Visste du at meir enn 60 lag har vore innom øvste divisjon i engelsk fotball sidan ligaen starta i 1888? 20 av dei er med i år – men kva med dei over 40 andre? Kanskje du vil mimre litt og ønskjer nokre av dei tilbake.
Engelsk ligahistorie er så uendeleg mykje meir enn Manchester United, Liverpool og Arsenal. Det er lag som Wimbledon, Accrington, Northampton, Leyton Orient, Carlisle, Luton, Bradford, Grimsby, Notts County, Darwen og Glossop. Felles for desse er at dei har spela på øvste nivå i England.
12 lag deltok i den aller første ligasesongen, i 1888-89 – seks frå Midlands, seks frå Lancashire. 11 av dei er kjende namn frå dagens ligatabellar, det tolvte var Accrington FC, som ikkje er same klubb som dagens Accrington Stanley i League Two.
Dei fem første ligakampane vart spela 8. september 1888.
Accrington begynte med 1-2 for Everton på Anfield (!), og spela sin siste ligakamp på Trent Bridge i Nottingham mot Sheffield United 22. april 1893. Så var dei ute av soga.
La oss sjå litt på dei andre klubbane eg nemnde:
Wimbledon kom inn i ligasystemet i 1977, og rykka opp i 1. divisjon (den tids premier league) i 1986. Der heldt dei seg mot dei fleste odds til 2000, og tok også sensasjonelt FA-cupen i 1988. I dag spelar dei i League One som Milton Keynes Dons, men den «eigentlege» etterfølgjaren er AFC Wimbledon, som er ny i League Two i år.
Northampton spela i 1. divisjon i 1965/66-sesongen. Dei brukte fem sesongar frå 4. til 1. divisjon, og fire sesongar på å rykke ned til fjerde igjen. Stort sett har dei elles halde seg på nivå tre og fire. Denne sesongen er dei på nivå 4.
Leyton Orient rykka opp saman med Liverpool i 1962, men forsvant rett ned igjen. Dei rakk imidlertid å banke blivande seriemeister Everton 3-0 på veien. No er dei på nivå 3. Ei litt anna utvikling enn laget dei rykka opp saman med, kan du seie.
Carlisle ytterst i nordvest på det engelske ligakartet hadde ein samansveisa gjeng som var gode på seint 60-tal og tidleg 70-tal, og som rykka opp i 1974. Laget vann sine tre første kampar og leia ligaen. Men trass 12 sigrar heldt det ikkje til ny kontrakt, og opphaldet i toppen vart kortvarig. Carlisle er no på liganivå 3.
Luton er eigentleg ein gammal travar på øvste nivå. Dei var der fem år på siste halvdel av 50-talet, ein einsleg sesong i 1973-74, og lengste opphaldet var frå 1982 til 1992. Dei spela også finale i FA-cupen i 1959, vann ligacupen i 1987 og tapte finalen i same turnering året etter. No spelar dei i Confernce National, nivå fem i England.
Grimsby rykka opp i eliten allereie i 1901, men opphaldet varte i berre to år. Grimsbys store periode var i mellomkrigstida. Dei var i toppdivisjonen frå 1929 til 1948, avbrote av to sesongar på nivå to på 30-talet og i dei sju sesongane då alle fotball var innstilt under og like etter andre verdskrig. I 1935 var dei nummer fem i ligaen, og i 1939 spela dei cup-semifinale mot Wolverhampton for 77.000 tilskodarar på Old Trafford – publikumsrekord på Manchester Uniteds heimebane. I dag spelar Grimsby i Conference National.
Notts County er eldste eksisterande ligaklubben, og har vore innom eliten fleire gonger. Dei var blant dei 12 opprinnelige klubbane frå 1888 og heldt seg der til 1926. To gonger i denne perioden ende dei på tredjeplass. Først i 1981 var dei tilbake på øvste nivå, og debuterte med å slå regjerande ligameister 1-0 borte i serieopninga. Opphaldet varte til 1984. Siste besøk på øvste hylle var sesongen 1991-92. I dag er dei på nivå 3.
Darwen kom med i ligaen i 1891, men opphaldet varte berre ein sesong. 0-12-tapet for West Bromwich er framleis størst i engelsk toppdivisjon (men tangert av Nottingham mot Leicester i 1909). I dag er dei i North West Counties Football League, nivå 10 i England.
Glossop er den minste engelske byen som nokonsinne har hatt eit lag i den engelske toppdivisjonen. Folketalet i dag er 32.400. I 1899 rykka dei opp, men vart sende rett ned igjen etter å ha vunne berre 4 av 38 kampar. Mannen bak klubben den gongen var Samuel Hill-Wood, seinare ein stor støttespelar i bygginga av Arsenal som toppklubb, og bestefar til dagens Arsenal-styreformann Peter Hill-Wood. Men i dag spelar Glossop på nivå 9 i England.
Kva for 20 klubbar ville du aller helst hatt i Premier League? Svaret heng truleg saman med alderen din:
Er du under 20 år og har vakse opp med Premier League og assossierer engelsk fotball med Manchester United, Arsenal og Chelsea først, deretter røkla? Er du rundt 40 og hugsar at også Everton, Aston Villa, Ipswich og til og med Watford kunne kjempe i toppen? Er du omkring dei 60 og minnest at Burnley smatt forbi favorittane og snappa ligagullet i siste kamp i 1960? Har du begynt på pensjonsalderen og følgt engelsk fotball sidan Stanley Matthews og cupfinalen i 1953?
Eller har du – uansett alder – lese deg opp på nostalgisk ligahistorie og veit alt om Oldhams store lag før første verdskrig, Busby Babes’ og George Bests Manchester United på 60-talet, Dixie Deans 60 mål i sesongen 1927/28, og Herbert Chapmans trippel-suksessar med Hudderfield og Arsenal på 20- og 30-talet?
Set opp di ønskjeliste over laga i Premier League. Bruk håp, kjensler, nostalgi, kjærleik, hat – til nød også fornuft. Just do it!