Gorillaz med Damon Albarn i front, Roskilde 2010 (foto: AP Photo/POLFOTO, Claus Bjoern Larsen)

Gorillaz med Damon Albarn i front, Roskilde 2010 (foto: AP Photo/POLFOTO, Claus Bjoern Larsen)

iGorillaz?

Gorillaz har spelt inn ny plate – på iPad. Damon Albarn håpar på pionerstatus.

Skrevet av:
Publisert 14:40 12 november, 2010

I eit intervju med NME fortel Damon Albarn at Gorillaz har gjort ferdig eit nytt studioalbum, som han håper kan bli gitt ut før jul. Det fortsatt navnlause albumet vart spelt inn på ulike hotellrom medan bandet var på turne i USA, men det var ikkje noko omreisande platestudio med i bildet. Heile greia vart nemleg gjort med ein iPad.

Albarn fortel  han i utgangspunktet er teknofob, men at han har forelska seg i sin siste Apple-dings. No håper han å bli den fyrste som gjer ut eit iPad-innspelt album, og seier han har laga eit heilt annleis album enn han ellers ville gjort. Godt eller dårleg teikn? Det vil visa seg, men Albarn har i alle fall nok å henga fingrane sine i for tida – i tillegg til å skulle gjera ferdig ei plate innan ein månads tid, har han varsla både ei ny supergruppe og nye tak med The Good, the Bad & the Queen. iProduktiv, med andre ord.

Medan du venter i spenning – eit utval herlege Gorillazvideoar:

Tags: , , ,

Del "iGorillaz?"
 

2 kommentarer på “iGorillaz?”

  1. [...] du kanskje har fått med deg: Gorillaz har spelt inn eit album på iPad, og k1. juledag deler dei det med fansen – gratis. Eit mikroskopisk snikkikk kan du få [...]

  2. [...] Se uredigert intervju med Karpe Diem fra da de gjestet Lydverket i mai: Den tidligere annonserte iPad-platen til Gorillaz ble også tilgjengelig fra 1. juledag. Foreløpig er det kun medlemmer av fangruppen [...]

Legg igjen en kommentar