Tilfellet Aabrekk

Harald Aabrekk fekk akkurat den avslutninga han og alle drøymde om – å slå seriemeistar Molde heime på Fosshaugane. Ein flott førjulspresang etter ein spelar- og trenarkarriere i Sogndal det står stor respekt av. Aabrekk kom til fruktbygda før sesongen 1974 og scora i debuten mot Tornado på Refvika i april-74. Sidan gjekk det litt opp og ned med sogndalkarriereen før han kom att og var svært sentral i det første opprykket til tippeligaen i 1982. Mot Molde vart han historisk då han scora i 1-1 kampen, den første i tippeligaen på Fosshaugane..

I kveld kan han tenna sigerssigaren etter 2-1 mot den same klubben. Ein solid prestisjesiger overfor kollega Solskjær, og for tredje gong i trenarkarieren held han Sogndal i tippeligaen. Imponerande. Første gong var i 1991 då Jostein Flo kom heim frå Belgia og hjelpte godt til. I 2002 tok han over for Torbjørn Glomnes etter ein sørgjeleg vårsesong. Men Aabrekk fann oppskrifta den gongen og, med god hjelp frå ein knallsterk midtstopparduo Raoul Kouakou og Marco Reda.

I år har han klart det igjen, mot mange odds. 2-1 mot Molde var heilt fortent, og når «gamlefar» Tore André Flo melde seg til teneste med to scoringar, kan det knapt bli betre. Eidaren har organisert det beste forsvaret i tippeligaen, og fått klart svar frå spelarane som no er blitt fullblods tippeligaspelarar.

Frå 2012 er det klart for regimeskifte på Fosshaugane. Harald Aabrekk kan trygt lena seg tilbake og nyte stunda. Ein flott spelarkarriere på 70- og 80-talet er ein ting, ein trenarkarriere me aldri har sett maken til i Sogndal noko heilt anna. Gratulerer Harald!

Fleire spelarar forsvinn ut porten på Fosshaugane etter denne sesongen. Men fortvil ikkje, historien fortel tydeleg at det har svært lite å seia. Nye står klar og berre trippar etter å komma i gang. Duoen Brochmann/Teniste er alt varme i trøya. 2012 blir eit spennande og flott fotballår.

Og – det er berre fire månader til seriestart!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *