6 grunnar til å ikkje sortere bøker etter farge

Denne overskrifta er litt sjølvmotseiande. Eg elskar fargar! Og ting som er sortert etter farge fascinerar meg og gjer meg veldig glad og eg får lyst til å ete opp det for det ser ut som godteri! Eg er veldig glad i å sortere ting etter farge. Kjolane mine heng i klesskapet sortert etter farge. Garnet mitt er sortert etter farge. Fargeblyantane mine er sortert etter farge. Neglelakkane mine er sortert etter farge.

Men ein plass går grensa. Grensa går i bokhylla.

En av kandidatene til Norges fineste bokhylle. http://www.flickr.com/photos/nrkbok/611536053



Gjesteblogger Ingrid Saltvik Faanes har mastergrad i teatervitskap. Det gir ho carte blanche til å drikke raudvin – sjølv på formiddagen. På ettermiddagen rosablogger ho om teater på Frontlosjen, gjerne med ein akademisk bismak. Her gjer ho deg seks gode grunnar til å ikkje sortere bøker etter farge.

1 Det er ikkje fornuftig
Det gjeld å skilje mellom kva som er fornuftig fargesortering og kva som ikkje er fornuftig fargesortering. I bokhylla er det ikkje fornuftig.

2 Det ser meir teit enn fint ut
Dette er ein trend som har dukka opp i interiørblader, bloggar og … bokhyller dei siste åra. Joda, det ser jo for så vidt fint ut, og ryddig. Bokhylla blir som ei vitaminbombe i stova. Eller, ja, ein trur det ser fint ut. Seier litt om kva som er viktig, utsende eller innhald. Og som kjend skal ein ikkje dømme ei bok på coveret. Derfor ser det meir teit ut enn fint.

3 Kva seier det eigentleg om bokhylleeigaren
Det å ha eit stort bibliotek ser jo ser flott ut og kan seie noko om personane som bur i heimen, dei er intellektuelle og beleste. Er bøkene sortert etter farge seier det det og ganske mykje om bokhylleeigaren; ho (ja eg seier ho, mine fordommar seier at 90% av dei bryr seg om korleis bøkene er sortert på den måten er kvinner (gjerne med ein husmor/interiørblogg)) er meir oppteken av utsjåande enn innhald, og det estetiske framfor det som er praktisk.

En annen kandidat til Norges fineste bokhylle. http://www.flickr.com/photos/nrkbok/6099448844

4 Det blir rotete
Kor gjorde eg av Menneske og maktene igjen? Jo, den står ved sidan av Hundred flowers to knit and crochet. Og trilogien til Anne B. Ragde har blitt spredd for alle vindar. Pax leksikon blandar seg med Harry Potter. Engelsk pocket står saman med svensk krim og fantasy minglar med sakprosa. Det blir for så vidt enkelt med Maos lille raude og Fifty Shades of Grey, men utover det er det ikkje mange bøker med fargar i titlane.

5 Det blir full forvirring
Og kor skal ein gjere av dei bøkene som har fleire fargar?

6 Du finn ikkje det du vil ha
Når det går så langt at ein kjøpar ei bok utelukkande på fargen, fordi det mangla nokre blå bøker. Da er det på tide å stoppe opp og tenke seg om eit par gong. Og eg snakkar av erfaring, eg fekk lyst til å prøve dette sjølv. Men med filmhylla. Problemet er at dei alle fleste filmcovera er svarte, så det heile vart eitt dystert prosjekt. Også fann eg aldri den filmen eg ville ha.

Det er vel ein grunn til at på biblioteket finn du bøker etter sjanger og forfatter.

Her er bokhylla som blei kåra til Noregs finaste!

Kva er di mening om å fargesortere bokhylla?

Dette innlegget ble publisert i Bibliotek, Gjesteblogg, Humor, Trend og merket med , , . Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til 6 grunnar til å ikkje sortere bøker etter farge

  1. Tilbaketråkk: 6 grunner til å fargesortere bøkene dine | bokmerker.org

  2. Mariane sier:

    …jeg sorterer sånn omtrentlig etter type (reiselitteratur et sted, filosofi, bøker om monster, dyr og mytologi, kunst…), så etter farge… mest fordi jeg vet jeg ofte ikke kommer på tittelen på en bok og noen ganger ikke helt hvem som skrev hva men men husker som oftest bak i hodet et sted hvilken farge den har og omtrent hvor i boka det står;) Funker bra for meg;) og, ja, skrivebordet mitt er et deilig kaos…! og finner oftest fram, ja;)

  3. Marianne sier:

    Det er tåpeleg å sotrere bøker etter farge. Av alle grunnar lista over her, samt nokre til:

    1. Eg veit ikkje korleis mitt private bibliotek fordeler seg fargemessig, men eg vil tru det ville vore nær umogleg å få til noko fint ut av fargene, som heilskap.

    2. Innkjøp av nye bøker ville skape trøbbel i fargeskalaen, i tillegg til det vanlege trøbbelet: ikkje meir plass i hylla.

    3. Eg har nokre bøker eg har lese så monge gonger at ryggen er vekk. -Korleis skulle eg kunne finne att ei bok utan rygg, viss ho ikkje var sortert etter forfattar? Og kva for eit estetisk signal ville det sende ut med bøker utan rygg samla saman i hylla?

    4. Nei takk, den boka vil eg ikkje ha, for ho er ikkje lilla.

    Takk for hjelp med å eliminere sorteringsprinsipp for bøker i den nye heimen min!

  4. Eli Hovdenak sier:

    Det er helt ok. Lukket i hylla er boka en tingest med ett utseende og farve. Åpen er den en egen verden. Bokas verden mister ingenting på å plasseres blandt fremmede verdener halvmeteren unna sine nærmeste verdener.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *