«E berre delja te han!»

Det er 15 år sidan Sogndal sist slo Aalesund på Fosshaugane. Årdølen Frank Øyre laga eit av dei mest spektakulære måla i SIL-historien med eit skot frå kring 40 meters hald.

— E berre delja té´an, var matchvinnar Øyre sin klassiske kommentar til NRK-sporten etter kampen.

Det er på tide å bryta denne statistikken i morgon når Kjetil Rekdals menn skal utfordrast. Sogndal har ei imponerande rekkje kampar etter sommarferien. Berre eitt tap på seks kampar, og Kenneth Udjus og Co er det gjerrigaste laget i tippeligaen. Og er det nokon sogndølene likar å stoppa kjeften på, så er det Kjetil Rekdal!

Det går mot eit fullsett Fosshaugane, 5000 tilskodarar og eit av haustens store oppgjer. Det er 10 kampar att, haustjakta er i gang både til fjells og på fotballbaner rundt om. Eg har ein draum – måtte Cato Hansen og Ulrik Flo endeleg få kjenna følelsen av ballen som susar inn i nettmasskane. Greitt at det er det same kven som scorar måla, berre Sogndal vinn. Men begge fortener denne godfølelsen etter utrøytteleg jobbing kamp etter kamp. Eg har trua…….

Elles har det vore storm i kasta på Fosshaugane etter Sogndal 2 sitt smertelege tap for Sandane i 4. divisjon. Konsekvensen av framleis 4. divisjonsspel for dei nest beste i Sogndal kan vera katastrofal. At det blir oppgjer på kammerset etter ein slik fadese er berre rett og rimeleg.

I NFF-leiren er ikkje stoda særleg betre. Amatørskapen i norsk toppfotball vart stadfesta endå ein gong etter rundspelinga i Parken mot Danmark. Den påfølgjande og pinlege uteliv-saka med Rise og Co set landslaget og flaggskipet vårt i eit dårleg lys, for å sei det pent. Gutunga-fakter!

Lurer på kva dei trur inst inne, Drillo, Semb, Hallén og det norske topptrenarkorpset?

Norsk toppfotball er på felgen – me er neppe blant dei 30 beste i Europa. Bør me leva med det? Er det der me høyrer heime? Kanskje…..?

Men det er også muleg å analysera nærmare kva som går føre seg på klubbnivå i norsk fotball. Alt kan umuleg vera like bra. Sogndal er ein av klubbane som satsar på ein lokal fylkesprofil – og takk for det. Der vårt lag stillert med 7-8 spelarar frå Sogn og Fjordane, kjem brorparten av dei andre tippeligaklubbane med like mange utanlandske. Ikkje sikkert det siste tener utviklinga av våre eigne spelarar, som jo skal utgjera ein del av landslaget i framtida.

Uansett – i morgon gler eg meg til å sjå ein illsint og frustrert  Kjetil Rekdal, like forundra og etter kvart like mållaus som Henning Berg på Åråsen då Sogndal fossa fram til siger.

Det gjer så forbaska godt å klå dei store!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *