<B>Supert</b>: Damon Albarn slår seg saman med Flea i nytt prosjekt. (Foto: Wikipedia Commons)

Supert: Damon Albarn slår seg saman med Flea i nytt prosjekt. (Foto: Wikipedia Commons)

Ny supergruppe?

Damon Albarn og Flea frå Red Hot Chilli Peppers spelar inn plate saman.

Skrevet av:
Publisert 16:13 3 november, 2010

Som om ikkje Gorillaz , The Good, the Bad & the Queen og Blur var nok: I eit intervju avslører Damon Albarn at han er i ferd med å spela inn ei plate saman med Red Hot Chilli Peppers-bassist Flea og Tony Allen, som han òg spelar med i The Good, the Bad & the Queen. Også eit knippe av Albarns afrikanske favorittmusikarar skal vera med på albumet, som Albarn omtalar som «tre fjerdedels ferdig».

Albarn ligg ikkje på latsida for tida. Gorillaz er midt oppe i ein verdensturné, samtidig som dei speler inn eit nytt album. I intervjuet utelukkar Albarn likevel ikkje at det også snart vert spelt inn nye The Good, the Bad  & Queen-låtar. Spørsmålet er: Er me ikkje mykje meir keen på det enn eit afroprosjekt med Flea? Paul Simmons, bassist i The Good, the Bad & the Queen og tidlegare medlem av The Clash, må vel seiast å vera suprare enn alle i Red Hot Chilli Peppers tilsaman.

Supergrupper er på ingen måte noko nytt, og har vore i søkelyset i Lydverket før. Ta ein kikk på eit lite utval:

Them Crooked Vultures spelte på Hovefestivalen i år, til vår anmeldars store begeistring. Med Josh Homme i tet og Dave Grohl og John Paul Jones hakk i hæl skulle det vel berre mangla. Høyr deira «Elephant» her:

Apropos Josh Homme: Lydverket kunne førre månad gleda Queens of the Stone Age-fans med at ei ny plate skal vera innanfor rekkevidde.

Jack White er ikkje typen til å nøya seg med eitt band. The Dead Weather er hans foreløpig siste prosjekt, og med seg på laget har han Alisson Mosshart frå The Kills, Dean Fertita frå Queens of the Stone Age og Jack Lawrence frå The Raconteurs. Sjå intervju med gjengen her:

Les vår anmeldelse av fyrsteplata Sea Cowards !

Også folksjangren har si eige supergruppe - Monsters of Folk består av Conor Oberst (bedre kjent som Bright Eyes), M. Ward, Jim James fra My Morning Jacket og produsent/gitarist Mike Mogis. Vår anmeldar lot seg berre delvis begeistra, men du kan likevel sjå musikkvideoen til «The Right Place» her:

Apparatjik samlar krefter frå Mew, Coldplay og – A-Ha! Lydverket møtte Magne Furuholmen & co i Berlin tidlegare i år:

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Ny supergruppe?"
 

6 kommentarer på “Ny supergruppe?”

  1. Anders sier:

    Disse sk. supergruppene er jo stort sett oppskrytte saker.

  2. 2Times sier:

    Red Hot Chili Peppers er verdens døveste band. Damon Albarn er verdens døveste fyr.

  3. Gud sier:

    Hvor gamle er dere anmeldere egentlig? Red Hot Chili Peppers i Blood Sugar Sex Magik-perioden var noe av det feteste man finner av innovativ rock/funk og har influert en generasjon av band. Verdens døveste band? Det siste de har levert er ikke av samme klasse som deres tidligere materiale, men perioden rundt 88-96 er rent gull. Kanskje dere burde sjekke ut katalogen deres før dere kommer med slike historieløse kommentarer.

    Vis litt respekt. Suprere enn alle i Red Hot tilsammen? John Frusciante? Flea? Herregud. En av tidenes beste gitarister og en av tidenes beste bassister.

    Det eksisterte musikk før Arcade Fire, så ikke glem dere helt vekk i hipsterverdenen deres.

  4. [...] i tillegg til å skulle gjera ferdig ei plate innan ein månads tid, har han varsla både ei ny supergruppe og nye tak med The Good, the Bad & the Queen. iProduktiv, med andre [...]

Legg igjen en kommentar