Marias 2010-rapport
Lydverkets redaksjon gir deg sine beste skiver, oversette perler og største nedturer fra året som gikk. I dag: Nettjournalist Maria Horvei.
Redaksjonens felleslister over de beste internasjonale og norske plateutgivelsene er forlengst strødd utover internettet. Nå er det på høy tid å la de indviduelle stemmene få oppsummere musikkåret 2010.
Lydverkets individuelle årsoppsummeringer vil bli publisert daglig fram til et stykke ut i romjula. I dag: Nettjournalist Maria Horvei, et renessansemenneske som ikke bare kan sin musikk (og husflid!), men i tillegg lager et av de flotteste magasinene her til lands. Dere kommer til å lese mer fra Maria på disse sidene i 2011, tro oss.
Årets beste album:
1. These New Puritans – Hidden
Ambisiøst på kanten til det absurde, og fylt til randen av ting som absolutt ikkje burde funka: Treblåsarar, tsjekkarar, barnekor, middelalderreferansar – med mykje meir. Men funka gjer det likevel, også her på kanten til det absurde. Britane i These New Puritans gjer deg ei andreplate som gjer at du gler seg til tredje, fjerde, femte osv.
Hidden i Wimp, Hidden Remixes i Spotify
2. LCD Soundsystem – This Is Happening
Medan me lenge har visst at James Murphy kan lage musikk som får deg til å ville bevege deg, bevegar han faktisk på This Is Happening. Med låtar som “I Can Change”, “Dance Yrself Clean” og “Pow Pow” leverer han tristesse og eksistensiell angst, samstundes som det i kjent stil er morsomt, poengert og stilsikkert.
Høyr albumet i Spotify eller Wimp
3. The National – High Violet
Eitt av 2010s beste opningsspor, ”Terrible Love”, slår an tonen for High Violet: Det er mørkt, det er desillusjonert, det er tekstar som du eigentleg ikkje har lyst til å kjenna deg igjen i. Og det er sjølvsagt ei veldig bra plate, der melodi og ord utfyll kvarandre på sjeldant bra vis. Matt Berninger, I don’t want to get over you.
Høyr albumet i Spotify eller Wimp
4. Beach House – Teen Dream
Beach House gjorde eit sprang over til hovudstraumen av draumande indie med tredjeplata Teen Dream. Og landinga var fjellstø. Der ein tidlegare av og til hadde kjensla av å gripa etter luft når ein skulle fanga inn Victoria Legrand og Alex Scully sitt veveri av vokal, svevande orgelbacking og melodi, sto ein no igjen med ei handfast strime fantastisk popmusikk. Frå opningssporet ”Zebra” til avslutninga ”Take Care” – sett den på når toget byrjar å rulle og slå den av når du er framme.
Høyr albumet i Spotify eller Wimp
5. Grinderman – Grinderman II
The Bad Seeds som er blitt verkeleg bad, Nick Caves som djevelens dirigent, middelaldrande menn som aldri var kåtare. Grinderman II er kanskje ikkje ei plate for hygge og rekreasjon, men føler du nokon gong at du treng å bli skoten med pilar dyppa i galle og kjønnssaft, er dette ammunisjonen du bør velge.
Høyr albumet i Spotify eller Wimp
Årets beste låter:
1. Ariel Pink’s Haunted Graffiti – “Round And Round”
Ei slik song ein ikkje for sitt eige liv kan skjøna korleis nokon kan ha makta å setta saman. Men som ein sjølvsagt tek imot med mange slags takk.
Ariel Pink’s Haunted Graffiti – Round & Round from Delo Creative on Vimeo.
2. Susanne Sundfør – “It’s All Gone Tomorrow”
Dei aller fleste ville nøyd seg med å gjera ein så fantastisk melodi om til ein ganske fantastisk poplåt. Sundfør legg inn den ekstra innsatsen.
3. Hot Chip – “I Feel Better”
Ein føler seg faktisk betre – mykje betre – etter at denne låta har gått på repetisjon nokon gongar.
4. Deftones – “Rocket Skates”
“Guns, razors and knives!”. Whatever you say, Chino Moreno.
5. Cee-Lo Green – “No One’s Gonna Love You”
Orginalen er fin. Men sett på Cee-Los versjon i rett augeblikk, og ingenting er betre.
Årets mest oversette:
Kanye West? Kødda.
Årets konsert
Gallows på Amfiscena på Hove ga varige fysiske men, kosta meg ein sko og sendte kroppen rett tilbake til 16-års-alderen kva hormon angår. På ein bra måte, sjølvsagt.
Årets mest oppskrytte:
Eminem ft. Rihanna / Rihanna ft. Eminem.
Årets skuffelse:
Det gjekk ikkje djupt inn på meg personleg. Men kva faen, Die Antwoord?!
Tags: 2010, Ariel Pink's Haunted Graffiti, årsoppsummering, Beach House, beste, Cee-Lo Green, deftones, Gallows, Grinderman, Hot Chip, låter, LCD Soundsystem, liste, Lydverket, Maria Horvei, plate, Susanne Sundfør, The National, These New Puritans