Då radioen svikta

Tenk deg at favorittlaget spelar finale i FA-cupen. Du sit i heilspenn i 2 x 45 minutt. Det står 0-0 og kampen går til ekstraomgangar. Då er sendinga slutt, fordi neste program skal ta til.

Det opplevde eg i 1968. Eg følgde kampen mellom Everton og West Bromwich på radio, vi hadde ikkje tv heime den gongen.

Klokka var 16 og kampen tok til. Bjørge Lillelien på radio var fest på dei dagar, det var ingen sakn å ikkje sjå bileta i svart kvitt. Lillelien var uansett ein meister i å fargelegge kampen og Wembley-atmosfæren med sine kommentarar.

Everton var favoritt, men første omgang var jamn – og sannsynlegvis mykje kjedelegare enn det som kom fram gjennom Lilleliens skildringar. Det er iallfall intrykket eg har lese meg til i ettertid. Everton pressa sterkt i andre omgang, men utan resultat.

– Den dårlegaste finalen eg har sett, og den nest dårlegaste var mykje betre enn denne, sa danske Politikens utsende medarbeidar, som dekka sin 20. FA-cupfinale på rad.

Men for meg heime i stova var det ikkje det som var hovudproblemet. Problemet var at Lillelien måtte seie takk for seg. Barnetimen skulle nemleg overta i radioen klokka 18, og det var ikkje bøn for slikt i dei dagar. Ekstraomgangane vart aldri sende.

Ventetida var lang og pinefull. Skulle Everton få det målet eg så inderleg håpa? Var det dei som skulle få pokalen av prinsesse Alexandra? Programsettarane i radioen (det heitte ikkje P1 og P2 på den tid – det var ein kanal, det var Radioen) stod ikkje høgt i kurs hos denne 13-åringen.

Det var Dagsnytt-sending klokka sju. Då måtte vel ekstraomgangane vere ferdige? Men nei, resultatet vart ikkje nemnt. Siste Dagsnytt-sending for kvelden var klokka ti, og det var det ulideleg lenge til. Naboen med tv-apparat var ikkje heime, eg kunne ikkje spørje dei om korleis det hadde gått heller. Livet var ikkje til å halde ut. Hadde eg hatt programsettarane her, hadde det nok gått dei ille.

Langt om lenge vart klokka 10. Heilt mot slutten av sendinga kom det rapport frå Lillelien: West Bromwich hadde scora allereie etter eit par minutt av ekstraomgangane, og det var det. 1-0 til West Bromwich, 0-1 for Everton. Og dette hadde eg venta ein lang og vond kveld på. Kanskje var det like bra at elendigheita aldri vart send på Radioen likevel….

NRK har nok kutta sportssendingar i tidlegaste laget ved andre høve og, både på radio og fjernsyn. Men for meg har det aldri smerta meir enn denne mai-laurdagen.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *