Klart for cupsjokk igjen?

Årets FA-cup sparkar i gang i helga, og FA-cup betyr cup-sjokk – eller giant killings, som det heiter.

Jermaine Beckford scorer for Leeds mot Manchester United på Old Trafford i 2010. Leeds vinner 1-0 - tidenes cupsensasjon?

FA-cupen har alltid vore velsigna fri for seeding. Alle har lik sjanse til å møte kvarandre, heime- og bortekampar blir fordelt etter kven som kjem først opp av hatten. Og første kamp går uansett berre i 90 minutt, først i omkampen er det ekstraomgangar og straffespark.

Inn til tidlig på 1990-talet var det aldri snakk om straffer. Då var det ny omkamp heilt til det vart kåra ein vinnar. Rekorden har Oxford City og Alvechurch i 1. runde i 1971-72. Der vann Alvechurch 1-0 i den sjette kampen, og etter 11 timars spel.

Den rekorden vil aldri bli slått, ettersom talet på omkampar no er avgrensa til ein. Men Chesterfield og Droylsden gjorde eit tappert forsøk i 2009.

Første kamp: Avbroten i pausen, skodda vart for tjukk. Droylsden leia 1-0.

Andre kamp: Den enda 2-2. Chesterfields 2-1-mål var så kontroversielt at dei tillet Droylsden å trille ballen i mål utan motstand like etterpå.

Tredje kamp: Avbroten då flomlyset svikta 19 minutt før slutt. Chesterfield leia 2-0

Fjerde kamp: Droylsden vann 2-1

Femte kamp (utkjempa på skrivebordet): Droylsden hadde gløymt at ein av spelarane skulle ha stått over kampen etter ei utvisning. Klubben vart diska frå cupen, og Chesterfield gjekk vidare!

Det er eigentleg feil å seie at FA-cupen sparkar i gang i helga. Den har vore i gang sidan august med førkvalifiseringar, fire kvalik-rundar og to ordinære rundar. Men det er i 3. runde laga i dei to øvste divisjonane kjem inn.

Kva er dei største cup-sjokka gjennom tidene? Kampane der nederlagsdømde David klarar å slå Goliat? Det skjer kvart år, men nokre resultat er meir sjokkerande enn andre. Du får dei også i år, garantert.

Her er mi topp 10-liste over cupsjokk:

1.  3.runde 2010: Manchester U – Leeds 0-1. Manchester United leia Premier League, Leeds sleit med å henge med i toppen av nivå 3. Leeds kom til Old Trafford og satsa på kontringar. Jermaine Beckford avslutta ei av dei med mål etter ein halv time. Og United makta aldri å score. Det må vere tidenes cupbombe.

2.  3.runde 1989: Sutton – Coventry 2-1. Sutton heldt til på nivå fem, medan Coventry på den tid var etablert i toppdivisjonen, og var cupmeister så seint som to år tidlegare. Tony Reins heada Sutton i leiinga rett før pause. David Phillips utlikna, men kvarteret ut i andre omgang sende Matthew Hanlan vertene i leiinga igjen. Coventry bombarderte Sutton-målet i sluttminutta, men kom ikkje nærmare enn to stolpeskot. Gjett om publikum storma bana etterpå.

Fotnote: NRK kasta seg rundt og valde Norwich – Sutton som tippekamp i 4. runde. Norwich vann 8-0…

3.  5.runde 1972: Colchester – Leeds 3-2. Leeds’ storlag frå 1965 til 1975 var ikkje van med å tape, men mot nivå 4-laget Colchester gjekk det gale.  Tidlegare landslagsspelae Ray Crawford scora to gonger og Dave Sommins ein, og Colchester leia med sjokkresultatet 3-0. Norman Hunter og John Giles reduserte to gonger, men keeper Graham Smith heldt sitt bur reint resten av kampen.

4. 3.runde omkamp 1986: Birmingham – Altrincham 1-2. Altrincham var på 70- og 80-talet kjent for å slå ut ligalag i cupen, men dette var likevel ei atombombe. For Birmingham var på toppnivå, Altrincham på nivå 5. Kevin Ellis sende Altrincham i leiinga. Så overtok Briminghams Bob Hopkins. Først utlikna han, deretter sende han ballen bak sin eigen keeper – ein ung mann ved namn David Seaman. 2-1 til gjestene stod seg, og Birminghams manager fekk sparken. Og seinare har aldri eit toppdivisjonslag tapt for eit non-league-lag heime.

5. 3.runde 1984: Bournemouth – Manchester U 2-0. United var ikkje i 1983 det storlaget dei har vore dei siste 20 åra, men resultatet nede på sørkysten var likevel ein skrell av dei sjeldne. Og United var regjerande cupmeister. Bournemoutth var eit middels lag på nivå 3. Dei hadde ein ung og uerfaren manager ved namn Harry Redknapp. Og Redknapps lag tok ingen heldig siger, dei spela United nærmast av bana etter pause. Milton Graham og Ian Thompson sette inn måla United aldri klarte å svare på.

6.  3.runde omkamp 1972: Hereford – Newcastle 2-1. Hereford – på den tid utanfor ligaen – hadde sensasjonelt halde topplaget Newcastle til 2-2 borte. Returen i Herefordshire var mållaus til åtte minutt gjensto. Då ga Malcolm ”Supermac” MacDonald gjestene leiinga – heilt etter programmet. Men minuttet etter kom kampens store øyeblikk. Ronnie Redford fekk god fart i januar-gjørma, og smelte til frå 30 meter. Skotet var lågt og hardt, og gjekk inn inne ved stolpen. Publikum storma bana. Og i første ekstraomgang snappa Ricky George opp ein ball inne i feltet og scora. George hadde forøvrig kome inn som innbyttar for krigaren Roger Griffiths, som hadde spela 80 minutt med det som etterpå viste seg å vere eit brote bein. Hereford hadde sikra seg plass i 4. runde og historiebøkene.

7.  Finale 1988: Wimbledon – Liverpool 1-0. Sjeldan har ein finalefavoritt vore større. Liverpool var storlaget på 80-talet, og hadde allereie sikra ligatittelen. Wimbledon var oppkomlingen som mot alle odds hadde rykka opp i øvste divisjon to år før. Og på Wembley klarte aldri Liverpool å finne ut av Wimbledons gjennomførte taktikk. Lawrie Sanchez heada inn målet etter ein halv time, og keeper Dave Beasant vart den første som redda straffe i ein cupfinale då han tok skotet frå John Aldridge i andre omgang.

8.  3.runde 1933: Walsall – Arsenal 2-0. Arsenal var det tidlege 30-tals Barcelona, med  fire ligameisterskap på fem år. Walsall var langt nede i nivå 3, men her kriga dei Arsenal i senk. To mål i andre omgang. Arsenals Tommy Black – det var han som ga vekk straffen som ga Walsall 2-0 – gjekk så sur at han vart bortvist frå klubben og seld til Plymouth…

9.  3.runde 1991: Wrexham – Arsenal 2-1. Topp mot botn i ligasystemet. Wrexham hadde enda sist på nivå fire sesongen før, Arsenal var regjerande ligameister. Alan Smith sende gjestene i ei venta føring. Men tidlegare Manchester United-spelar Mickey Thomas – 37 år – og Steve Wadking sette to ballar bak David Seaman i løpet av kampens ti siste minutt. Arsenal var ute, og den vesle walisiske klubben fekk sin plass i rampelyset.

10.  3. runde 1959: Worcester – Liverpool 2-1. OK, Liverpool var på nivå 2 på den tid, men Worcester heldt til langt nede i amatørligaen. Amatørane leia 2-0 ved pause, og sjølv om Liverpool reduserte på straffe i sluttminutta, makta dei aldri å kome tilbake. Liverpools manager Phil Taylor fekk sparken. Mannen som overtok, heitte Bill Shankley….

Andre cupsjokk i FA-cupen:

Leicester – Wycombe 1-2 2001 kvartfinale

Yeovil – Sunderland 2-1 1949 3.runde

Wimbledon – Liverpool 1-0 1988 finale

Blyth Spartans –Stoke 3-2 1978 3.runde

Sunderland – Leeds 1-0 1973 finale

Southampton – Manchester U 1-0 1976 finale

West Bromwich – Woking 2-4 1991 3.runde

Burnley – Wimbledon 0-1 1975 3.runde

Kva er di topp 10-liste over cup-sjokk – eller giant killings eller cupset – i FA-cupen? Fortell!

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Klart for cupsjokk igjen?

  1. Arnfinn Storsveen sier:

    Steve Ogrizovic og Cyrille Regis spilte vel strengt tatt aldri for Sutton, men for Coventry. Ellers en svært god artikkel som vanlig. 🙂

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *