Kommentarer til Jons frispark http://blogg.nrk.no/sogndal En blogg fra NRK Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Kommentar til Svensk betyr suksess av Jon Navarsete http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/07/svensk-betyr-suksess/#comment-80 Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=111#comment-80 Kor lovande ein spelar er, kan alltid diskuterast. I mine auge er Ness avgjort ein spelar for framtida i Sogndal, og lovande, ja. Han har spelt tippeliga og NM/kampar denne sesongen.
Det handlar alltid om tillit over tid. Me faor sjao. Eg har god tru!!!!

]]>
Kommentar til Svensk betyr suksess av Sol http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/07/svensk-betyr-suksess/#comment-79 Sun, 09 Oct 2011 11:02:51 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=111#comment-79 Skjønar ikkje kvifor du trekk fram Thomas Ness. Har han bevist at han er blant dei mest lovande unge spelerane i landet? Har han U-landskampar? Har han kampar for Sogndal på adecco- og tippeliganivå? Er han ein spelar som er aktuell for andre toppklubbar?

]]>
Kommentar til Når proffar blir amatørar av am øvrebø http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/#comment-78 Sat, 01 Oct 2011 18:45:12 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=106#comment-78 glimrande skreve jon. mykje sant i bloggen din. hald fram. moro å lese.

]]>
Kommentar til Når proffar blir amatørar av jon navarsete http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/#comment-77 Sat, 01 Oct 2011 17:05:31 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=106#comment-77 glimrande karin!

heilt klart – dei store har mykje å griupa tak i. og ingen spesielt stor grunn til å klaga på dei «små»……..!!!

lukke til i plankebyen!!!!!

]]>
Kommentar til Når proffar blir amatørar av Karin Tønjum http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/10/01/nar-proffar-blir-amatr%c3%b8ar/#comment-76 Sat, 01 Oct 2011 10:08:39 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=106#comment-76 Hei Jon!

Er så enig, så enig i det du skriv her!! Særleg det om Semb og karane i «Bakrommet»……..Dei store klubbane har mykje å læra av dei små!

Me sogningar i svart og kvitt, pluss litt rosa…. er klare til kampen i Fredrikstad for å henta 3 nye poeng til laget vårt. Denne gongen skal me rekka kampen, det gjorde me ikkje i 1985 då Sogndal vann 5-2, då stod det feil kamptid i Dagbladet…..
Go`søndag med seier!

Frå Karin

]]>
Kommentar til Fotballferie og realisme av Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/07/08/fotballferie-og-realisme/#comment-58 Fri, 15 Jul 2011 19:37:47 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=55#comment-58 Fotballferie og realisme? Spesielt det siste ordet, Jon. Me ligg på sisteplass og veit spelarane at me ligg der? På treningsfeltet skal ein leggje grunnlaget for korleis ein skal spela kampar etter Aabrekks sin fotballfilosofi. Då må ein og kvar Sogndalspelar jobba knallhardt for at samhandling og spelemønster sit akkurat nok til at me kaprar alle poenga heime f.k. sundag mot Sarpsborg 08. Spelarane kan også lukkast ved at me fyller opp Fosshaugane Campus. Då må også folk i Sogn og Fjordane gå på kamp! Me må laga trøkk. Her må publikum i Sogn og Fjordane rett og slett skjerpa seg! Det største teateret i fylket vårt har plass til godt over 5000 tilskodarar. Korleis skal me fylla opp tribunane? Eg veit at spelarane er skuffa over oppmøte på Fosshaugane Campus i år. Greit nok; me ligg sist sjølv om det er tett og jamnt på nedre halvleik av tabellen.

Så til spel og samhandling: Kvar er leiartypen i laget vårt? Eg ser han ikkje! Kapteinen på laget skal gå fram og styra laget i medgong og motgong. Ein Roy Keane-innstilling er det me manglar innad i laget. Ein som piskar og seier ifrå om me skal blø for drakti. Den kvite drakta skal behandlast med respekt og då må ein gje 100 % for laget sitt og supportarane. Med meir entusiasme og spelarar som ynskjer Tippeligaspel i 2012 så kan dette gå vegen. Me har ein kamp til gode, den får vera ein bonus til hausten men til dets må spelet sitja betre.

Med ein julimånad utan tap håpar eg også at Sogndal Fotball sèt foten ned og ordnar opp i «styret» rundt Even Hovland og evt. andre salsobjektar i laget. Eg stolar på at Egil Mundal og hans stab veit kva dei gjer. Me er trass alt i Tippeligaen. For me er vel ikkje der kun for å visa dei rosa draktene?`

Sarpsborg 08 står for tur sundag. Eg skal er klar til å ropa og klappa laget fram til siger. Ein god saft har ingrediensar av god kvalitet. Ein god supportar har ingrediensar med hjartet for klubben i kvitt og svart!

God kamp!

]]>
Kommentar til Tenk 2012 – og endå lenger av Svein http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/26/tenk-2012-og-enda-lenger/#comment-42 Mon, 04 Jul 2011 09:27:47 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=51#comment-42 Eg er heilt einig med deg i at Sogndal må tenkja framover og at betre ferdigheiter og satsing på yngre årsklassar er heilt sentralt. Det er nok å sjå på lag som Strømsgodset og Odd Grenland for to ulike filosofiar der Godset si satsing på unge talent ser ut til å bera frukter medan Odd/Fagermo sitt gammalmanns-opplegg ikkje ser ut til å lukkast.

Men eg er redd Sogndal må ta vegen nedatt i Adecco for å gjennomføra den nødvendige omlegginga. Det er vanskeleg å læra spelarar på 22 år og meir, betre basisferdigheiter. Det lærer ein lettast som ungdom. Slik sett er det veldig positivt at Tommy Øren er henta inn for utvikling av yngre spelarar.

Og la oss håpa at kunstgraset snart er på plass på Fosshaugane. Det er også ein føresetnad for å gjennomføra nødvendige endringar.

]]>
Kommentar til Våg å vinna av Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/20/vag-a-vinna/#comment-32 Thu, 23 Jun 2011 21:10:14 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=46#comment-32 Cuptapet mot Brann svei noko so inni h……. at det gjorde forferdeleg ilt!

Unggutane du nemner i Hopen og Ness viste gode takter i cupkampen på Brann Stadion. Spelet i andre omgang var meget bra, bortimotårsbeste tykte eg. No gjeld det å spela fotball og 100 % fokus på å vinna kampane. Det eg er redd for er den mentale biten: «Me må kjempa for å overleva!» Eit velkjent sitat for klubbar som slit i botn av Tippeligaen. Kanskje det er på tide å snu det litt om? Heller tenkja på at me skal spela ein fotballkamp og den skal me vinna! 1/3 av sesongen er spela ferdig. No gjeld det for spelarane å visa sine dugleikar på kamp, men då må òg publikum ta turen til Fosshaugane. For det er vel ikkje så farleg å utstyra seg i kvitt og svart? Er det vel?

FFK skal bankast!

]]>
Kommentar til Smågutefotball av Geir Frsode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/10/smagutefotball/#comment-31 Fri, 17 Jun 2011 06:36:45 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=43#comment-31 Endeleg losna det mot Haugesund. Endeleg fann spelarane ut korleis den offensive delen av spelet skal føregå! Det var godt å sjå at laget kan levera slike kvalitetar i Tippeligaen. Utfordringa no er å prestere jamnt over tid. No står Molde for tur og eg trur fakttisk på festfotball søndag når TV2 Zebra sender kampen frå kl. 1600. Takk,, Harald og co.

]]>
Kommentar til Smågutefotball av Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/10/smagutefotball/#comment-30 Wed, 15 Jun 2011 20:01:50 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=43#comment-30 Det er hardt å vera saftkokar for tida. Det vil seg ikkje for Sogndalslaget. Me var463 personar som løyste billett på bortefeltet i kampen mot Brann. Takkar til alle som møtte opp og me laga ein fantastisk god stemning. Dette bør me gjera på Fosshaugane òg!

Kva med spelemønsteret i laget vårt? Sprikk det snart i spelegruppa? Kor lenge held dei ut med denne spelestilen til Aabrekk? Er det verkeleg slik den ser ut når dei spelar. Harald oppsummerar ofte etter kampane med: «Vi slit med dei offensive kvalitetene i laget. Dette må vi ta med i treningsarbeidet.» Harald, vert ikkje du òg utålmodig når du ser laget ditt opptre omtrent det same kvar serierunde? Du har nok dine stunder og tankar.

Her må det bli tre kyniske poeng, Harald!

]]>