Rumble In Rhodos - Signs Of Fervent Devotion
Stadig meir glødande
Rumble In Rhodos høyres betre ut ein nokon gong på tredjealbumet Signs Of Fervent Devotion.
Hausten 2006 sto eitt av Norges beste live-band på scena på Rockefeller for aller siste gong. JR Ewing hadde gjort sitt og ofra nok for heimlandets hardcore-ry, og trakk, til mange sin frustrasjon, inn årene. Blant dei som sto med gravølet i handa den kvelden, var det likevel grunn til optimisme. Det kravla og kraup i hovudstadens meir hardslåande musikkundergrunn, og band som Sigh And Explode og Snöras hadde ingen planar om å gå stilt i dørene framover. Og, ikkje minst: Rumble In Rhodos hadde kome med debutalbumet Own Me Like The City same år.
Når Rumble In Rhodos no er klare med si tredje plate Signs Of Fervent Devotion, er det ein slags skeiv sirkel som vert slutta: JR Ewings Erlend Mokkelbost har, saman med sin notidige Montée-kollega Anders Tjore, ført sine dyktige produksjonshender over albumet, og møtet med dei sjølverklærte studionerdane har gjort bandet godt: På Signs Of Fervent Devotion framstår Rumble in Rhodos som ein (orsak ordbruken) ny og forbetra versjon av seg sjølve, der eit fyldigare og meir elegant lydbilete ikkje har gått på bekostning av bandets musikalske identitet.
Røttene stikk framleis djupt ned i hardcore/post-hardcore- og punkfunkjorda, med forgreiningar inn i indierocken og At The Drive-In- og Mars Volta-inspirert prog. Treet som har vekse opp er no tilført nye, friske skot av pop, velforma melodilinjer og snedige detaljar. Visst går tankane stundom til JR Ewing, men fyrst og fremst framstår Rumble In Rhodos som eit band spekka med overskot, som ein villhest med perfekt passande seletøy. Både vokalist Thomas Bratlie og resten av bandet pressar seg til det ytterste av sine respektive grenser, medan albumets nøye balanserte dynamikk reddar dei frå å bikke over i det hektiske.
Singlane «White Dancing» og «Soft Insulated Days» er openbare døme å trekka fram. Fyrstnemnde er herleg tilbakehalden med sine melodiske kvalitetar, medan «Soft Insulated Days», med sitt fleirstemte refreng, er ein fantastisk lett og smektande poplåt – framført med tyngde. Knallsterke låtar som «Carve Visage», «Bold Not Tragic» og «Oasis Inside Out» vev Signs Of Fervent Devotion saman til ei jamn, tett og…vel, smektande lyttaroppleving.
Då Rumble In Rhodos spelte på by:Larm tidlegare i år, makta dei ikkje heilt å overføra det nye, utvida lydbiletetet til liveformatet. Lat oss håpa at dette er ein fort tillært kunst, for Signs Of Fervent Devotion skrik bokstavleg talt etter å bli tatt til ei scene nær meg.
Maria Horvei
Tags: anders tjore, anmeldelse, Anmeldelser, Erlend Mokkelbost, Maria Horvei, Rumble In Rhodos, Signs Of Fervent Devotion, Terningkast 5, Thomas Bratlie
[...] NRK Lydverket Rumble in Rhodos høyres betre ut ein nokon [...]
[...] Les anmeldelsen av Signs Of Fervent Devotion her! [...]
[...] 12. Rumble In Rhodos – Signs Of Fervent Devotion [...]
[...] som musikkjournalist, og er nå produsent med blant suksesser fra blant andre Jaa9 & OnklP og Rumble In Rhodos på CVen.Montée konkurrerer forøvrig med Eva The Heartmaker i popklassen på Spellemann – [...]
[...] Les Lydverkets anmeldelse av Signs Fervent Devotion. [...]
[...] Les anmeldelsen av Signs of Fervent Devotion. [...]