Jons frispark http://blogg.nrk.no/sogndal En blogg fra NRK Sun, 27 Nov 2011 20:24:05 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Tilfellet Aabrekk http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/27/tilfellet-aabrekk/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/27/tilfellet-aabrekk/#respond Sun, 27 Nov 2011 20:24:05 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=139 Les videre ]]> Harald Aabrekk fekk akkurat den avslutninga han og alle drøymde om – å slå seriemeistar Molde heime på Fosshaugane. Ein flott førjulspresang etter ein spelar- og trenarkarriere i Sogndal det står stor respekt av. Aabrekk kom til fruktbygda før sesongen 1974 og scora i debuten mot Tornado på Refvika i april-74. Sidan gjekk det litt opp og ned med sogndalkarriereen før han kom att og var svært sentral i det første opprykket til tippeligaen i 1982. Mot Molde vart han historisk då han scora i 1-1 kampen, den første i tippeligaen på Fosshaugane..

I kveld kan han tenna sigerssigaren etter 2-1 mot den same klubben. Ein solid prestisjesiger overfor kollega Solskjær, og for tredje gong i trenarkarieren held han Sogndal i tippeligaen. Imponerande. Første gong var i 1991 då Jostein Flo kom heim frå Belgia og hjelpte godt til. I 2002 tok han over for Torbjørn Glomnes etter ein sørgjeleg vårsesong. Men Aabrekk fann oppskrifta den gongen og, med god hjelp frå ein knallsterk midtstopparduo Raoul Kouakou og Marco Reda.

I år har han klart det igjen, mot mange odds. 2-1 mot Molde var heilt fortent, og når «gamlefar» Tore André Flo melde seg til teneste med to scoringar, kan det knapt bli betre. Eidaren har organisert det beste forsvaret i tippeligaen, og fått klart svar frå spelarane som no er blitt fullblods tippeligaspelarar.

Frå 2012 er det klart for regimeskifte på Fosshaugane. Harald Aabrekk kan trygt lena seg tilbake og nyte stunda. Ein flott spelarkarriere på 70- og 80-talet er ein ting, ein trenarkarriere me aldri har sett maken til i Sogndal noko heilt anna. Gratulerer Harald!

Fleire spelarar forsvinn ut porten på Fosshaugane etter denne sesongen. Men fortvil ikkje, historien fortel tydeleg at det har svært lite å seia. Nye står klar og berre trippar etter å komma i gang. Duoen Brochmann/Teniste er alt varme i trøya. 2012 blir eit spennande og flott fotballår.

Og – det er berre fire månader til seriestart!

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/27/tilfellet-aabrekk/feed/ 0
Rekord i begge endar http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/26/rekord-i-begge-endar/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/26/rekord-i-begge-endar/#respond Sat, 26 Nov 2011 12:48:16 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=135 Les videre ]]> Seriemeistar Molde og Ole Gunnar Solskjær på Fosshaugane. Sogndal kan avslutta med stil viss dei tek skalpen til serievinnaren. Det gjer laget i så fall med to solide rekordar denne sesongen. Eit pottetett forsvar, kanskje landets beste, men med eit spisspar som kun har laga eitt mål denne sesongen. Heilt utruleg! Likevel kan Sogndal sjå fram til tippeligaspel i 2012. Greitt å vita kva ein lett kan gjera betre neste sesong.

Ei betre avslutning på sesongen enn siger mot Molde kan vel Sogndal neppe få. Særleg no som ny kontrakt er sikra og spelarane kan sleppa seg laus og gje Harald Aabrekk ei pangavslutning på trenartida i Sogndal. Det har han fortent. Men det har vore mykje Aabrekk den seinare tida. Sogndalleiinga har vore forbausande passive og tause i mediebiletet. Kanskje hevar dei røysta når sesongen er omme og status skal gjerast opp? Noko anna vil vera merkeleg. For det vil vera sunt om folk flest får eit meir nyansert bilete av sesongen 2011 og alt som har skjedd «bak kulissene».

Det har vore stormfullt på Fosshaugane til tider denne sesongen. Sogndal Fotball er krystallklåre på økonomistyring i klubben, og det trur eg mange skal vera glad for. Dette er ein vesentleg grunn til at Sogndal står på trygg grunn og har hatt ein unik posisjon i norsk toppfotball sidan midt på 1970-talet. Når ein ser på kva uføre Stabæk har hamna i, og ein klubb som Moss som var på kanten av stupet, men redda i tolvte time, skal ein vera glad for at Sogndal har prioritert som dei har gjort.

På personalsida er nok situasjonen ein annan. At trenar og administrativ leiar har ulike sysnpunkt og ikkje kommuniserer særleg godt, har sikkert vore tøft nok til tider. Ein Svein Bakke i kulissene har sikkert vore god å ha for å ri av nokre av stormane.  Dei «anonyme» e-postane har også vore med å forkludra eit bilete som ikkje berre er glansa. Sogndal sitt andrelag og konsekvensen av spel i 4. divisjon er og ei stygg ripe i sogndallakken. Så her er det nok å gripa tak i når dommaren bles av Molde-kampen og adventslyset kan tennast. Advent tyder som kjent noko som skal komma, så her kan det bli interessante førjulsdagar.

Snart kan me ønskja Jonas Olsson velkomen til Sogndal. Som god julenisse tek han sikkert med seg ei forsterkning eller to til det som blir ei ny stor utfordring. Å halda Sogndal blant landets 14 beste lag. Slett ikkje enkelt, men fullt muleg slik denne sesongen ar vist oss.

Eg håpar han tek med seg litt av FK Haugesund-trenar Jostein Grindhaug sin herleg enkle filosofi.

— Taktikk er oppskrytt. Det er berre å peisa på!

Sett på spissen, men likevel. Du må våga nok skal du vinna.

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/26/rekord-i-begge-endar/feed/ 0
Fotballkaos http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/18/fotballkaos/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/18/fotballkaos/#respond Fri, 18 Nov 2011 19:31:03 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=127 Les videre ]]> Det er kaos i norsk fotball for tida. Landslaget si flause mot Wales var vond å svelgja, bortsett frå for jubilant John Arne Riise som var strålande nøgd med eigen innsats i kamp nummer 100 for Noreg. Og så Drillo då, som var meir nøgd med prestasjonen enn resultatet! Dei kunne begge med fordel ha innrømma fadesen og innsett realitetane. Me er truleg ein stad mellom nummer 20 og 30 i Europa slik stoda er i dag.  Eg er redd det kan bli lenge til neste EM- eller VM-sluttspel. 

Då må i alle fall samtlege toppklubbar ta tak i utviklinga av unge spelarar, og me må få mange fleire ut i Europa, i dei gode klubbane. Her ligg me langt bak både Sverige og Danmark. På toppen i NFF sit Yngve Hallén. Det stormar kring hans kandidatur og, ikkje så rart etter fleire unheldige saker i media for norsk toppfotball den seinare tida. At NFF i tillegg skipla TV-avtalen med TV2, var og tungt å svelgja for mange. Men til Halléns forsvar skal det seiast at det har vore svært uheldige og vanskelege  saker å hanskast med. For dei som hugsar leiartida med Hallén i Sogndal Fotball, er det likevel ikkje nokon sensasjon at det bles kraftig i hans nærleik. Det kan ha to forklaringr. Han er ein dynamisk og rett-på-sak leiar, uredd og tøff i debattar. Det siste er nok ikkje like lett for alle å svelgja. Og Hallén skal ri to hestar, breidde- og toppfotball. Ikkje enkelt å forsvara begge partar. Det blir spennande å sjå kva fotballtinget seier i mars neste år.

Stabæk, Vålerenga og Rosenborg har også sitt å stri med for tida etter islandske Veigar Pall Gunnarsson sin overgang til Vålerenga. Det luktar stygt av denne saka som politiet no vil granska nærmare. I Sogndal Fotball har det også vore ein turbulent haust med ei rekkje merkelege interne episodar. Heldigvis har spelarane prestert og halde fokus på prestasjonen ute på bana. For den har vore sterk i haust, eigentleg heilt frå sommarferien. Sogndal kan skryta på seg å ha den tettaste forsvarsmuren, og 11 kampar utan baklengsmål det står det repsekt av. Rekord for Sogndal. Så kan me sjølvsagt ønskja oss litt fleire scoringar den andre vegen. Men Sogndal er så godt som sikra tippeligaplass også i 2012. Ein sterk prestasjon i eit fotballfylke der dei fleste andre laga av ein viss storleik har svikta etter tur.

Likevel, eg er spent på evalueringa av årets sesong i Sogndal. Ein del av det som har skjedd må få konsekvensar. For fotballflaggskipet sin del håpar eg denne prosessen blir open og konstruktiv. For det laget som no er i emning, kan bli eit tippeligalag i mange år framover. Kva klubben gjer for dei nest-beste og rekruttane i eigne rekkjer, blir for meg svært interessant. Når ein spelar som Oddbjørn Skartun no er klar for FK Haugesund, verker det litt i bringa mi. På Kongsvinger er Gøran Wigum i ferd med å etablera seg under Tom Nordlie sine vengjer. Begge ekte sogndaslprodukt, uferdige og umodne som 16-17 åringar, og som dermed tok steget ut i fotballverda. Korrekt nok. Men kva har Sogndal gjort for å henta desse tilbake? Har dei følgd opp talenta og hatt ein tett dialog med dei? Det burde bety svært mykje at to så gode fotballspelarar etter kvart akslar sogndalstrøya. Skartun-namnet er ikkje noko kva som helst i fotballbygda. Og alle veit kva det kostar å henta spelarar utanfrå.

Søndag er det Odd Grenland og Skagerak Arena for Sogndal. Ein glimrande sjanse til å slå Odderane for første gong i seriesamanheng. I 1996 vann Sogndal 1-0 (Eirik Bakke) i kvalik-kampen som sikra opprykk til tippeligaen. Elles har det vore ein del uavgjort, men flest tap på det som no er kunstgrasdekke. Morten Fevang og Co er utan tap på dei åtte siste kampane. Dermed burde det liggja til rette for å bryta denne rekkja, Sogndal. Men det aller beste vil jo vera å ta skalpen til seriemeister Molde og Ole Gunnar Solskjær neste søndag!

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/11/18/fotballkaos/feed/ 0
Tabbekvotar og slikt http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/26/tabbekvotar-og-slikt/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/26/tabbekvotar-og-slikt/#respond Wed, 26 Oct 2011 16:49:05 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=124 Les videre ]]> Det storma i korridoraane i Sognahallen sist veke. Harald Aabrekk slo knytteneven i bordet og truga med å gå på dagen då det var klart at klubben hadde lyst ut ei stilling i det medisinske støteapparatet, utan at vedkomande som av Aabrekk blir rekna som ein vesentleg del av styrken i sogndalstallen, visste om det. Slikt blir det rabalder av,og det skulle berre mangla.Den same Aabrekk er smart nok til å få merksemd kring ei slik sak, og  Sogndalleiinga la seg langflate og orsaka tabben for eit samla mediekorps.

Men det er andre ting som også er grunn til å sjå på med kritiske auge i Sogndal Fotball. Dei fleste kjenner til problematikken kring Sogndal 2 og deira magaplask og framleis spel i 4. divisjon. Kommunikasjonen mellom trenar Lubienecki og A-lagstrenar Aabrekk har ikkje akkurat vore god. I det heile har eg inntrykk av at Sogndal 2 har levd sitt eige liv, i eit slags vakum.  Her må både den administrative og den sportslege leinga bera ansvaret for tabben. Kva følgjer det får, står att å sjå. Faktum er at fotballhovudstaden Sogndal no står utan lag i 3. divisjon. Heilt utruleg, og alt for dårleg. Men kanskje dette kan føra til at Sogndal, Fjøra og Kaupanger no set seg ned og stakar ut ein ny kurs for dei nest beste i fotballbygda?

Freddie Butler kom til Sogndal for å bidra som spelarutviklar, henta hit av Trond Fylling. Men A-trenar Aabrekk ville ikkje ha noko med jamaicanaren å gjera! Tru det eller ei, ein kapasitet med sterke band inn i trenarkorpset i Chelsea har det ikkje vore bruk for til å utvikla den lovande spelargruppa Sogndal no sit inne med. Greitt nok at Harald Aabrekk har sine meiningar og tankar om dette, men å plassera Butler på sidelinja og ei rolle utan betydning på Sogndal 2 grensar til arroganse. Rett nok har Butler vore ei stor drivkraft for aldersbestemte spelarar, men er det noko norske toppspelarar manglar, så er det nettopp ferdigheiter. Her kunne Butler gjort ein kjempejobb. Kvifor det ikkje er rom for ein slik kapasitet inn mot A-laget er meir enn eg fortstår.

Smågutane til Sogndal  sikra seg KM-tittelen denne veka, fortent nok. Den første sidan 1996 då Kurt Heggestad og Geir Erik Røysi spela på laget. Årets smågutelag har ei rekkje spennande spelartypar som har hatt gode kår på akademiet, fordi spelarane har vore flittige å møta opp og vist vilje til satsing slik ein må forventa av spelarar med ambisjonar. Det same kan ein diverre ikkje seia om til dømes gutelaget som har levert heilt ordinære resultat, slik det har vore ei årrekkje i fylkets flaggskip. Men, også i denne aldersgruppa finst det eit par spelarar med potensiale til A-lagsplass i Sogndal. Det skal bli interessant å sjå kva tiltak klubben no set inn for å utvikla fleire spelarar frå eigne rekker inn mot A-laget. Det er flott at Ørjan Hopen no har slege ut i full blomst. Endeleg ein spelar frå eigen klubb, men i mine auge er det like mykje trass i som grunna talentutviklinga i eigen klubb. For Hopen er Hopen, mykje ligg i genane! 

I Haugesund scorar Oddbjørn Skartun mål på bestilling for Vard i 2. divisjon. Gøran Wigum reiste til Kongsvinger og har slege ut i full blomst under trenar Tom Nordlie. Skal tru om Sogndal vurderer å henta desse to heim? At begge reiste ut for å modnast, var både rett og rimeleg, men eg er overtydd om at begge har noko å fara med på heimebane. Ser ein på ymse tvilsame spelarkjøp dei siste 5-6 åra, forstår ein fort at det er rimeleg arbeidskraft å byggja på eigne krefter.

Eg ser med spenning på det som no vil skje i Sogndal Fotball. A-laget har prestert imponerande godt med Harald Aabrekk som skikkeleg stabukk og dyktig organisator og spelarar som står fram den eine etter den andre, klare for tippeliganivå. Men kva med underbruket? I Sognahallen er det no trenarkrefter mange og gode nok til å skap eit fotballmiljø som er heilt unikt i Norge. Men det krev betre organisering og vilje til nytenking. Og klar organisering og vedtekter for korleis det skal gjerast. Frå 10-åringen og til Sogndal 2.

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/26/tabbekvotar-og-slikt/feed/ 0
Hei Deila – Heia Flo http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/14/hei-deila-%e2%80%93-heia-flo/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/14/hei-deila-%e2%80%93-heia-flo/#respond Fri, 14 Oct 2011 15:20:15 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=117 Les videre ]]> Strømsgodset og duoen Ronny Deila/Jostein Flo fortener ros for det dei har utretta med SIF, laget som kom frå Gulskogen i Drammen og tok fotball-Noreg med storm I 1968-69. Grunnen til heiaropa er måten Godset spelar fotball, og det faktum at trenar Deila gir ungdomen sjansen. SIF sitt andrelag i toppen av 2. divisjon viser at drammensklubben har lukkast med satsinga.

Slik sett er det to lag med same målsetjing og same filosofi som møtest på Fosshaugane søndag. Men opningskampen i årets tippeliga var ei sjokkoppleving for mange av sogndalsspelarane. I 75 minutt var dei læregutar som let seg imponera og ikkje heilt forstod kva som skjedde. Heilt til det var gått 75. minutt av kampen. Det kunne blitt ubehagelege siffer, men Ole Jørgen Halvorsen si straffescoring endra kampbiletet. Dei svart/kvite forstod at også dei kunne spela football. Sesongen har vist at mange har teke denne lærdomen raskt, sjølv om det måtte bli sommarsol før laget vakna og kasta nisselua..

Fotball handlar om mykje om å våga, ha tru på eigne ferdigheiter. Det vil kampen søndag visa. Sogndal har lært, og Strømsgodset er til å koma på talefot med. Likevel, det er grunn til å jubla for trenarar som Ronny Deila. Han er uredd og går eigne vegar om naudsynt.

Norsk toppfotball er prega av konformitet og lite nytenking. Deila står for noko anna enn mange trenarkollegaer. Fotball er også taktisk samhandling og ferdigheiter. Ikkje berre formasjon og endelaus sparking. Deila er i ferd med å danna ein ny fotballskule, og takk for det!

Det Strømsgodset har prestert på Marienlyst er imponerande. At laget slit på bortebane, noko som tilseier at Sogndal har gode sjansar til poeng, syner berre at også SIF-spelarane er i ein lærefase, som Harald Aabrekk sine elevar. Det er såleis to lovande, spennande lag som entrar Fosshaugane. Publikum har grunn til å gleda seg.

Så til årets 3. divisjon. Det er ingen grunn til at våre lag skal ha spesielt store vanskar med å hevda seg på dette nivået. I helga møtest pionerane frå Jotun og Sogndal på Fosshaugane, spelarane frå 1960-talet. Utfordringa deira var truleg endå større enn det dagens 3. divisjonslag opplever. Gamlegutta tok utfordringa og viste til fulle at fotballen i fjordfylket har svært lite å skamma seg over. Dette bør også dagens spelarar, trenarar og leiarar ta inn over seg.

Til Førde- de har fint lite å klaga over. Spelarmateriell og støtteapparat tilseier at laget så avgjort bør klara å halda plassen i 2. divisjon. Ta utfordringa, det er framleis von i hangande snøre! Skulle det enda med nedrykk, er det berre å spytta i nevane, krumma nakken og innsjå at mentaliteten og treningskulturen må løftast endå eit hakk. Duoen Folland og Glomnes har ein jobba å gjera, men først og fremst er det spelarane som må forstå kva dette handlar om. Dei har ikkje prestert godt nok, så langt.

Med von om ei innbringande fotballhelg for laga frå fjordfylket!

Lukke til.

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/14/hei-deila-%e2%80%93-heia-flo/feed/ 0
Svensk betyr suksess http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/07/svensk-betyr-suksess/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/07/svensk-betyr-suksess/#comments Fri, 07 Oct 2011 10:06:39 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=111 Les videre ]]> Sogndal og Sverige i fotball betyr gjerne suksess. Jonas Olsson blir den tredje svenske trenaren i Sogndal. Han følgjer etter Bo Mattsson, 1985/86 og Ola Ljungberg, 1987/89. Begge gjorde sine saker utmerka. Matsson oppnådde kvalik mot Tromsø og Moss i 1985 utan at laget lukkast den gongen. Men svensken tilførte Sogndal ein profesjonalitet som kom til nytte seinare. Dei to åra med Mattsson var tøffe tak for både spelarar og leiarar i SIL Fotball den gongen.

Ola Ljungberg var ein heilt annan type og profitterte truleg på Mattsson sin knallharde Preusser-disiplin og tøffe leiarstil. Ljungberg tok også duoen Knut Christiansen og Svein Bakke inn att i varmen. Det gjorde utslag, 1987-sesongen vart ein braksuksess. Før Ljungbergs utvalde gjorde 1988-sesongen til ein av tidenens beste i tippeligaen for Sogndal. Kan og nemna at svenske spelarar som Rhonny Nilsson og Christer Thor har vore gode bidragsytarar i sogndalsfotballen.

Jonas Olsson er ein ambisiøs trenar og skulle ha gode føresetnader for å ta laget eit steg vidare etter Harald Aabrekk. Tre år i Trollhettan og fem år i IFK Gøteborg fortel om ein trenar som har erfaring. Når me dessutan veit at han har ein lang spelarkarriere bak seg på toppnivå, skulle den saka vera i trygge hender.

Eit trenarskifte er alltid spennande. Ser at kollega Eide i Firda er mest oppteken av kleskoden – det var vel ein liten offside, Eide? Langt viktigare blir det at Olsson fører vidare tradisjonen med å gje dei unge speletid og utvikla dei til tippeligaspelarar, slik Aabrekk har gjort dei to siste åra.

Med namn som Stefan og Peter Aase, Ruben Holsæter, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Isak Scheel, Per Egil Flo og Gustav Valsvik har svenske Olsson nokre av dei mest lovande spelarane i norsk toppfotball i sine hender. Det blir noko å jobba med, Olsson!

Føresetnaden er sjølvsagt at Sogndal får behalda alle desse. Viss ikkje er eg redd det blir svært vanskeleg å oppretthalda plassen i tippeligaen. Slik det ser ut no, har Sogndal ein gyllen sjanse til å forma eit lag som kan hevda seg i norsk toppfotball ei årrekkje.

Dermed er hansken kasta, Egil Mundal og Co. Det er ikkje enkelt å vera liten i kamp mot dei store ulvane. Men eg reknar med de har gode kort på hand når nye kontraktar skal skrivast. Og til Flo, Scheel og dei andre som måtte la seg freista av meir rennomerte klubbar – i Sogndal har de hatt det godt. Å ta neste steg ut i fotballverda får de høve til når den rette tida, den rette klubben og den rette prisen er der.

Suksesstrenar Aabrekk vil sørga for å gje svenske Jonas Olsson den beste starten i Sogndal – fornya tippeligakontrakt.

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/07/svensk-betyr-suksess/feed/ 2
Når proffar blir amatørar http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/#comments Sat, 01 Oct 2011 08:39:34 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=106 Les videre ]]> Det er heftig debatt om tilstanden i norsk toppfotball for tida. Felles for dei fleste debattantane er, av ein eller annan merkeleg grunn, at det er for mange lag i tippeligaen. Svært få ser ut til å setja fokus på det som betyr noko – mengden, kvaliteten og intensiteten i treninga. Skal norske fotballspelarar hevda seg mot lag ute i Europa, må det setjast inn tiltak langt betre enn kva som er tilfelle i dag. Og det må starta i ung alder.

Det pussige er at dei største klubbane er dei som skrik høgast om færre lag i tippeligaen, godt søtta av sjefen på toppen, Nils Johan Semb. I ein debatt i «Bakrommet» denne veka følgde karar som Tom Nordlie og Bengt Eriksen opp. Då er det interessant å oppleva at lag som Sogndal og FK Haugesund klarar seg så godt som dei gjer. Begge er minst i klassen, særleg Sogndal. Og i motsetnad til majoriteten av dei andre, i Sogndal får dei unge speletid og blir satsa på. Så godt som alle dei andre satsar på utanlandsimport og plasserer dei unge talenta på benken, i skuggen.

At dei små laga i Norge alltid har vore uglesett blant dei store får så vera. Men så lenge Rosenborg, Lllestrøm, Brann, Molde og Vålerenga har meir enn nok med å slå eller spela jamt med Sogndal, burde kritikarane kanskje sjå etter andre forklaringar og argument?

Eg har hevda det før, og gjentek det gjerne. Det på høgtid å setja fokus på innhaldet i treninga hjå toppklubbane. Det kan umoglege vera godt nok når ein ser på det som blir presetert. I idrettar der stoppeklokka fortel om resultatet, blir det sett inn tiltak når du er 20-30 sekundar eller meir bak vinnaren. Men i fotball kan ein skjula seg bak dei mest utrulege forklaringar, bortforklaringar som regel.

Alle spelarane i tippeligaen er profesjonelle. Det betyr at dei er tilgjengeleg «døgnet rundt». Min påstand er dei fleste lullar seg inn i trua på at dei trenar mykje og godt. Dette er feil- samanlikna med andre idrettar trenar norske fotballspelarar for lite og jamt over med for dårleg kvalitet. Noko anna forklaring er det neppe når ein ser kva som møter våre spelarar ute i Europa.

Like underleg er det at mange norske spelarar drøymer om å bli profesjonelle spelarar, noko dei i røynda alt er! At utlandet lokkar forstår eg, men for dei fleste endar utanlandsopphald med mageplask av dimensjonar. Grunnen er ganske enkel, tilstanden og kvardagen på heimebane er alt for dårleg.

Før Eirik Bakke gjekk til Leeds vart han «bombardert» med ei rekkje treningar av ein som visste alt om kva ungguten gjekk til, Mike Speight. Eirik var førebudd på det som møtte han i Leeds og takla overgangen frå dag ein. Dessutan var han eit unikt talent. Det høyrer med. Eg håpar verkeleg at Eirik kviskrar nokre ord i øyra på Even Hovland før han dreg ut i Europa. Vaimingen har eit enormt potensiale, men eg er ikkje heilt sikker på om han veit kva som møter han der ute?

Henning Berg og  Martin Andresen er eksponentar på trenarar som har fått det meste opp i hendene. Pengar og støtteapparat for å skapa eit godt fotballag. Det dei to har prestert siste par åra er skammeleg dårleg ut frå føresetnadene. At lag som Rosenborg, Brann og Viking heller ikkje får det spesielt godt til, bør få «ekspertane» til å bruka lupa betre og sjå på kvardagen i desse klubbane og kanskje finna ut kvifor dei presterer såpass ordinært som dei gjer.

At Sogndal no hamlar opp med dei fleste av laga, skal i utgangspunktet ikkje vera muleg. Dessutan satsar Sogndal ungt (best i klassen!) og på spelarar frå eige fylke primært. Sjå på utanlandskvoten hjå konkurrentane og bli imponert over det Sogndal gjer.

Eg håpar debatten om norsk toppfotball held fram, men ser gjerne at aktørane tek av dei mørke brillene og ser at det er langt fleire nyansar og moment som må vurderast framfor talet på lag i Tippeligaen.

Sogndal gjestar «plankebyen» og Fredrikstad søndag. Ein vanskeleg bortekamp mot ein av aristokratane i norsk fotball. Med mange utanlandske spelarar,  og stort forbruk av pengar dei siste åra. Utan framgang av betydning.

Til våre sogningar og fjordingar i svart og kvitt, poengsjansen er der. Grip han!

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/feed/ 3
Brann-sløkkjing på Fosshaugane http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/24/brann-sl%c3%b8kking-pa-fosshaugane/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/24/brann-sl%c3%b8kking-pa-fosshaugane/#respond Sat, 24 Sep 2011 10:49:21 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=98 Les videre ]]> Ja, kanskje kan Sogndal sløkkja Brann endå ein gong. Ikkje heilt uvanleg heime på Fosshaugane. Av dei 11 spelte tippeligakampane mellom klubbane har Sogndal vunne sju av dei. Så kvifor ikkje i morgon når Piotr Leciejewski og Lars Grorud møter «sine eigne»?

Sogndal mot Brann har alt som skal til for at det skal bli underhaldande og eit fotballdrama slik alle ønskjer. Frå den første NM-kampen på Stadion i 1960 med Kniksen og Erling Hillestad, far til Asle i hovudrollane til cupdramaet på Stadion i sommar der Brann hadde både flaks og ein straffereddande ekspert i Piotr Leciejewski. Mange og harde «slag» har vore utkjempa.

Sogndal viste påLerkendal at laget har teke mange steg i retning dei store og etablerte i norsk toppfotball. Fylkeslaget vårt, med 7-8 frå fjordfylket møter gjerne lag med minst like mange utlendingar på laget. Slik sett er det ein formidabel prestajon av Sogndal viss laget skulle makta å fornya kontrakten i tippeligaen. Nokon vil seia naturstridig. Men som kjent, i dette fylket har me vist i fleire samanhengar at me kan når me vil. Å stå saman mot overmakta. Mot dei som er større og betre enn oss. Det gjeld å vera litt smart, men også å ha trua.

Det er grunn til å vera stolte folkens! Møt opp på Fosshaugane og kjenn på den gode følelsen når Brann får svi i morgon. Ulrik Flo fekk nettkjenning på Lerkendal, Ørjan Hopen kjem inn att og Even Hovland er i storslag. Eller kanskje jokeren heiter Tore André Flo?

Dette blir intenst. Fotball skal kjennast på kroppen, og Sogndal-Brann kan vera tøft nok også frå sidelinja! Av alt det uviktige i verda, er fotball det viktigatse, var det ein kjend fotballeiar som sa. Moro blir det uansett. Stao Pao, Sogndal.

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/24/brann-sl%c3%b8kking-pa-fosshaugane/feed/ 0
På Viking-tokt http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/18/pa-viking-tokt/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/18/pa-viking-tokt/#respond Sun, 18 Sep 2011 10:00:49 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=94 Les videre ]]> Sogndal på Viking-tokt i oljebyen. Ikkje den lettaste arenaen for dei svart-kvite, men ein gong blir det kanskje siger også der?

Etter gårsdagens kamp mellom Fredrikstad og Molde kan det vera på sin plass å snakka om marginar i fotball. Som kjent tapte Sogndal 0-1 i sommarens oppgjer mot FFK på Fosshaugane. Etter nederlaget for Molde i går, hamna raudbuksene bak Sogndal på tabellen, begge lag med 24 poeng. Viss Sogndal hadde vunne 1-0 i den innbyrdes kampen i sommar, kjem den mykje omtala 6-poengskampen fram. Marginar som det heiter, 27 for Sogndal mot 21 for FFK. Om, dersom viss. Det er lov å  tenkja tanken……..

Vidare kunne matematikkekspertar i går fortelja at det er så godt som avgjort at Start og Sarpsborg 08 rykkjer ned. Det er det vel all grunn til å la matte-folka ha den statistikken for seg sjølv. Det skal spelast mange kampar fram mot slutten av november! Sogndal har tre denne veka, og for nokre oppgjer. Tre av dei største i norsk fotball står klar, Viking i dag, Rosenborg torsdag, og sjølve rosina i pølsa, Brann på Fosshaugane søndag om ei veke. Det siste blir ein klassikar, for eit oppgjer, for ein atmosfære, for eit drama det vil bli mot dei raude med Leciejewski og Grorud på «hi sida».

Mats Solheim går i union med svenskane. Kalmar har sikra seg den sympatiske og alltid innsatsfulle spissen som vart omskulert til back. Om han blir den nye «Erik av Pommern», utnemnd som konge den gongen i 1397, står att å sjå. Det er all grunnn til å ønskja Mats lukke til. Han har vore ein viktig og god bidragsytar i Sogndal sidan han kom til klubben i 2006. 156 kampar har han fått med seg, og han vil heilt sikkert gje alt for Sogndal i kampen for å overleva i tippeligaen.

For Sogndal er det som regel problemfritt at spelarar forlet klubben. Kven har merka noko til tapet av Leciejewski og Grorud? Historia syner at Sogndal gjer det svært så godt etter slike overgangar. Det er nok å nemna namn som Atle Torvanger til Brann i 88, Jostein Flo til Sheffield United i -93, Håvard Flo til Århus i -94, Tore André Flo til Tromsø i -94, Eirik Bakke til Leeds i -99. Som kjent har Sogndal levd svært så godt etter tapet av slike profilar og.  Det beste av alt, nokre kjem att og tek ein ny tørn for klubben!

Så når Even Hovland tek steget ut i fotballeuropa i løpet av vinteren, er det ingen grunn til uro. Arvtakarane står i kø!

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/18/pa-viking-tokt/feed/ 0
«E berre delja te han!» http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/10/e-berre-delja-te-han/ http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/10/e-berre-delja-te-han/#respond Sat, 10 Sep 2011 10:30:20 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=90 Les videre ]]> Det er 15 år sidan Sogndal sist slo Aalesund på Fosshaugane. Årdølen Frank Øyre laga eit av dei mest spektakulære måla i SIL-historien med eit skot frå kring 40 meters hald.

— E berre delja té´an, var matchvinnar Øyre sin klassiske kommentar til NRK-sporten etter kampen.

Det er på tide å bryta denne statistikken i morgon når Kjetil Rekdals menn skal utfordrast. Sogndal har ei imponerande rekkje kampar etter sommarferien. Berre eitt tap på seks kampar, og Kenneth Udjus og Co er det gjerrigaste laget i tippeligaen. Og er det nokon sogndølene likar å stoppa kjeften på, så er det Kjetil Rekdal!

Det går mot eit fullsett Fosshaugane, 5000 tilskodarar og eit av haustens store oppgjer. Det er 10 kampar att, haustjakta er i gang både til fjells og på fotballbaner rundt om. Eg har ein draum – måtte Cato Hansen og Ulrik Flo endeleg få kjenna følelsen av ballen som susar inn i nettmasskane. Greitt at det er det same kven som scorar måla, berre Sogndal vinn. Men begge fortener denne godfølelsen etter utrøytteleg jobbing kamp etter kamp. Eg har trua…….

Elles har det vore storm i kasta på Fosshaugane etter Sogndal 2 sitt smertelege tap for Sandane i 4. divisjon. Konsekvensen av framleis 4. divisjonsspel for dei nest beste i Sogndal kan vera katastrofal. At det blir oppgjer på kammerset etter ein slik fadese er berre rett og rimeleg.

I NFF-leiren er ikkje stoda særleg betre. Amatørskapen i norsk toppfotball vart stadfesta endå ein gong etter rundspelinga i Parken mot Danmark. Den påfølgjande og pinlege uteliv-saka med Rise og Co set landslaget og flaggskipet vårt i eit dårleg lys, for å sei det pent. Gutunga-fakter!

Lurer på kva dei trur inst inne, Drillo, Semb, Hallén og det norske topptrenarkorpset?

Norsk toppfotball er på felgen – me er neppe blant dei 30 beste i Europa. Bør me leva med det? Er det der me høyrer heime? Kanskje…..?

Men det er også muleg å analysera nærmare kva som går føre seg på klubbnivå i norsk fotball. Alt kan umuleg vera like bra. Sogndal er ein av klubbane som satsar på ein lokal fylkesprofil – og takk for det. Der vårt lag stillert med 7-8 spelarar frå Sogn og Fjordane, kjem brorparten av dei andre tippeligaklubbane med like mange utanlandske. Ikkje sikkert det siste tener utviklinga av våre eigne spelarar, som jo skal utgjera ein del av landslaget i framtida.

Uansett – i morgon gler eg meg til å sjå ein illsint og frustrert  Kjetil Rekdal, like forundra og etter kvart like mållaus som Henning Berg på Åråsen då Sogndal fossa fram til siger.

Det gjer så forbaska godt å klå dei store!

]]>
http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/09/10/e-berre-delja-te-han/feed/ 0