Sogndal på Viking-tokt i oljebyen. Ikkje den lettaste arenaen for dei svart-kvite, men ein gong blir det kanskje siger også der?
Etter gårsdagens kamp mellom Fredrikstad og Molde kan det vera på sin plass å snakka om marginar i fotball. Som kjent tapte Sogndal 0-1 i sommarens oppgjer mot FFK på Fosshaugane. Etter nederlaget for Molde i går, hamna raudbuksene bak Sogndal på tabellen, begge lag med 24 poeng. Viss Sogndal hadde vunne 1-0 i den innbyrdes kampen i sommar, kjem den mykje omtala 6-poengskampen fram. Marginar som det heiter, 27 for Sogndal mot 21 for FFK. Om, dersom viss. Det er lov å tenkja tanken……..
Vidare kunne matematikkekspertar i går fortelja at det er så godt som avgjort at Start og Sarpsborg 08 rykkjer ned. Det er det vel all grunn til å la matte-folka ha den statistikken for seg sjølv. Det skal spelast mange kampar fram mot slutten av november! Sogndal har tre denne veka, og for nokre oppgjer. Tre av dei største i norsk fotball står klar, Viking i dag, Rosenborg torsdag, og sjølve rosina i pølsa, Brann på Fosshaugane søndag om ei veke. Det siste blir ein klassikar, for eit oppgjer, for ein atmosfære, for eit drama det vil bli mot dei raude med Leciejewski og Grorud på «hi sida».
Mats Solheim går i union med svenskane. Kalmar har sikra seg den sympatiske og alltid innsatsfulle spissen som vart omskulert til back. Om han blir den nye «Erik av Pommern», utnemnd som konge den gongen i 1397, står att å sjå. Det er all grunnn til å ønskja Mats lukke til. Han har vore ein viktig og god bidragsytar i Sogndal sidan han kom til klubben i 2006. 156 kampar har han fått med seg, og han vil heilt sikkert gje alt for Sogndal i kampen for å overleva i tippeligaen.
For Sogndal er det som regel problemfritt at spelarar forlet klubben. Kven har merka noko til tapet av Leciejewski og Grorud? Historia syner at Sogndal gjer det svært så godt etter slike overgangar. Det er nok å nemna namn som Atle Torvanger til Brann i 88, Jostein Flo til Sheffield United i -93, Håvard Flo til Århus i -94, Tore André Flo til Tromsø i -94, Eirik Bakke til Leeds i -99. Som kjent har Sogndal levd svært så godt etter tapet av slike profilar og. Det beste av alt, nokre kjem att og tek ein ny tørn for klubben!
Så når Even Hovland tek steget ut i fotballeuropa i løpet av vinteren, er det ingen grunn til uro. Arvtakarane står i kø!