Fotballkaos

Det er kaos i norsk fotball for tida. Landslaget si flause mot Wales var vond å svelgja, bortsett frå for jubilant John Arne Riise som var strålande nøgd med eigen innsats i kamp nummer 100 for Noreg. Og så Drillo då, som var meir nøgd med prestasjonen enn resultatet! Dei kunne begge med fordel ha innrømma fadesen og innsett realitetane. Me er truleg ein stad mellom nummer 20 og 30 i Europa slik stoda er i dag.  Eg er redd det kan bli lenge til neste EM- eller VM-sluttspel. 

Då må i alle fall samtlege toppklubbar ta tak i utviklinga av unge spelarar, og me må få mange fleire ut i Europa, i dei gode klubbane. Her ligg me langt bak både Sverige og Danmark. På toppen i NFF sit Yngve Hallén. Det stormar kring hans kandidatur og, ikkje så rart etter fleire unheldige saker i media for norsk toppfotball den seinare tida. At NFF i tillegg skipla TV-avtalen med TV2, var og tungt å svelgja for mange. Men til Halléns forsvar skal det seiast at det har vore svært uheldige og vanskelege  saker å hanskast med. For dei som hugsar leiartida med Hallén i Sogndal Fotball, er det likevel ikkje nokon sensasjon at det bles kraftig i hans nærleik. Det kan ha to forklaringr. Han er ein dynamisk og rett-på-sak leiar, uredd og tøff i debattar. Det siste er nok ikkje like lett for alle å svelgja. Og Hallén skal ri to hestar, breidde- og toppfotball. Ikkje enkelt å forsvara begge partar. Det blir spennande å sjå kva fotballtinget seier i mars neste år.

Stabæk, Vålerenga og Rosenborg har også sitt å stri med for tida etter islandske Veigar Pall Gunnarsson sin overgang til Vålerenga. Det luktar stygt av denne saka som politiet no vil granska nærmare. I Sogndal Fotball har det også vore ein turbulent haust med ei rekkje merkelege interne episodar. Heldigvis har spelarane prestert og halde fokus på prestasjonen ute på bana. For den har vore sterk i haust, eigentleg heilt frå sommarferien. Sogndal kan skryta på seg å ha den tettaste forsvarsmuren, og 11 kampar utan baklengsmål det står det repsekt av. Rekord for Sogndal. Så kan me sjølvsagt ønskja oss litt fleire scoringar den andre vegen. Men Sogndal er så godt som sikra tippeligaplass også i 2012. Ein sterk prestasjon i eit fotballfylke der dei fleste andre laga av ein viss storleik har svikta etter tur.

Likevel, eg er spent på evalueringa av årets sesong i Sogndal. Ein del av det som har skjedd må få konsekvensar. For fotballflaggskipet sin del håpar eg denne prosessen blir open og konstruktiv. For det laget som no er i emning, kan bli eit tippeligalag i mange år framover. Kva klubben gjer for dei nest-beste og rekruttane i eigne rekkjer, blir for meg svært interessant. Når ein spelar som Oddbjørn Skartun no er klar for FK Haugesund, verker det litt i bringa mi. På Kongsvinger er Gøran Wigum i ferd med å etablera seg under Tom Nordlie sine vengjer. Begge ekte sogndaslprodukt, uferdige og umodne som 16-17 åringar, og som dermed tok steget ut i fotballverda. Korrekt nok. Men kva har Sogndal gjort for å henta desse tilbake? Har dei følgd opp talenta og hatt ein tett dialog med dei? Det burde bety svært mykje at to så gode fotballspelarar etter kvart akslar sogndalstrøya. Skartun-namnet er ikkje noko kva som helst i fotballbygda. Og alle veit kva det kostar å henta spelarar utanfrå.

Søndag er det Odd Grenland og Skagerak Arena for Sogndal. Ein glimrande sjanse til å slå Odderane for første gong i seriesamanheng. I 1996 vann Sogndal 1-0 (Eirik Bakke) i kvalik-kampen som sikra opprykk til tippeligaen. Elles har det vore ein del uavgjort, men flest tap på det som no er kunstgrasdekke. Morten Fevang og Co er utan tap på dei åtte siste kampane. Dermed burde det liggja til rette for å bryta denne rekkja, Sogndal. Men det aller beste vil jo vera å ta skalpen til seriemeister Molde og Ole Gunnar Solskjær neste søndag!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *