Spill video

Send oss din fanfiksjon!

Er du fan? Kan du skrive om det? Da vil vi at du sender oss din historie! De beste tekstene blir publisert, og vinneren stikker av med en iPad.

Skrevet av:
Publisert 18:20 13 oktober, 2011

Rosa

- – -

Maria Horvei

- – -

Skyene låg over byen som våt saueull. Dei siste lauva hadde regna vekk frå fortaua for nokre dagar sidan, den siste krampetrekninga til hausten som snart var forbi. Utanfor vindauga trengte mørket seg stadig tettare på, og om ikkje lenge ville det bli umogleg å sjå over til den andre sida av gata frå der eg sto. Likevel vart eg ståande og speida. Han skulle koma når det var blitt mørkt, hadde han sagt.

Ved sida av meg, i vindaugskarmen, sto ei einsleg raud rose. Han hadde kome med den dagen før, då knoppane framleis var tett lukka. Raude, fløyelsaktige kronblad som verna strengt om sin eigen venleik. I løpet av natta hadde dei opna seg, og når eg såg på blomen no, hadde den fått eit mest patetisk preg over seg. Lukta, som tidlegare knapt var til å merka, stakk søtleg og kvalmande i nasa, og eit par av dei ytste blada var i ferd med å falle av. Eg kikka ut gjennom vindauget igjen. Han var heilt sikkert på veg.

Det var ikkje lenge sidan han hadde kome inn hit for fyrste gong. Dei lange, tynne beina hans hadde gått med faste skritt inn i stova, medan han såg seg rundt med blanke auge. Panna hans, ramma inn av høge viker og hår som gjekk ned forbi øyrene, hadde rynka seg, så han fekk eit nesten trist uttrykk i andletet. Så hadde han sett på meg, latt blikket gli frå dei raude leppene og nedover kroppen min, før han festa sine auger i mine. Eg kjende korleis eg fraus fast i golvet der eg sto, så sterkt kjende eg blikket hans.

- Du er den vakraste kvinna eg har sett.

Rosa, sa han. Rosa.  Eg veit ikkje kvifor han kallar meg det. Det er ikkje namnet mitt. Men eg protesterte ikkje, fekk berre fram ein einaste, viljelaus lyd.

- Nick…

Han kom bort til meg og let fingrane gli gjennom håret mitt. Eg protesterte framleis ikkje. Han satt seg ned ved sida av meg, igjen med det triste oppsynet i augo. Heller ikkje då han kyssa meg på nakken og trakk meg ned i den slitne Ikea-sofaen, sa eg noko. Han var forsiktig, nesten øm, men likevel sprang det ut ei raud rose på trekket under meg.

Eg sto framleis ved vindauga då det ringte på døra. Ute var det blitt mørkt, men stemma hans, sprakande gjennom dørtelefonen, sa at han ikkje ville koma opp. Kle på deg og møt meg nede, sa han. Eg skal visa deg rosene.

Lufta var skarp då me gjekk nedover Bjerregaards gate, kryssa opp Bergstien og nedover Telthusbakken. Trea sprikte nakne opp mot hausthimmelen, og i grøftekantane låg ei seig blanding av rotne blad, jord og regnvatn.

- Kvar finst det roser på denne tida?

Spørsmålet mitt kom ut saman med ei sky av frostrøyk. Han stoppa opp, og greip meg hardt i armen. I skinet frå ei gatelykt såg eg at det lyste svakt av augo hans, og det hadde samla seg små perler av kondens i den mørke barten.

- For slike som deg finst det alltid roser, sa han, før han gjekk vidare.

Eg følgde etter han. Eg veit ikkje kvifor, men heilt sidan eg møtte han har det vore som om eg ikkje har hatt noko val. Det må ha vore noko med stemma hans, måten han kunne syngja til meg som om det ikkje eksisterte nokon andre i heile verda. Om at me aldri meir skulle skiljast, om menneske som ikkje er noko bra, om korleis eg alltid skulle leiast inn i armane hans. Eg trur det må ha vore det.

Hadde ikkje det vore for at Kubaparken var folketom den kvelden, ville kanskje nokon av mosjonistane eller turgåarane kikka opp frå spelelistene på iPodane sine, eller rive merksemda vekk frå dei miserable kjøterane dei vandra rundt med, idet dei høyrte eit gjennomborande kvinneskrik, etterfølgd av den gruvsame lyden av ein menneskeskalle som vart knust mot noko hardt. Det er nok for mykje å venta at dei skulle ha høyrt den mjuke, behagelege røysta som stilt kviskra ”All venleik må dø” like før, men hadde dei stoppa opp og venta, ville dei kanskje sett konturane av ein høg, tynn mann, ulasteleg kledd i skreddarsydd dress, som så vidt det var ikkje glei i eitt med skuggane langs Akerselva. Hadde dei sett nøye etter, ville dei sett at den høgre handa hans var farga raud, og at den slapp taket i ein tung, svart stein, med flekkar som minna mistenkeleg om blod. Dei kunne til og med kanskje høyrt korleis denne mannen gjekk og nynna for seg sjølv, ein trist og alvorstung melodi, ein klagesong over verdas grufulle lagnader.

Hadde dei sett og høyrt alt dette, ville dei kanskje ikkje vågd seg vidare. Men om nysgjerrigheita til nokon av dei likevel hadde vore større enn frykta, og dei hadde gått ned mot elvebreidda, ville dei sett det: Ei ung kvinne, halvvegs senka ned i vatnet,  med eit ope sår i tinningen og ei raud rose plassert mellom eit sett like raude lepper. Dei hadde sett korleis kroppen hennar vart rive i av den sterke vassføringa, og kor levande og vakker ho framleis såg ut. Så ville dei ha sett rundt seg, og ganske sikkert vorte overraska over at dei sto i eit kratt av nyutsprungne, raude roser.

- – -

Om å skrive fanfiksjon:

Dette er det flauaste eg nokonsinne har skrive. Kanskje fordi det er det næraste eg har vore å skrive ei ungdomsskulenovelle, utan å faktisk gå på ungdomsskulen. Kanskje fordi eg teiknar opp nokre ganske klamme bilete på det å mista jomfrudommen. Men har ein sagt A, så må ein sei B. Og da må ein sei C(ave) òg. Denne er til deg, Nick.

Marius Asp mister blod – til hvem? Les hans fanfiksjon på neste side!

Sider: 1 2 3 4

Tags: , , , , , , , , , , , , ,

Del "Send oss din fanfiksjon!"
 

20 kommentarer på “Send oss din fanfiksjon!”

  1. Anonym sier:

    Wow, Marius Asp, den var jo riktig underholdende! Dessuten lyste det «ekte fan» og det er alltid et pre for fanfiksjon. Meeen, for å gi litt konstruktiv kritikk: alle tre eksempler mangler header: en liten innledning hvor forfatteren konkretiserer fandom, ship (hvem som evt. er et par i historien, advarsler (kan f.eks være om spoilers for en film, sexscener, ørevoks eller andre ting som kan få leserne til å grine på nesa) og evt. anbefalt aldersgrense.

    Og da avventer jeg Axl-romanen (som virker veldig mye mer underholdende enn den nye Bjørk-fanfik-romanen..). ;)

    • Anonym sier:

      Takk! Vi er alle tre nybegynnere innen sjangeren, men vi har gjort vårt beste. Jeg synes både Kim og Maria har levert sterkere bidrag enn mitt. Skal oppdatere header nå.

      Fanfiksjon kan være hva som helst. Det tror jeg jaffal disse tekstene kan være med på å vise.

      • Anonym sier:

        Egentlig burde vi hatt de korte disclaimerne våre i toppen av saken. Men det ville ikke fortalt hele historien. Vi skrev om disse folkene fordi vi var fascinert av dem, enkelt og greit.

        Jeg synes FF er en morsom og inspirerende sjanger å boltre seg i. Og Axl-romanen er på vei. Tipper release våren -12.

  2. Så når får vi vite hvem som vant?–

    • Anonym sier:

      Min teori er at forsinkelsen skyldes at alle bidragene har Lydverket-redaksjonen i hovedrollene og at de derfor har måttet skaffe nye jurymedlemmer i siste liten. XDDD

  3. [...] meg over den muligheten. Denne gangen er det dog over alle hauger trivielt; det er snakk om en tullekonkurranse i regi av NRK p3 om fanfiksjon, eller fan fiction, som det egentlig heter. Jeg er kjent med fenomenet fra før, og [...]

  4. Anonym sier:

    Hei! Grunnet sentrale jurymedlemmers skrale immunforsvar har kåringen blitt forskjøvet. Vi lover å ta helgen til hjelp, og utvider samtidig innsendelsesfristen til mandag 24.10 kl 12. Beklager forsinkelsen! PS. Gøy at noen av dere tenker på oss når dere skal skrive, men vi faller ikke for smisk.

    God helg!

    M

    • Anonym sier:

      Hva?! Det er da ikke smisk, det er fanfic! Seriøse greier!

    • Anonym sier:

      Hva?! Det er da ikke smisk, det er fanfic! Seriøse greier!

    • Anonym sier:

      Når har dere egentlig tenkt å avsløre vinneren? Det er jo også litegrann interessant…

      Skjønner forresten at dere trenger litt hvile. Jeg óg, etter å ha svitsjet innom maratonsendingen og sett kroneinnkastet til visse sentrale redaksjonsmedlemmer…

      • Marius Asp sier:

        Juryen jobber febrilsk for å komme oss gjennom bunken og vurdere ordentlig. Men innen et døgn skal det være kåret en vinner – forhåpentligvis i morgen formiddag. Igjen: Sorry!

        • Anonym sier:

          Tanken på en febrilsk arbeidende jury – svettende, stønnende og soon-to-be hjerneblenda-trengende – kun for oss fansens skyld, tilfredstiller mine krav til oppreisning. Unnskyldning godtatt!

  5. Hmm… syntes vel kanskje den lille snutten om fanfiction var litt vel selektiv. Skrives ikke bare om band ol, det det skrives mest fanfiction om er faktisk Harry Potter. Og da er jo menneskene som skrives om bare karakterer. Boyband fanfiction er ganske så langt ned på lista og er som regel 13 år gamle jenter som skriver Mary Sue historier, med seg selv i rollen.

  6. Anonym sier:

    Formiddagen begynner å bli noe sid i serken her. *HINT* Godt allikevel å se at det er fler som liker fanfikk enn Erik og Kriss. Kanskje de burde utnytte slashpotensialet sitt bedre, ;E

  7. [...] Les også: Lydverkets anmeldere skriver fanfiksjon [...]

  8. [...] Lydverket-skribentenes egne forsøk på fanfiksjon kan du lese her! [...]

  9. [...] Marius Asp ved NRK Lydverket utlyste i oktober 2011 en uhøytidelig fanfiksjons-konkurranse. Redaksjonens egne bidrag kan leses her. Vinnerbidragene kan leses [...]

  10. [...] drabbles Fandoms: Eastern Promises, Fullmetal Alchemist, Goodbye Chains, Lord of the Rings, NRK Lydverket, The Great Mouse Detective. Advarsler / Warnings & Spoilers: Se hver dråpe / See each [...]

Legg igjen en kommentar