Fem minutt frå himmelen – så sende Tsjekkia oss til helvete

Norge har møtt Tsjekkia fire gonger før, men aldri vunne. Tre tap og ein uavgjort er fasiten. Men det var uavgjort-kampen som var det verkelege nederlaget.

Den store norske nedturen – kanskje den største på heile 90-talet – skjedde seks minutt før slutt på Ullevaal ein augustkveld i 1995, på eit tidspunkt då Norge var blant dei beste i verda. Då som no med Drillo ved roret.

Tsjekkia stilte opp i si første kvalifisering sidan delinga av det gamle Tsjekkoslovakia to og eit halvt år tidlegare.

Det store norske landslaget hadde tatt fire poeng i gruppespelet i VM i 1994. Det var nummer to på verdsrankinga, med berre verdsmeister Brasil framfor seg. Og det leia tilsynelatande klart gruppe 5 i kvalifiseringa til EM i England, der Tsjekkia og Nederland var betryggande åtte og ni poeng bak, men med ein kamp mindre spela enn Norge.

16. august var Tsjekkia motstandar på Ullevaal, i Norges siste heimekamp. Siger var nok til å sikre norsk deltaking i EM for aller første gong. Men siger var også samtidig så godt som nødvendig, ettersom EM-kvalet skulle avsluttast med bortekampar mot Tsjekkia og Nederland seinare same haust. To kampar der det ville bli uhyggeleg vanskeleg å ta poeng.

Norge hadde ikkje tapt ein landskamp sidan 0-1 mot Italia i VM over eit år tidlegare, og var favorittar. Norge hadde spelarar som Erik Thorstvedt, Henning Berg, Ronny Johnsen, Jostein Flo og Øyvind Leonhardsen, og stod med 6 sigrar og 2 uavgjorte i kvalifiseringa då tsjekkarane kom på besøk.

Og då dagens Lillestrøm-trenar Henning Berg sette inn 1-0 (bildet) etter ein snau halvtime, såg heile nasjonen EM i England i det fjerne. Norge spela godt før pause, og endå betre første delen av andre omgang. Dette gjekk Norges veg.

Men spelet og overtaket gav ikkje fleire mål, og det tøffe presset kosta krefter. Mot slutten av kampen gjekk jobben ut på å halde på den knappe leiinga. Om vi hadde klart det, hadde vi gått til himmels, ei utlikning ville sende oss til det andre alternativet.

Vegen til himmelen låg open til det sto igjen seks minutt. Då kom målet som skulle øydelegge alt, absolutt alt, skulle det vise seg. Stopparen Jan Suchoparek sneik seg gjennom det norske forsvaret og sette inn utlikninga. Og Norge hadde ikkje krefter til å slå tilbake.

-Vi vart for feige og for slitne, sa Henning Berg. Som scora etter ein stuss frå Jostein Flo, sjølsagt – det var det som var Norges varemerke i dei dagar.

 -I ettertid ser eg at vi kanskje burde ha sikra litt ekstra bak, sa landslagssjef Drillo.

 -Kjem du til å stille med same laget i Praha? spurde ein tsjekkisk journalist.

-Ja, svara Drillo på engelsk, før han la til på norsk: -Hadde eg hatt planer om noko anna, hadde eg ikkje fortalt han det.

Uansett: 1-1 vart det, og vegen til EM vart plutseleg mykje lenger – veldig mykje lenger. Visst var det gode teoretiske sjansar til EM framleis, men det betinga poeng i minst ein av bortekampane i Praha og Rotterdam. Alle visste at det var ei svært så vanskeleg oppgåve.

Vi visste vel eigentleg at den tsjekkiske utlikninga med eitt spark tok frå oss den EM-plassen vi var seks minutt frå å sikre oss.

Det gjekk då heller ikkje så bra. Tre veker seinare vart det 0-2 i Tsjekkia, og seinare på hausten 0-3 i Nederland. Norges EM-debut skulle ikkje skje i England.

Suchareks scoring var sikkert ikkje det viktigaste og mest avgjerande baklengsmålet i norsk landslagshistorie. Men det kjendest slik den kvelden.

Det var ei mager trøyst at Tsjekkia gjekk heilt til finalen i EM i England sommaren etter, og pressa Tyskland til ekstraomgangar.

Ti år seinare var Tsjekkia igjen motstandar i avgjerande kvalik-kampar. Men denne gongen var ikkje Norge favorittar.

Hausten 2005 var begge laga med blant dei som enda på andreplass i sine grupper i kvaliken til VM i Tyskland, og møttest i playoffen. Eit tannlaust og fantasilaust norsk landslag tapte 0-1 på Ullevaal. I Praha var Norge langt betre og kunne og burde ha vunne. Men Petr Cech i det stekkiske målet gjorde ein av sine store kampar, og Norge tapte på nytt 0-1.

Tar vi med Norges kampar mot det tidlegare Tsjekkoslovakia, står vi framleis med ein dårleg statistikk. Vi møtte dei i Bratislava i 1988 og på Ullevaal i 1991, begge gongane med 2-3-tap som resultat.

På tide å gjere noko med den statistikken, gutar!

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *