Roger’n og meg – raudt mot blått i Liverpool

Liverpools Mark Wright i duell med Evertons Duncan Ferguson i en Premier League-kamp i 1997.

Kampane mellom byrivalane Everton og Liverpool kan bere preg av hatoppgjer, men ikkje alt hat er like ille. Det fann eg ut ein augustdag i 1992, året då Liverpool FC fylte 100 år. Og då var det ikkje eingong lokalderby.

Det var ein eim av skodde denne halvgrå søndagsettermiddagen. Liverpool skulle møte Arsenal på Anfield, dit eg skulle for aller første – og så langt også siste – gong.

Eg tok eit tidleg tog og var på Liverpool Lime Street jernbanestasjon godt over to timar før kampstart. Eg kapra ein taxi og bad sjåføren køyre meg til Anfield. Det skulle bli ein minnerik tur.

Her er det på sin plass å skyte inn at denne bloggar er sterk tilhengar av Everton, byens blå lag. Så langt tilbake som i 1966 såg eg min aller første kamp på fjernsyn. FA-cupfinale, Everton vs. Sheffield Wednesday. Wednesday leia 2-0 eit godt sykke ut i andre omgang, så snudde Everton det heile på få minutt og vann 3-2.

Den tette og elektriske Wembley-stemninga frå allsongen med ”Abide with me” til kapteinen løfta pokalen gjorde sterkt inntrykk på ein fotballinteressert smågut, og Everton fann sin ufråviklege plass i hjartet på 11-åringen den dagen.

Tilbake til taxien utanfor Liverpool Lime Street i 1992. Sjåføren i 60-årsalderen var av det pratsame slaget, og svært fotballinteressert. Og raud som berre det!

Han begynte å snakke fotball med ein gong. Han tok det for gitt at eg også var raud – eg skulle trass alt til Anfield.

Eg måtte fortelje som sant var, at eg var blå, og at Everton var mitt lag. Medlemskort i supporterklubben hadde eg også. Til Anfield skulle eg fordi eg alltid ville besøke nye baner, og at det uansett var interessant å sjå korleis ”fienden” hadde det.

Det var då han sette i gong med prosjektet sitt: Å omvende meg. For der i byen var det raudt som galdt, dei blå var ingenting. Det var dei raude som hadde historia og tradisjonane, det var rundt dei det gode fotballmiljøet var. Sa sjåføren. Sjølv hadde han sett dei fleste kampane på Anfield sidan tidleg 50-tal. Alle folk som han sette pris på, heldt på dei raude.

Ettersom eg var utlending, kunne han på eit vis forstå at eg svevde i ei slags villfaring, men den skulle vel han kunne rette opp i løpet av turen. Og han prøvde verkeleg hardt – det skal han ha.

Mine motargument om at også Everton har stolte tradisjonar og triumfar, prella av. Det betydde ikkje noko. Bortsett frå at det kjennest godt å slå dei, er det ingen grunn til å legge merke til Everton, sa sjåføren, som på det tidspunkt hadde presentert seg som Roger.

Så skjedde det utrulege. Roger slo av taksameteret, svinga ut frå sentrumsgatene og mot utkanten av byen – inn i smale gater mellom hus som såg heilt like ut. Framfor eitt av dei stansa han. – Just a second, sa Roger og gjekk inn.

Tre minutt etterpå kom Roger tilbake med to tjukke magasin i handa. – Sjå her, sa han då han rekte dei til meg. – Her er Liverpool stolte historie. Dei skal du få. Les, og du vil garantert skifte side. For dette er fotballhistorie på sitt stoltaste, sa Roger.

Lokalavisa Liverpool Echo hadde nokre veker tidlegare gitt ut to svære bilag med Liverpools innhaldsrike historie. Dette var i 1992, og klubbens store triumfferder på 70- og 80-talet både heime og ute i Europa var framleis nær fortid.

Og dette gav Roger altså til meg – ein heilt tilfeldig taxi-passasjer – nærmast som ein bibel som skulle omvende meg til den rette tru. Det var i grunnen ei heilt spesiell oppleving.

Så køyrde vi til Anfield. Roger ville ikkje ha betaling for turen, men han fekk nokre pundsedlar likevel før vi skilde lag. Det fortente han.

Deretter parkerte han taxien sin og rusla til sin faste plass saman med sin faste kompisar – raude alle saman, naturlegvis – på tribunen. Sjølv hamna eg på den nøytrale delen av tribunen, der eg meir eller mindre tilfeldig hadde kjøpt billett.

Dagen gjekk nok ikke heilt som Roger håpa. Arsenal var best og vann 2-0 den ettermiddagen. Og omvendinga var vel ikkje heilt vellykka den heller, framleis synest eg livet smiler breiast med blå siger når Merseyside-klubbane møtest. Det gjer ikkje Roger. Men bortsett frå det, ønskjer eg Roger’n det aller beste.

Det hender at det kjem noko godt frå den raude sida av Liverpool også.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Premier League, Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *