PJ Harvey - Let England Shake
PJ for president
PJ Harvey er tilbake med eit album dynka i rustenraudt blod frå slagmarka. Og for eit album det er.
Det siste me høyrte frå soloartisten Polly Jean Harvey, var albumet White Chalk frå 2007. Her bytta ho ut gitaren med pianoet, og la grunnlaget for nokre fantastiske konsertopplevingar – seansen i Operaen i 2008 vil nok seint gå i gløymeboka til dei som var der. Med si siste innspeling har den musikalske karriera til Harvey teke ei ny vending. Blikket er ikkje lenger fiksert på sjølvet, slik det i stor grad har vore i hennar tidlegare arbeid, men stirrar istaden intenst på den forkrøpla verda artisten befinn seg i. Og resultatet? Det er strålande.
Let England Shake må nesten reknast for eit konseptalbum å vera. For det handlar om krig, frå fyrste til siste spor. Harvey tek oss med gjennom eit landskap bestrødd av lemlesta og livlause kroppar, der størkna blod frå fyrste verdskrig igjen vert fuktig av blodet til soldater som har mista livet i Afghanistan. I skuggane skjuler storpolitikken seg, medan den menneskelege lidinga, dei unge enkene, desperasjonen og heimlengselen står ute i grellt dagslys.
Tonen vert umiddelbart slått an av åpningssporet «Let England Shake». Musikalsk trekk det inn eit vidt spekter av referansar, frå engelsk folk til amerikansk minstrel, medan Harveys profetiske røst spår at «England’s dancing days are done». I samme andedrag vert ein ung soldat sendt ut til fronten – ein soldat me stadig møter igjen seinare i albumet, enten han prøver å gløyme kva han har sett og gjort i «The Words That Maketh Murder», eller stirrar ut over det aude ingenmannslandet i «Hanging In The Wire». I den uforståeleg vakre «In The Dark Places» ser han tilbake på dei som kom tilbake, og dei som ikkje gjorde det.
PJ Harvey sett med Let England Shake spørsmålstegn ved kva det vil sei å vera engelsk. Det heroiske og edle ved å døy for fedrelandet vert kontrastert med den brutale røynda ein møter på slagmarka. «Godamn Europeans! Take me back to England and the grey filthiness of ages», syng ho på det suverene andresporet «The Last Living Rose», medan ho i «The Glourious Land» slår fast at heimlandet er tufta på marsjerande føtter og foreldrelause born. Imperietida, det tjuande hundreåret og notida vert trekt inn i ein sirkel, der den nasjonale sjølvkjensla stadig støter på dei same utfordringane.
«The Last Living Rose»:
Albumet er spelt inn live i ei kyrkje i Dorset, med PJ Harveys faste makkerar John Parish, Mick Harvey og Flood med på laget. I sitt musikalske uttrykk er Harvey friare og meir ledig enn nokonsinne, og arrangementa er stemningsskapande, utfordrande og heilstøpte. Folkpreget heldt taket gjennom heile albumet, med ei dronande autoharpe og ein vokal i ytste register som gjengangarar, medan tekstane er konsekvent sylskarpe. Det heile er brutalt og raffinert på same tid, og av dei tolv spora er det ikkje eitt utan ein klar funksjon i heilskapen.
Let England Shake er PJ Harvey på sitt aller beste. Det er tidlaust, vakkert og gjennomført, frå fyrste til siste trommeslag.
Maria Horvei
Tags: anmeldelse, Let England Shake, Lydverket, Maria Horvei, PJ Harvey, plate
Enig, så enig! Fantastisk plate.
Men: konserten i Operaen var vel inne i selve operaen, ikke på taket?
Det stemmer sjølvsagt, gjekk litt fort i svingane der:)
Herregud, så fett….
Har fulgt henne i alle år, blir jo bare bedre og bedre.
POLLY JEAN!
Polly Jean Harvey kan beskrives med en tittel og det er Dronninga av Alternativ Rock For ei dame. Hva hadde verden vært uten PJ Harvey ? Får gåsehud av å høre på det nyeste albumet. Vakkert
[...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Silje Karlsen. Silje Karlsen said: Laster ned dette på iTunes og lurer på hva som skjer:) http://www.nrk.no/lydverket/pj-for-president/ [...]
gøy. gleder meg til å høre
Forferdelige greier!!!!
Støtter toppkarakteren. Fantastisk album.
har ikke hørt albumet, men denne videoen høres ut som et strevende middels skoleorkester, med en-finger spill på gitaren . . . . . for meg uforståelig hva som er så bra med dette ?
Flere fingrer på gitaren trenger da strengt tatt ikke bety bedre musikk! Simpelt, atmosfærisk, rytmisk og ikke minst velprodusert. Det er hva som er bra med denne musikken.
Vil tro at det er ganske mye som er uforståelig for deg. Nei, det er ikke enfinger spille på gitaren, du vet åpenbart ikke hva du snakker om. Og når du slenger om deg påstander som at dette høres ut som «t strevende middels skoleorkester» så blir det hele bare veldig pinlig. Kanskje du burde begrense deg til å kommentere ting som ikke er uforståelig for deg?
Dette makkverke får MAX en toer fra meg. Elendig musikalsk set og teksten et mislykket forsøk på å være oriinal men klisjeene florerer. huff
http://www.youtube.com/watch?v=SONt7426JcY
Dette er et fantastisk album!
1. albumet som passer for døve!
Døv eller ikke, dette er en dritbra plate. Les mer her: http://krakelurium.wordpress.com/2011/02/15/england-rister/
[...] Les vår anmeldelse av Let England Shake her PJ Harvey. Foto: Screenshot [...]
Og hvor er bassen? Høyst middemådige greier.
Hahaha, huffda, var PJ så frekk at ho valde å lage musikk utan bassgitar før ho spurte deg om lov? Dama har sin eigen sound! Prøv å sette deg inn i kva sjanger ho opererer innanfor og kva lydlandskap vi skal inn i, før du bestemmer deg for at «man må da ha bass!!!». Dei som ikkje anar kor mykje PJ Harvey har betydd, og fremdeles betyr, for indierocken, kan slutte å kommentere pinleg idiotiske «kritikkar»!
Fantastisk album.
[...] Les hele anmeldelsen: PJ for president [...]
[...] Les anmeldelsen: PJ for president (6/6) [...]
[...] Prize er en albumpris og hun får den for plata Let England Shake – en utgivelse Lydverket ga terningkast 6 da den kom i [...]
[...] Men å komme ut av den britiske talentfabrikken, eller å ha vunnet eller vært nominert til priser, er tydeligvis ingen garanti for at man har innsikt i britisk musikkhistorie. Jessie J aner nemlig ikke hvem det britiske rockeikonet PJ Harvey er, eller hva prisen hun mottokk i forrige uke er for noe. Tirsdag fikk Harvey nemlig Mercury-prisen, en anerkjent og prestisjetung pris, for albumet Let England Shake. [...]
[...] Les Lydverkets anmeldelse av albumet her (6/6). [...]
[...] Les anmeldelsen: PJ for president (6/6) [...]
[...] viser uten Vile Drake – Crew Love Drake dreper det PJ Harvey – The Last Living Rose PJ for president! Frank Ocean – Swim Good Hopp i [...]