Lyden av 2012?

Lyden av 2012?

Skrillex, Niki & The Dove og Dry The River er blant artistane BBC har størst tru på til neste år. Kva med deg?

Skrevet av:
Publisert 16:10 5 desember, 2011

For tiende år på rad tek BBC fram spådomskula, og har med hjelp frå over 160 musikksynsarar funne fram til femten artistar dei har spesiell tru på at kjem til å gjera det godt i året som kjem.  På nyåret vert det plukka ut ein vinnar, som vert gitt den semioffisielle tittelen «Sound Of 2012″.

Flux Pavillion

I fjor var det Jessie J som stakk av med sigeren, over namn som James Blake og Jamie Woon. BBC om dét. No er eit nytt år i ferd med å renna ut, og potensielle popprinsesser stiller definitiv ikkje sterkt den nyleg annonserte lista med artistar. Blant dei potensielle vinnarane finn me basstunge storleikar som Skrillex og Flux Pavillion, unge rapparar som A$AP Rocky og Azealia Banks, kjenslevare røster som Michael Kiwanuka og nesten-norske Dry The River.

Skarpe gitarriff er det langt mellom på lista, og talet på artistar som ikkje allereie er signert på eit større selskap er også lågt samanlikna med tidlegare år. Og sjølvsagt – på ei så kort liste er det alltid nokon ein saknar.

Er det nokon du har meir tru på i 2012 enn dei femten du ser under? Det er berre å skrika ut.

BBC si liste ser i alle fall slik ut – i alfabetisk rekkefølge:

A$AP Rocky

Den 23 år gamle rapparen frå Harlem har gått fleire rundar på Lydverkets spelelister på radio den siste tida.  Rocky, som eigentleg heiter Rakim Meyer (etter den eine halvdelen av hip hop-duoen Eric B and Rakim), er ein del av det kreative New York-kollektivet A$AP (Always Strive and Prosper), og gjorde seg tidlegare i haust bemerka med mikstapen LiveLoveA$AP. Vart allereie før den tid signert av Sony/RCA – visstnok til ein svært så hyggeleg sum – så fullengdaren skal vera rett rundt hjørnet.

Last ned LiveLoveA$AP her!

«Peso»:

Azealia Banks

Ungjenta frå Harlem, som ifølgje NME er årets kulaste artist, vart nyleg stadfesta til neste sommars Øyafestivalen i Oslo – eit greit plaster på såret etter at konserten hennar på Blå denne månaden vart avlyst. Innan festivalsommaren er over oss  bør også det Paul Epworth-produserte debutalbumet vera på plass.

«L8R»:

London-rappar, tidlegare kjend som Young Dot, med ei anstendig samling mikstapes i baklomma. Har i år fungert som oppvarmar for Chase & Status, og om BBC får det som dei vil inntek han ein permanent plass i mainstreamen i 2012.

«Normal Human Being»

Dry The River

Peter Liddle står som einaste representant for kongeriket Noreg på lista, som frontmann for det tidlegare soloprosjektet Dry The River – eit band som riktignok er London-basert. Mumford Sons-samanlikningar til sides – deira debut-EP Bible Belt er absolutt verdt å ta ein nærare kikk på.

«No Rest»

Flux Pavillion

Den unge briten har hatt ei bratt stigningskurve på dubstephimmelen det siste året, og både klubbgjengarar og Christine-lyttarar har garantert fått sin dose Flux Pavillion-signert bass.

«Bass Canon»

Frank Ocean

Frå perifert medlem av eit perifert hip hop-kollektiv, til mannen bak ein av årets aller mest omtalte og hylla gratisalbum (som seinare vart gitt ut som EP) – Frank Ocean har hatt eit såpass godt år at det spørs om ikkje Tyler, The Creator sin posisjon som frontfigur for Odd Future-kollektivet er under hardt press.

Les anmeldelsen: Hopp i havet

«Novacane»

Friends

Eit enormt lite Google-venleg bandnamn til trass: Brooklyn-kvintetten Friends har generert ein god del interesse på nettet i 2011, med singelen «I’m His Girl» som fremste leietråd inn i deira gatesmarte popunivers.

«I’m His Girl»:

Jamie N Commons

Det er noko med britiske 22-åringar som høyres ut som Nick Cave. Jamie N Commons har tidlegare varma opp for Susanne Sundfør rundt omkring i Europa, og kom i år med debut-EPen The Baron.

«The Preacher»:

Lianne La Havas

Endå ein bråmoden 22-åring: Lianne La Havas har arbeida med musikk stort sett heile livet, men vart for alvor plukka opp gjennom via franske nettsida La Blogothèque og det britiske musikkflaggskipet Later…with Jools Holland. Sistnemnde opptreden sikra ho ein oppvarmings-spot på Bon Iver sin USA-turné denne månaden.

«No Room For Doubt»:

Michael Kiwanuka

Michael Kiwanuka har stelt mange hjarter med sin jordnære soul, og blitt kapra av både Adele og Laura Marling som oppvarmingsartist til deira konsertar. Som ein av Lydverket-redaksjonens favorittar var han nyleg å høyra i vår radiosending, då dei beste låtane frå november skulle oppsummerast. Med platekontrakt i lomma er det berre å sjå opp for 24-åringen i 2012.

«I’m Getting Ready»:

Niki & The Dove

I eit litt ubestemmeleg krysningspunkt mellom Karin Dreijer, Bat For Lashes og Lykke Li finn me Niki & The Dove, den svenske duoen som har svevd godt synleg på den skandinaviske musikkradaren det siste året. No er britane òg i ferd med å spissa øyrene, og fint er det.

Les også: Lydverket elsker Niki & The Dove

«The Drummer»:

Ren Harvieu

Ren Harvieu tilhøyrer den myteomspunne gruppa av artistar som vart oppdaga gjennom MySpace, og er no klar til å for alvor slå gjennom hjå massene. Timinga for unge kvinner med sjelfull røst kunne knapt nok vore betre, så det er berre å køyra på.

«Through The Night»

Skrillex

23-åringen frå LA har langt på veg gjort 2011 til sitt år, men det treng ikkje vera noko i vegen for at oppturen held fram i 2012. Kanskje sel han ut to konsertar i Oslo Spektrum neste år òg?

Les konsertanmeldelsen: Skål, bror!

«First Of The Year (Equinox)»:

Spector

Inga liste utan eit band som kan samanliknast med The Strokes, her representert ved Spector. London-bandet har opparbeida seg ein aldri så liten hype i heimlandet, og på nyåret kjem debutalbumet.

«What You Wanted»:

Stooshe

Det er lov å vera litt skeptisk til eit band der to av medlemmane vart oppdaga på Topshop, men ryktet vil ha det til at dei tre jentene i Stooshe skriv alt materialet sitt sjølv. Dersom dei, til trass for BBC sine spådommar, ikkje skulle bli store i 2012, vil det alltid vera plass til dei i Trekant-redaksjonen.

«Fuck Me»:

http://www.youtube.com/watch?v=SAUkuUWHUn8&feature=player_embedded#!

 

Tags: , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Lyden av 2012?"
 

13 kommentarer på “Lyden av 2012?”

  1. acmilanboy97 sier:

    Dr. Dre!! Han kommer med «DETOX» neste år(sent 2011/tidlig 2012). Kommer til å bli helt konge!

  2. Neste år fortsetter rocken den gode trenden. Ifølge ryktene og bandene selv skal Aerosmith, Van Halen, Black Sabbath, Alice in Chains og Smashing Pumpkins slippe nye skiver neste år. Gleder meg =D

  3. Neste år fortsetter rocken den gode trenden. Ifølge ryktene og bandene selv skal Aerosmith, Van Halen, Black Sabbath, Alice in Chains og Smashing Pumpkins slippe nye skiver neste år. Gleder meg =D

  4. Hør Niki & the Dove og mye annet i siste utgaven av Indie & Electronica-listen for Spotify! Click «Play» and enjoy!
    http://sharemyplaylists.com/winter-2011-indie-electroncia

Legg igjen en kommentar