Strømsgodset og duoen Ronny Deila/Jostein Flo fortener ros for det dei har utretta med SIF, laget som kom frå Gulskogen i Drammen og tok fotball-Noreg med storm I 1968-69. Grunnen til heiaropa er måten Godset spelar fotball, og det faktum at trenar Deila gir ungdomen sjansen. SIF sitt andrelag i toppen av 2. divisjon viser at drammensklubben har lukkast med satsinga.
Slik sett er det to lag med same målsetjing og same filosofi som møtest på Fosshaugane søndag. Men opningskampen i årets tippeliga var ei sjokkoppleving for mange av sogndalsspelarane. I 75 minutt var dei læregutar som let seg imponera og ikkje heilt forstod kva som skjedde. Heilt til det var gått 75. minutt av kampen. Det kunne blitt ubehagelege siffer, men Ole Jørgen Halvorsen si straffescoring endra kampbiletet. Dei svart/kvite forstod at også dei kunne spela football. Sesongen har vist at mange har teke denne lærdomen raskt, sjølv om det måtte bli sommarsol før laget vakna og kasta nisselua..
Fotball handlar om mykje om å våga, ha tru på eigne ferdigheiter. Det vil kampen søndag visa. Sogndal har lært, og Strømsgodset er til å koma på talefot med. Likevel, det er grunn til å jubla for trenarar som Ronny Deila. Han er uredd og går eigne vegar om naudsynt.
Norsk toppfotball er prega av konformitet og lite nytenking. Deila står for noko anna enn mange trenarkollegaer. Fotball er også taktisk samhandling og ferdigheiter. Ikkje berre formasjon og endelaus sparking. Deila er i ferd med å danna ein ny fotballskule, og takk for det!
Det Strømsgodset har prestert på Marienlyst er imponerande. At laget slit på bortebane, noko som tilseier at Sogndal har gode sjansar til poeng, syner berre at også SIF-spelarane er i ein lærefase, som Harald Aabrekk sine elevar. Det er såleis to lovande, spennande lag som entrar Fosshaugane. Publikum har grunn til å gleda seg.
Så til årets 3. divisjon. Det er ingen grunn til at våre lag skal ha spesielt store vanskar med å hevda seg på dette nivået. I helga møtest pionerane frå Jotun og Sogndal på Fosshaugane, spelarane frå 1960-talet. Utfordringa deira var truleg endå større enn det dagens 3. divisjonslag opplever. Gamlegutta tok utfordringa og viste til fulle at fotballen i fjordfylket har svært lite å skamma seg over. Dette bør også dagens spelarar, trenarar og leiarar ta inn over seg.
Til Førde- de har fint lite å klaga over. Spelarmateriell og støtteapparat tilseier at laget så avgjort bør klara å halda plassen i 2. divisjon. Ta utfordringa, det er framleis von i hangande snøre! Skulle det enda med nedrykk, er det berre å spytta i nevane, krumma nakken og innsjå at mentaliteten og treningskulturen må løftast endå eit hakk. Duoen Folland og Glomnes har ein jobba å gjera, men først og fremst er det spelarane som må forstå kva dette handlar om. Dei har ikkje prestert godt nok, så langt.
Med von om ei innbringande fotballhelg for laga frå fjordfylket!
Lukke til.