Merry Christmas, y’all!
Kanye West leverer julestemning med den ferske låta «Christmas In Harlem».
Av alle artistar som bør tillate seg å krona 2010 med ein julesingel, toppar kanskje Kanye West lista. Elsk han eller hat han, å oversjå han i året som gjekk har vore vanskeleg. Så, etter tre veker med ikkje spesielt påfallande stillhet, er «Christmas In Harlem» her. Ettersom West har gjort det klart at G.O.O.D Friday-prosjektet, der han legg ut ein ny låt via Twitter kvar fredag, kjem til å avsluttast ved jul, er det fullt mogleg at dette er siste låt ut i denne omgang.
Les Lydverkets anmeldese av My Beautiful Dark Twisted Fantasy her!
Lista over medvirkande er som seg hør og bør fyldig: Dipset, Pusha T, Big Sean, CyHi Da Prynce, Musiq Soulchild og Teyana Taylor er med på å gjera låta til noko ein absolutt ikkje treng å hata.
Kanye West feat. CyHi Da Prynce & Teyana Taylor – «Christmas In Harlem»:
Kanye West (feat CyHi Da Prynce) – Christmas In Harlem
Sjå korleis Kanye West kom ut av Lydverkets oppsummering av 2010!
Tags: jul, Kanye West, ny låt
Fin sang
e9