Adele - 21
Aldeles OK
Adele er – gudskjelov – noko anna enn den nye Amy Winehouse. Heilt i mål er ho likevel ikkje.
Tre år er gått og to år er lagt til i albumtittelen sidan Adeles brustne hjarte og bråmodne røst for fyrste gong fekk plass i britisk, og etterkvart internasjonal, musikkpresse. Med god drahjelp frå singlar som «Chasing Pavements» og «Make You Feel My Love» vart debuten 19 ikkje så reint lite opphausa, og ein kryssa fingrane for at denne ungjenta kunne innfri der andre (kremt, Joss Stone) hadde skuffa. Men medan ho i 2008 måtte finne seg i å bli nevnt i same andedrag som andre, meir eller mindre sjelfulle, britiske kvinnelege artistar, står ho i 2011 nokså aleine i rampelyset når 21 skal lanserast. Med Amy Winehouse og Lilly Allen sine personlege problem in mente, for ikkje å snakke om Duffys siste fjærkre av ei plate, har no Adele sjansen til å bevisa at hennar høysåte eigentleg alltid har raga litt høgare.
Og 21 er ikkje eit dårleg forsøk på akkurat det. Med produsentar som Paul Epworth (Cee-Lo Green, Florence And The Machine) og Rick Rubin (Beastie Boys, Slayer, Metallica) med på laget har Adele laga ei plate som til dels viser ho fram som ein artist som har meir enn ei god stemme og eit knust hjarte å vise til – ein artist som elegant tek med seg eigen pop til andres soul og blues, med eit visst låtskrivartalent som backar opp den allereie nevnte stemma. Diverre har ho også laga ei plate som ikkje gjer det.
Det begynner lovande: «Rolling In The Deep» er eit sjumilssteg frå sjølv dei beste spora på 19, med eit komp som er så drivande bra at berre klappinga er verdt heile låta. Andresporet «Rumour Has It», ein stampande rhytm ‘n blues-sak, følger opp. Utover i plata, etterkvart som den eine strykaren etter den andre kastar lys over stadig nye sider av Adeles forhold til eksen (for la det ikkje herska nokon tvil om kva som er inspirasjonen her), kan ein likevel ikkje unngå å irritera seg over at dei fleste låtane etter ca. to minutt bikkar over i det insisterande overdramatiske (føl deg truffe, «Set Fire To The Rain»). Til trass for at Adele skil seg positivt ut i høve til dei aller fleste soloartistar på sin eigen alder, både med tanke på låtmateriale og stemmeprakt, slit 21 med å finna ein passande balansegang mellom det ektefølte og det slitsame. Gjev-fanden-haldinga som var med på å gjera fyrstesingelen så bra, må litt for ofte vika for meir utstudert, gjennomprodusert føleri.
Ein sval bossanovaversjon av The Cure-låta «Lovesong» er ein fin opptur, medan sistelåta «Someone Like You» høyres ut som den faktisk er spelt inn etter at Adele har sunge gjennom heile plata. I eitt. I eit røykfylt lokale. Av dei pianodrivne spora er det likevel det klart beste, og beviser såleis at full lungekapasitet ikkje alltid er påkrevd.
Adele er eigentleg for flink til å sei at ho er lovande. Det er likevel lov å håpa at ho verkeleg slår til på 23.
«Rolling In The Deep»:
Maria Horvei
Tags: 21, Adele, anmeldelse
[...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Live Nation Norway. Live Nation Norway said: John Dee 21/3 http://bit.ly/i4SDxZ RT @Lydverket: Aldeles OK:Adele er-gudskjelov-noko anna enn den nye Amy Winehouse. http://bit.ly/ieKKAq [...]
[...] Lydverket anmelder Adeles 21 Les: Rekordtall for [...]
Jeg har lest en anmeldelse av en konsert hun gjorde i Oslo tidligere i år. Den fikk terningkast 6.
Det fortjener denne platen også, Er bedre enn OK! Duffy platen den med Mercy er OK! Jeg har den utgaven med de to ekstra låtene. Dette er en plate som jeg kommer til å høre mange ganger. Hun er bedre enn all fjortis musikken for tiden. Alle som jeg kjenner som har hørt denne platen «21″ synes denne er bedre enn bare OK! Beste kvinnelige artisten jeg har hørt på lenge.
En behagelig stemme er positivt for mine ører. Kansje anmelderen liger denne sjangeren bare noe. Hun har litt som Eagels, Litt Abba, Litt Soul ala 60. Det er vanskelig å plassere hun i en sjanger boks. Det synes jeg er bare er positiv. Det betyr at hun viser seg å være mangfoldig. Bedre enn fjortis musikken ala Hanna Montana, Justin Biebler og lignede. Tilogmeg bedre stemme enn Lady Gaga.
[...] Lydverket anmelder 21 her. [...]
[...] 25. Adele – 21 [...]
[...] hyllede artisten har fra før av det mest solgte albumet så langt dette århundret med plata 21. Men nå har hun virkelig passert en milepæl. Whitney Houston vant også Grammy-priser for sin [...]
[...] se hvordan hun så ut og ikke minst hørtes ut før hun fikk den store suksessen med albumene 19 og 21. Adele har opplevd enorm suksess med sin musikk, men skal ifølge studievenner ha beholdt beina på [...]