PJ Harvey kjem med nytt album i februar neste år

PJ Harvey kjem med nytt album i februar neste år

Plukk og remix

Nytt i video, låt og remix frå Joan As A Police Woman, R.E.M, Adele, PJ Harvey og fleire!

Skrevet av:
Publisert 15:40 21 desember, 2010

Så, Adeles «Rolling In The Deep» er ein sterk låt. Men er du som meg, sakna du litt Jay-Z og Biggie oppi det heile. Voodo Farm gjer deg det du trenger med denne remixen:

Joan As A Police Woman kjem med nytt album neste år – få med deg videoen til fyrstesingelen «The Magic»:

Som du kanskje har fått med deg: Gorillaz har spelt inn eit album på iPad, og k1. juledag deler dei det med fansen – gratis. Eit mikroskopisk snikkikk kan du få her:

Har du ti minutt til overs? Sett dei av til Tim Goldsworthys remix av «Take Me Over», frå Cut Copys komande album Zenoscope:

R.E.M trapper opp til plateslepp i mars, og endå ein låt frå Collapse Into Now kan no streamast på nettet – for eksempel her. Eventuelt kan du forhåndsbestilla albumet på iTunes, då slenger dei den etter deg. Ein trailer for Collapse Into Now kan du sjå her, med klipp frå fleire nye låtar:

PJ Harvey er også (snart) klar med nytt album -Let England Shake skal koma 15. februar. Siste nytt frå den kanten er denne videoen til låta «The Last Living Rose».

Og sjølvsagt, til alle som ikkje har lånt øyre til det endå: Fyrste smakebit på den komande Simian Mobile Disco-produserte Beth Ditto-EPen:

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Plukk og remix"

Legg igjen en kommentar