Siste stikk til Manchester City

I dag styrar Manchester-managarane laga i ein kamp som også kan avgjere kven som blir seriemeister.

Manchester-debyet mellom City og United er alltid spesielt. Men i vinter kan desse kampane også avgjere kven av laga som blir seriemeister. Det er snart 44 år sidan sist det skjedde.

To av dei mange Manchester-duellane opp gjennom historie skil seg ut i minnet mitt:

11. mai 1968: Regjerande ligameister United og langt mindre meritterte City toppar tabellen på lik poengsum, med City i leiing på betre mål-gjennomsnitt, som galdt i England på den tid. Klokka 15 denne laurdagen går siste serierunde.

City har ei tilsynelatande vanskeleg oppgåve mot Newcastle på St. James Park oppe i nordaust. United får besøk av Sunderland på Old Trafford. Nervane er i heilspenn hos tilhengarane av begga laga. Ingen har råd til glipptak i den aller siste kampen.

Det blir spennande, men ikkje så spennande som venta etter at kampane har begynt. City er knusande overlegne i Newcastle, og lenge før slutt er det sikkert at dei vil vinne, sjølv om Newcastle reduserer eit par gonger på slutten. City vinn 4-3. Samstundes skuffar United sitt heimepublikum og blir slått 2-1 av Sunderland.

Trøysta er at det ikkje hadde hjelpt om dei hadde vunne. Mål-gjennomsnittet er for dårleg.

United hadde vore i teten det meste av sesongen, og vann 2-1 borte i det første byderbyet 30. september. Men i returkampen 27. mars tok City revansje med 3-1 på Old Trafford, det skulle vise seg å bli avgjerande mot George Best & Co. For derfrå og inn tok City gradvis innpå serieleiar United, fram til dei låg likt to rundar før slutt i den spennande innspurten.

27. april 1974:  Manchester-laga møtest på Old Trafford i aller siste serierunde. United har hatt ein fæl sesong og må vinne for å ha ein sjanse til å unngå nedrykk. City er ikkje så veldig mykje betre, men er iallfall utanfor nedrykksfare.

Fire minutt før full tid scorar City kampens einaste mål. Og målscorar er ingen kvensomhelst, nærmast tvert imot. Det er sjølvaste Dennis Law – ein av dei store heltane frå Uniteds storlag med to ligameisterskap og ein europacup-triumf på 60-talet – som ødelegg alt for Manchester United.

Skotten har no gått til byrivalen, der han også starta si profesjonelle karriere på 1950-talet.

Så scorar han – ei vakker scoring på hælspark – og sender sitt gamle lag ned. Han blir umiddelbart bytta ut, og spelar aldri meir ligafotball.

United-tilhengarane invaderer bana, og kampen må avbrytast. Dei fire siste minutta blir aldri spela. Men resultatet blir ståande, og United må ned.

United og City har møtt kvarandre i tallause derbykampar. Det første gjekk av stabelen 12. november 1881. Då møttest West Gordon og Newton Heath – som seinare blei Manchester City og Manchester United. «The Heathens» vann 3-0.

Ingen av klubbane var med då ligaen starta opp i 1888, men begge klubbane blei tatt opp som medlemmer i 1892 – United i 1. divisjon, City (som i denne perioden heitte Ardwick) i 2. Første ligamøtet hausten 1894 vart vunne av United med 5-2.

Men det var først i desember 1906 at dei møttest for første gang i ligaens øvste divisjon. City vann 3-0, og i avisreportasjane frå kampen vart det gjort eit poeng av at billettinntektene for kampen var over 1000 pund – eit gigantbeløp på den tid.

Rivaliseringa var ikkje så veldig stor til å begynne med, og før krigen var det vanlig for fotballinteresserte Manchester-folk å gå på City-kamp den eine laurdagen, og på United-kamp den neste. Seinare har rivaliseringa blitt større, som kjent.

Spør du ein City-tilhengar i dag, vil du få vite at United er blitt «for stor» og at deira tilhengarar høyrer til stort sett utanfor byens og Englands grenser, medan det er City som er byens lag. Spør du ein United-tilhengar, får du vite at dette er sprøyt og vås frå ende til annan, og at United er klart størst også på det lokale plan. Alt anna er tullprat som berre bygger på misunning frå City-leiren, får du som tilleggsopplysning.

Ikkje mindre enn 23 spelarar har spela for begge klubbane. Og sjølvaste Matt Busby – manager-legenden som overlevde flystyrten i München i 1958 og som deretter bygde opp Uniteds storlag dei ti neste åra – spela for City som aktiv, og tok mellom anna cupgull med dei lyseblå i 1934.

Det har vore mange episodar i desse derbya i Manchester. Ein av dei var i mars 1974. Då rauk Citys Mike Doyle og Uniteds Lou Macari saman i ein uvanleg intens nevekamp. Begge vart utvist, og begge nekta å forlate bana. Dommaren trakk begge laga i garderoben, og der blei der heilt til begge spelarane aksepterte utvisningane.

Sidan Alex Ferguson vart United-manager i 1986 og Premier League vart etablert i 1992 er det United som har teke over hegemoniet i byen fullt og heilt. 19 gonger har dei blitt ligameister, City berre to.

City har ofte vore på nivå 2, eit par sesongar heilt nede på nivå 3, og derfor har dei slett ikkje alltid møtt kvarandre i ligaen. Dei har heller ikkje møtt kvarandre i cupfinaler. Semifinalene i 1926 og i vår er det nærmaste dei har kome i FA-cupen. I ligacupen har dei møttest i semifinaler i 1969 og i 2010.

No er City med sine pengesterke sjeikar på nytt eit topplag. I år kan derfor Manchester-derbya igjen bli avgjerande for om det blir byens raude eller byens blå lag som går til topps. Første stikk skal delast ut søndag ettermiddag når laga møtest for 161. gong i obligatoriske kampar, og for 145. gong i ligasamanheng.

PS: Mål-gjennomsnitt (goal average) var måten å skilje lag på same poengsum i Storbritannia. Talet på scoringar vart delt på talet på baklengsmål, og desimalen i svaret var utslagsgjevande. Høgaste desimal-tal var best. England gjekk over til å rangere etter vanleg målskilnad i 1976.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Premier League, Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *