Trøblete, treig og gal informasjon

Kjetil Hasund ble den store helten for Hødd i nedrykksstriden i 1970.

Det er ikkje lenge sidan den bloggen du les no, hadde vore utenkeleg.

Du følgjer truleg med på nett, mobil, tv og radio og får scoringane straks dei kjem, og oppdatert løpande tabell. Du chattar og kommenterer medan du heile tida har detaljert oversikt over alt som skjer der ute på banene.

Og du blir nok irritert når informasjonen ikkje kjem raskt nok, når sambandet er nede, eller når tabellen ikkje heng med eller er heilt feil. Og du vil heilt sikkert sikre deg at du har kontakten og oppdateringa tilgjengeleg når du i desse dagar er på ferietur.

Men det er no.

Vi som har følgt fotballen nokre tiår, meiner å hugse ei tid der vi måtte finne oss i å vente både lenge og vel på resultata. Vi måtte vere tolmodige. Der vi i beste fall fekk resultatet i neste sending på Dagsnytt, der vi kanskje fekk tabellen nokre små sekund på Sportsrevyen søndag kveld, og der vi ikkje fekk detaljane om kampane før i avisa måndag – gjerne langt utpå dagen.

Det var i dei tider tippekupongen måtte leverast inn onsdag før kl 17, dersom den skulle kome fram til Norsk Tipping i posten før kampstart laurdag.

Og det verste av alt: Vi godtok det, fordi det var naturleg.

Også mellom arenaene var det vanskelig å få fram resultat i tide, og når innspurten var som tettast, kunne ventetida vere både lang og vond før oppdateringane frå andre kampar nådde fram. Då kunne spenninga vare lenge etter kampslutt.

Som i siste serierunde i 1970. Siste nedrykksplassen stod mellom Hødd og Skeid. Hødd hadde opparbeidd seg eit rykte som fotballens ”Houdini” – laget som klarte håplause oppgåver med minst mulige margin.

I 1965 rykte dei opp i 1. divisjon med eitt plussmål meir enn Rosenborg etter 8-2 i siste kamp. Og i 1969 slo dei Sarpsborg 3-1 i avslutninga – akkurat den tomålssigeren dei måtte ha for å sende Lyn og Start ned.

Men denne sure oktoberdagen i 1970 såg det umogeleg ut. Hødd hadde halde liv i eit tynt håp med ei sein scoring og 1-0 mot Viking i nest siste kamp, og skulle møte nedrykksklare Pors borte i siste kamp. Skeid låg to poeng (siger gav berre to poeng i dei dagar) og sju plussmål framfor Hødd.

Skeid tapte 0-1 for Strømsgodset, men i garderoben jubla dei for ny kontrakt. For i Porsgrunn stod det 0-0 i pausen – det hadde dei iallfall fått vite. Og då kunne aldri Hødd score 6 mål på ei omgang.

At Hødd leia 1-0 ved pause, var informasjon som aldri kom fram. Det hadde ikkje gjort nokon stor skilnad uansett.

Speakeren gratulerte også Skeid med ny kontrakt. For Hødd hadde vunne 4-0, ein klar siger, men ikkje stor nok. Hadde dei fått vite på Marienlyst i Drammen. Og jubelen tok av i Skeid-garderoben.

Så kom sportsnyheitene på radioen. Der slo dei fast at Hødd hadde rykka ned. – Hødd har slått Pors med 6-0, men ettersom Skeid spela 1-1 mot Strømsgodset, overlever Oslo-laget likevel, sa stemma i radioen.

Jubelen i Skeid-garderoben vart skrudd av tvert. For Skeid visste betre. Det var aldri 1-1 på Marienlyst. Skeid hadde ikkje scora. Hødd hadde igjen klart seg på fleire scoringar. Og Skeid hadde fått sjokk – nedrykket kom lenge etter at siste kamp var slutt og Skeid hadde jubla uhemma.

– Du kan vente deg alt frå Kringkastinga, sa ein av Skeid-spelarane til Aftenpostens utsende medarbeidar i det han duknakka gjekk ut av garderoben.

I ein annan garderobe, mange mil unna, var reaksjonane like sterke, men med motsett forteikn. I Porgrunn var Hødd-spelarane like skjelvande spente som Skeid i Drammen. Ulsteinvik-laget hadde vunne 6-0, Kjetil Hasund hadde laga hattrick i dei siste 20 minuttane av kampen. Men Hødd våga ikkje å juble: Var alt forgjeves?

Ubekrefta meldingar frå Marienlyst i Drammen sa 1-0 til Godset like før slutt, men radiosendinga frå Marienlyst i Oslo sa at kampen enda 1-1. Kva skulle ein stakkars sunnmøring tru? Forvirringa var total.

Radioen stod på sitt: 1-1. Og Kringkastinga burde vite slikt. Depresjonen og stilla senka seg i Hødd-garderoben. Ingen jubla for 6-0.

Så stadfesta Kringkastinga at 1-0 var rette resultat i Drammen. Hødd-garderoben var ikkje stille lenger. Målkalaset hadde betalt seg. Hasunds hattrick hadde avgjort. Hødd hadd for tredje gong klart det umogelege. Mange av dei 1500 tilskodarane var tilreisande sunnmøringar. Fleire av dei hadde gått frå stadion, skuffa over at festforestillinga og 6-0 ikkje var nok, at neste år måtte Hasund score sine hattrick i 2. divisjon.

Historia fortel ikkje noko om når den siste av desse fekk vite kva som hadde skjedd. Men dei som framleis var att på stadion, dansa av glede då speaker slo fast resultatet. Han hadde heldigvis ikkje gått heim då resultatet endeleg vart stadfesta.

I dag er dette utenkeleg. Men for 41 år sidan var ikkje kommunikasjonsteknikken komen lenger.

Det var ikkje alt som var betre før!

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i eliteserien. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Trøblete, treig og gal informasjon

  1. Tilbaketråkk: Trøblete, treig og gal informasjon | SportSquare

  2. Mr. K sier:

    Haha, flott historie, og artig blogg. Skal følge denne videre! 🙂

    Svar
  3. Stein-Erik Mattsson sier:

    Vyrde herr Lote!
    Eg vart særs glad då eg såg at ein framifrå kunnskapperson som Dykkar atter ein gong hev hivi seg inn i kampen for å gjere Noregs einaste frilynte bodstikke med både bileter og ljud endå meir holmgangsførebudd innfor dagen då alle desse innholdslause marknadskanalene vert sende til Hel for ævelegheita. Håpar at Dykkar hev det som det sømar seg hovdingar, og at me råkast for eit horn mjød om ikkje så brått! Eg hev allereide merka meg den elektriske bodstikka Dykkar, og kjem til å fylgje uppmerksamt med! (Men kvifor hev NRK vike unna si samfunnsplikt og unnlete å gjere meir merksam på tilbodet?)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *