa heldt fram, ettersom det framleis var tre lag som skulle rykke opp, men den vart redusert til kampar mellom dei to laga som var nummer to i kvar avdeling.

Det var aldri snakk om å kutte ut kvalifiseringa, tvert imot. To år etterpå, i 1981, vart tredje siste lag i eliteserien også involvert. Det skulle møte dei to 2. divisjons-toarane.

1994 er einaste av desse 40 åra som ikkje har hatt kvalifisering for opp- og nedrykk mellom dei to øvste nivåa i norsk fotball. Før 1995 vart eliteserien utvida frå 12 til 14 lag. To lag i 1994 rykka rett ned, fire frå nivå 2 – som no heitte 1. divisjon – opp. Då var kvalifiseringa unødvendig, og vart dermed kutta ut.

Men året etter var vi i gang igjen. 1. divisjons-toarane spela seg imellom om den tredje opprykksplassen.

I 1997 vart 1. divisjon samla til ei avdeling, og dermed var ikkje kvalifisering lenger nødvendig. Tre ned og tre opp – eller kanskje berre to – hadde vore godt nok.

Men Fotballforbundet ønskte å halde fram med kvaliken. Dermed vart det kamp mellom tredje siste eliteserielag og nummer 3 i 1. divisjon.

Kvalifiseringa utvida seg markert frå 2009, då den omfatta fire lag – nummer 3 til 5 i 1. divisjon og det tredje siste laget i eliteserien skulle kjempe om den siste plassen i neste års eliteserie.

Så snudde NFF plutseleg heilt. Frå to sesongar med den mest omfattande kvalik-systemet nokonsinne, vart det plutseleg heilt slutt. Dei to siste i eliteserien skal ned, dei to beste i 1. divisjon opp. Punktum.

Lenger nede i divisjonane har kvalifiseringa eksistert heile tida. Det er det den norske geografien med lange reiser og ofte tungvinte kommunikasjonar som har gjort dette nødvendig.

Men i 2001 vart det slutt på kvalifisering om opprykk frå 2. til 1. divisjon, og frå i år også frå 3. til 2. No er det altså kvalifiserings-fritt heilt frå 3. divisjon og til toppen. Det er serien og heile sesongen som skal avgjere.

Heile neste sesong står på spel for dei involverte laga når opp- og nedrykk skal avgjerast i eit par kampar i vind og høljregn på haustlege og kanskje humpete baner langt ut i november, i styrtregn, stiv kuling eller sludd og snøkave – gjerne alt dette på ein gong.

Slik som i forrige årtusens siste kamp i norsk toppfotball. Vålerenga møtte Sogndal i styrtregn på ei Bislett-bane som nesten var ein einaste stor innsjø. Var det rett at ein ein slik kamp skulle avgjere opp- og nedrykk?

Er det slik det skal vere i serien? Er det ikkje nok at cupen tek seg av dei store øyeblikka?

Saknar DU dei tilfeldige avslutningskampane på ein heil sesongs seriespel – kampane som kan avgjere skjebna til ein klubb for lang tid framover?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *