Washed Out. Foto: Dan Wilton

Washed Out. Foto: Dan Wilton

Washed Out til Pstereo

Trondheimfestivalen har klart å hanke inn Washed Out.

Skrevet av:
Publisert 6:00 3 august, 2011

Mannen bak kunstnarnamnet Washed Out er 28 år gamle Ernest Greene frå den vesle byen Perry i Georgia. Då han i 2009 var så blakk at han såg seg tvungen til å flytte heim til mamma og pappa, byrja han å produsere songar på guterommet sitt. Til alt hell hadde kompisen hans Chaz Bundick (Toro Y Moi) allereie skapt seg eit navn og kom til å redde karrieren til Green då han la ut kompisen sin musikken på si eiga side. Ernest Greene vart raskt ein favoritt blandt diverse musikkbloggarar, og snart landa han ein gullkanta avtale med plateselskapet Sub Pop Records i USA.

Debutplata Within and Without har blitt tatt gledeleg i mot av blandt anna Pitchfork som skriv at albumet er: «Trip-hop intended for making love rather than fucking». Washed Out har klart å selje plater i bøtter og spann til tross for at han er ein chillwave-artist i ei tid der chillwave eigentleg er litt på veg ut. Dette kan henge saman med at Washed Out sitt lydbilete er meir kompromisslaust kollegaene som Neon Indian og Toro Y Moi. Legg ein til at han har innslag av beats a la band som Memory Tapes og Glass Candy, så skjønar ein kanskje grunnen til suksessen.

Vår anmeldar Trine Aandal meinte at Within And Without er en behagelig utgivelse som kler sommeren, men som også viser at Washed Out har et stykke igjen å gå på det låtmessige plan, og plata fekk ein fin firer.

No kan trondheimfestivalen Pstereo skryte av at den kritikarroste artisten har vald dei når han vitjar landet for første gong. Pstereo får i tillegg besøk av elektropunkduoen Death from Above 1979, Santigold, Håkan Hellström, Lissie og Best Coast.

Washed Out – Eyes Be Closed
Washed Out – «Eyes Be Closed» by Stereo/Pirate

Tags: , , , , , ,

Del "Washed Out til Pstereo"
 

3 kommentarer på “Washed Out til Pstereo”

  1. marthine sier:

    elsker elsker elsker dere Pstereo!

  2. petimeter sier:

    Det er rett og slett en hinsides bra booking!

  3. morten sier:

    Within & without er årets lydspor til min sommer, dette blir magisk!

Legg igjen en kommentar