Med unnabakken som taktikk

Taktikk kan vere så mangt. For eksempel å dra nytte av at heimebana ikkje ligg like høgt over havet i begge endar. Då har det sine fordelar å spele nedover. Eg såg eit lag som brukte nedoverbakken taktisk, og vann på det. Iallfall såg det slik ut.

Å besøke underskogen av engelske ligaklubbar er ofte ei oppleving i seg sjølv. Du kjem fansen og lokalmiljøet mykje nærmare enn i dei store klubbane i Premier League. Og du får gjerne ei historie eller to som du kan fortelje i dertil eigna forsamlingar seinare.

Denne historia opplevde eg ein varm augustkveld i London tidleg på 90-talet, i andre serierunde i lavaste liga-divisjon, som på den tida heitte Division 3.

Eg hadde tatt undergrunnen til Underhill, Barnets bane heilt nord i London. Inne på puben før kampen var det lett å kome i kontakt med dei lokale tilhengarane, spente som dei var før den første heimekampen denne sesongen. Mot Colchester, ”bøndene” frå det landslege grevskapet Essex rett nordaust for storbyen.

Denne sesongen burde ende med historisk opprykk til nivå tre i ligaen for aller første gong i Barnet. For dei hadde eit godt lag, meinte fansen. – Og dessutan har vi eit hemmeleg våpen, fekk eg vite av ein eldre kar i Barnet-skjorte. Han hadde følgt sin lokale klubb heile livet.

-Hemmeleg våpen?

-Bana hallar nemleg nedover, og det merkbart. Om vi vinn målvalet, vel vi å spele oppover i første omgang. Vi har tatt mange poeng på det, forklarte han.

Eg hadde nok høyrt at bana var av det slaget som ikkje var heilt flat, men der det var ein bakke nedover mot mål. Men at det skulle vere så ille at det var å rekne som eit hemmeleg våpen?

-Mot slutten av kampen blir motstandarane så slitne at dei ikkje orkar å springe oppoverbakke. Då blir det lett match for oss, sa mannen og rusla bort til sin faste posisjon på West Stand, der den harde kjerne heldt til.

Jaja, tenkte eg då eg tok plass på min tribuneseksjon. Fotballfans har mange rare teoriar. Og det er trass alt første heimekamp denne sesongen.

Og så gjekk det akkurat som han sa. Barnet vann målvalet, kapteinen peika utan å nøle på banehalvdelen nederst i bakken, og så starta kampen.

Heilt etter oppskrifta: Gjestene frå slettene nordaust for London var friskast, pressa Barnet godt ned i bakken, og var rett og slett best. Mål fekk dei også. Men Barnet kunne dette gamet, forsvarte seg med bravur mot angrepa som fossa ned bakken, og slapp ikkje inn meir enn det eine målet.

Det var derfor Barnet-spelarane som smilte og lo på veg inn til pausepraten. Dei var i rute, og visste det.

For då andre omgang tok til og laga hadde bytta side, endra kampen heilt karakter. Heilt etter oppskrifta begynte Barnet å rulle ballen nedover mot Colchesters mål. Presset vart større og større, Colchesters spelarar sleit meir og meir med å få til angrep i stigninga opp mot Barnet-målet.

Dominansen vart etterkvart total, og stemninga og lydnivået på West Stand steig til dei store høgder: No er vi i gang igjen. Tre mål vart det å juble for, 3-1 stod det då dommaren bles av.

-Ser du? Det virkar kvar gong, sa den same mannen inne på puben etterpå. Han var i perlehumør og spanderte.

Taktikken virka nok i resten av sesongen også. Barnet vann 16 av 21 heimekampar og tapte berre ein – sikkert etter å ha tapt målvalet…

Og dei rykka opp då sesongen var over.

Har du opplevd ei god historie på ein fotballkamp i dei lavare engelske divisjonane?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *