Då magyarane var uovervinnelege

Stjerna på stjernelaget: Ferenc Puskas er ein av dei fremste målscorarane i fotballhistoria

Både Aalesund og Tromsø har gode sjansar til å eliminere sine ungarske motstandarar i europacup-kvalifiseringa denne veka. Ingen synest det er oppsiktsvekkande, det er lenge sidan ungarsk klubbfotball har vore rekna som vanskeleg motstand. Men ein gong var dei ikkje berre vanskelege, dei var uovervinnelege.

På første del av 1950-talet var det nettopp ungarsk fotball som var top of the world. Landslaget tapte berre ein einaste kamp i løpet av nesten seks og eit halvt år, frå 3-5 mot Austerrike i mai 1950 til russarane invaderte Ungarn i oktober i 1956. I denne perioden spela Ungarn 50 kampar, vann 48 av dei, spela 7 uavgjort og tapte berre ein.

Budapest-klubben Honved var bærebjelken i laget, og stjerna i det heile var Ferenc Puskas.

Puskas debuterte på landslaget i 1945 som 18-åring. Fram til hausten 1956 spela han 84 landskampar og scora ufattelege 83 mål. Han og angrepspartner Sandor Kocsic utgjorde ein angrepsduo som ingen har sett maken til.

Han leia Ungarn til OL-gull i 1952 og scora bøttevis med mål i kampane som følgde. Han var sentral og scora to mål i 6-3-sigeren over England i «århundrets kamp» på Wembley i 1953 – eit resultat som fekk fotball-Europa til å ryste. Og våren etterpå feia Ungarn England av bana ein gong til, med 7-1 i Budapest. Større tap har det engelske landslaget aldri fått, verken før sller sidan.

Puskas var tiltenkt stjernerolla i VM i 1954, der Ungarn var storfavoritt. Det gjekk ikkje heilt etter planen for Ungarn. Puskas var småskadd, og kom aldri opp mot sitt beste i det meisterskapet.

Det var faktsik overraskande at han spela finalen mot Vest-Tyskland, men det gjorde han. Og han sende Ungarn i tidleg leiing, men tyskarane snudde 0-2 til 3-2 i ein av dei mest omtalte snuoperasjonane i fotballhistoria.

Dette vart det einaste tapet for ”dei uovervinnelege magyarane” i den store seksårsperioden, men det var sjølvsagt utruleg bittert. For kvar gong tidenes beste landslag skal kårast, fell det ungarske storlaget utanfor. Ingen landslag kan kallast tidenes beste utan å ha blitt verdsmeister. Hadde Ungarn hatt denne tittelen i beltet, ville 50-talslaget deira gått utanpå det meste som Brasil har hatt å by på.

Men slik gjekk det ikkje.

Derimot bør nok Ferenc Puskas nemnast på linje med namn som Pele og Maradona når tidenes beste fotballspelar skal peikast ut. For maken til målscorar har knapt fotballhistoria sett. Nesten eitt mål i snitt pr kamp over 11 år er enormt i seg sjølv.

Berre Puskas’ lagkamerat Kocsic kan konkurrere med det. Han scora 75 mål på 68 landskampar, og vart toppscorar i 1954-VM med 11 mål.

Og fortsetjinga for Puskas var ikkje mindre imponerande. Honved var i Spania og spela europacupkamp mot Atletico Madrid då russarane invaderte Ungarn. Laget nekta å seie heim, og fleire sentrale spelarar hoppa av til Vesten. Blant dei var Puskas og Kocsic. Puskas hamna etterkvart i Real Madrid. På 182 kampar for Real scora han 157 gonger. Han var med på Reals europacuptriumfar i 1959 og 1960.

I sistnemnde kamp scora han fire gonger og vart den aller første med hattrick i ein europacupfinale – 15 minutt før lagkameraten Alfredo di Stefano, som scora tre. Real slo Eintracht Frankfurt 7-3 i den legendariske finalen på Hampden Park i Glasgow.

I 1962 vart Puskas spansk statsborgar, og deltok for Spania i VM i Chile i 1962, men utan å score. Han la opp etter VM, etter ein landslagskarriere som varte i 17 år.

Uheldigvis for Puskas’ klubb Honved var det ingen europacup i starten av 50-talet. Men dei store europeiske klubbane møttest stadig oftare i privatkampar for fulle tribuner, og dette gav etterkvart opphavet til ideen om ei europeisk turnering for toppklubbane.

Ein av desse kampane var møtet mellom Wolverhampton og Honved i desember 1953, berre eit par veker etter 6-3-jordskjelvet på Wembley. No vann det engelske laget 3-2 i eit fyrverkeri av ein kamp, som dessutan vart spela i flomlys – det var heilt uvanleg på den tid. Og kvaliteten både på spelet og på flomlysarrangementet var så godt at sette fart i planene om ei europeisk klubbturnering.

Det ungarske fotballunderet tok ein brå slutt i slutten av oktober i 1956. Den russiske invasjonen førte til at fleire gjorde som Puskas og hoppa av. Blant dei var også Sandor Kocsic. Laget vart tappa for profilar, og det sovjetiske systemet makta aldri å byggje opp att noko nytt storlag.

Året etter kom Ungarn på besøk til Norge for å spele VM-kvalifiseringskamp. Norge vann 2-1, og det vart feira som ein sensasjon av dei heilt store: Dei uovervnnelege magyarane var slått, og det av vesle Norge. 

Men storheitstida var allereie definitivt slutt for ungarsk fotball. Magyarane av 1957 var langtfrå uovervinnelege, dei var knapt nok ein skugge av seg sjølv. Den norske bragden var ingen bragd likevel, det var ein høgst middelmådig motstandar som møtte opp.

Og sidan har det vore langt mellom drammane for ungarsk fotball. Det er derfor ingen sensasjon om Tromsø og Aalesund går vidare i europaligaen på kostnad av to lag frå Ungarn. Det er lenge sidan magyarane har vore uovervinnelege.

Men hugs Ferenc Puskas neste gong du skal stemme over tidenes beste fotballspelar.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *