Når proffar blir amatørar

Det er heftig debatt om tilstanden i norsk toppfotball for tida. Felles for dei fleste debattantane er, av ein eller annan merkeleg grunn, at det er for mange lag i tippeligaen. Svært få ser ut til å setja fokus på det som betyr noko – mengden, kvaliteten og intensiteten i treninga. Skal norske fotballspelarar hevda seg mot lag ute i Europa, må det setjast inn tiltak langt betre enn kva som er tilfelle i dag. Og det må starta i ung alder.

Det pussige er at dei største klubbane er dei som skrik høgast om færre lag i tippeligaen, godt søtta av sjefen på toppen, Nils Johan Semb. I ein debatt i «Bakrommet» denne veka følgde karar som Tom Nordlie og Bengt Eriksen opp. Då er det interessant å oppleva at lag som Sogndal og FK Haugesund klarar seg så godt som dei gjer. Begge er minst i klassen, særleg Sogndal. Og i motsetnad til majoriteten av dei andre, i Sogndal får dei unge speletid og blir satsa på. Så godt som alle dei andre satsar på utanlandsimport og plasserer dei unge talenta på benken, i skuggen.

At dei små laga i Norge alltid har vore uglesett blant dei store får så vera. Men så lenge Rosenborg, Lllestrøm, Brann, Molde og Vålerenga har meir enn nok med å slå eller spela jamt med Sogndal, burde kritikarane kanskje sjå etter andre forklaringar og argument?

Eg har hevda det før, og gjentek det gjerne. Det på høgtid å setja fokus på innhaldet i treninga hjå toppklubbane. Det kan umoglege vera godt nok når ein ser på det som blir presetert. I idrettar der stoppeklokka fortel om resultatet, blir det sett inn tiltak når du er 20-30 sekundar eller meir bak vinnaren. Men i fotball kan ein skjula seg bak dei mest utrulege forklaringar, bortforklaringar som regel.

Alle spelarane i tippeligaen er profesjonelle. Det betyr at dei er tilgjengeleg «døgnet rundt». Min påstand er dei fleste lullar seg inn i trua på at dei trenar mykje og godt. Dette er feil- samanlikna med andre idrettar trenar norske fotballspelarar for lite og jamt over med for dårleg kvalitet. Noko anna forklaring er det neppe når ein ser kva som møter våre spelarar ute i Europa.

Like underleg er det at mange norske spelarar drøymer om å bli profesjonelle spelarar, noko dei i røynda alt er! At utlandet lokkar forstår eg, men for dei fleste endar utanlandsopphald med mageplask av dimensjonar. Grunnen er ganske enkel, tilstanden og kvardagen på heimebane er alt for dårleg.

Før Eirik Bakke gjekk til Leeds vart han «bombardert» med ei rekkje treningar av ein som visste alt om kva ungguten gjekk til, Mike Speight. Eirik var førebudd på det som møtte han i Leeds og takla overgangen frå dag ein. Dessutan var han eit unikt talent. Det høyrer med. Eg håpar verkeleg at Eirik kviskrar nokre ord i øyra på Even Hovland før han dreg ut i Europa. Vaimingen har eit enormt potensiale, men eg er ikkje heilt sikker på om han veit kva som møter han der ute?

Henning Berg og  Martin Andresen er eksponentar på trenarar som har fått det meste opp i hendene. Pengar og støtteapparat for å skapa eit godt fotballag. Det dei to har prestert siste par åra er skammeleg dårleg ut frå føresetnadene. At lag som Rosenborg, Brann og Viking heller ikkje får det spesielt godt til, bør få «ekspertane» til å bruka lupa betre og sjå på kvardagen i desse klubbane og kanskje finna ut kvifor dei presterer såpass ordinært som dei gjer.

At Sogndal no hamlar opp med dei fleste av laga, skal i utgangspunktet ikkje vera muleg. Dessutan satsar Sogndal ungt (best i klassen!) og på spelarar frå eige fylke primært. Sjå på utanlandskvoten hjå konkurrentane og bli imponert over det Sogndal gjer.

Eg håpar debatten om norsk toppfotball held fram, men ser gjerne at aktørane tek av dei mørke brillene og ser at det er langt fleire nyansar og moment som må vurderast framfor talet på lag i Tippeligaen.

Sogndal gjestar «plankebyen» og Fredrikstad søndag. Ein vanskeleg bortekamp mot ein av aristokratane i norsk fotball. Med mange utanlandske spelarar,  og stort forbruk av pengar dei siste åra. Utan framgang av betydning.

Til våre sogningar og fjordingar i svart og kvitt, poengsjansen er der. Grip han!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Når proffar blir amatørar

  1. Karin Tønjum sier:

    Hei Jon!

    Er så enig, så enig i det du skriv her!! Særleg det om Semb og karane i «Bakrommet»……..Dei store klubbane har mykje å læra av dei små!

    Me sogningar i svart og kvitt, pluss litt rosa…. er klare til kampen i Fredrikstad for å henta 3 nye poeng til laget vårt. Denne gongen skal me rekka kampen, det gjorde me ikkje i 1985 då Sogndal vann 5-2, då stod det feil kamptid i Dagbladet…..
    Go`søndag med seier!

    Frå Karin

    • jon navarsete sier:

      glimrande karin!

      heilt klart – dei store har mykje å griupa tak i. og ingen spesielt stor grunn til å klaga på dei «små»……..!!!

      lukke til i plankebyen!!!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *