Skandinavias beste musikkvideo?
Neste månad kårer Bergen Internasjonale Filmfestival vinnaren – alle dei nominerte ser du her!
Når Bergen Internasjonale Filmfestival, kjærleg omtalt som BIFF, går av stabelen 19.-26. oktober, er det igjen tid for den høgtidelege kåringa av Skandinavias beste musikkvideo. For alle som elskar musikkvideokunst er dette eit ypperleg høve til å sjekka temperaturen på vår heimlege arena – og ikkje minst gleda seg over det høge nivået me har fått til.
I fjor var det Emil Trier som stakk av med sigaren, for sin fantastiske rånevideo til Torgnys «The Only Game» – i år er terrenget igjen ope, og konkurransen beinhard. Kor hard ser du under, der samtlege nominerte er presentert.
Nominasjonane er gjort av representantar frå kandidatane sitt eige heimland - musikkmagasinet Soundvenue i Danmark, SVTs PSL i Sverige, og underteikna redaksjon her i Noreg. Einig eller i ueinig i utvalet? Nokre personlege favorittar? Det er berre å skrika ut i kommentarfeltet.
Sverige
Våre naboar i aust stiller med eit sterkt heat til årets kåring. Olivia Kastebrings har regissert ein nydeleg ettertenksam video til jjs «Let Them», medan Anders Öhman og Oskar Gullstrand utforskar den alltid populære forlatte verda med Sound of Arrows‘ «Magic». Lykke Li og Stellan Skarsgård tek med seg dobbel star power til den Tarik Saleh-regisserte «Sadness Is A Blessing», Gustav Johansson går (forstyrrande) nærme med Karl X Johans «Flames», og rapduoen Marcus Price & Carli presenterer eit alternativt reiseprogram i videoen til «Bubbelgum», under regi av Tim Arem. Mange gode kandidatar, med andre ord!
jj – «Let Them»
Regi: Olivia Kastebring
Sound of Arrows – «Magic»
Regi: Anders Öhman og Oskar Gullstrand
Lykke Li – «Sadness is a Blessing»
Regi: Tarik Saleh
Karl X Johan – «Flames»
Regi: Gustav Johansson
Marcus Price & Carli – «Bubbelgum«
Regi: Tim Erem
Danmark
Danmark følgjer opp med eit interessant knippe videoar: Den ekstremt elegante «Unoder» med Under Byen, regissert av Manyar I. Parwani, står med sine kvinnelege samuraiar i kjekk kontrast til William Stahls video til WhoMadeWhos «Every Minute Alone», som malar eit heller trøsteslaust bilete av den moderne mann. Artisten Fallulah er nominert med to videoar: Den Jeppe Kolstrup-regisserte «Bridges», og «Give Us a Little Love», regissert av Martin De Thurah. The New Springs «Barricades» skil seg ut med bruken av arkivmateriale: Bileta er henta frå då politiet rydda Brorson Kirken i København for demonstrantar i 2009, då dei skulle henta ut ei gruppe irakiske flyktningar som hadde søkt tilflukt der.
Under Byen – «Unoder»
Regi: Manyar I. Parwani.
WhoMadeWho – «Every Minute Alone»
Regi: William Stahl
Fallulah – «Bridges»
Regi: Jeppe Kolstrup
The New Spring – «Barricades»
Regi: Nick Bruhn-Petersen & Bastian Kallesøe
Fallulah – «Give Us a Little Love»
Regi: Martin De Thurah
Norge
Norge stiller med tre bergensartistar blant sine fem nominerte, der to av dei til og med syng på bergensk: Lars Vaulars «Fett», regissert av Frederic Esnault, og Fjorden Baby!s «Rendezvous», regissert av John Kåre Hoversholm, kjemper for skarre-R’ens ære, og det i sin eigen heimby, medan Young Dreams‘ Kristoffer Borgli-regisserte «Young Dreams» òg er med på å dra opp sjansane for heimesiger. Kristoffer Borgli er i tillegg nominert for sin forstyrrande flotte video til Serena Maneeshs «D.I.W.S.W.T.T.D». Fjorårets vinnarlag Emil Trier/Torgny kan på si side stikka av med sigeren nok ein gong: Siste del av deira videotrilogi er sjølvsagt nominert.
Torgny – «I Came Here»
Regi: Emil Trier
Lars Vaular – «Fett»
Regi: Frederic Esnault
Fjorden Baby! – «Rendezvous»
Regi: John Kåre Hoversholm
Young Dreams – «Young Dreams»
Regi: Kristoffer Borgli
Serena Meneesh – «D.I.W.S.W.T.T.D. «
Regi: Kristoffer Borgli
Tags: "Rendezvous", anders öhnman, barricades, bastian kallesøe, bergen internasjonale filmfestival, biff, bridges, bubbelgum, D.I.W.S.W.T.T.D, Emil Trier, Fallulah, Fett?, fjorden baby, flames, frederic esnault, give us a little love, gustav johansson, i came here, jeppe kolstrup, jj, john kåre hoversholm, karl x johan, Kristoffer Borgli, Lars Vaular, let them, Lykke Li, Magic, manyar i. parwani, marcus price & carli, martin de thurah, musikkvideo, nick bruhn-petersen, olivia kastebring, oskar gullstrand, sadness is a blessing, serena meneesh, skandinavias beste musikkvideo, sound of arrows, tarik saleh, the new spring, tim erem, Torgny, Under Byen, unoder, young dreams
Ah, disse Emil Trier/Torgny – samarbeidene er fantastiske!
Må si at jeg syns det er synd at ikke Mews Intorducing Palace Players ikke er representert på lista. En genial musikkvideo som formidler stemningen i låta på en helt nydelig måte.
Tina, den var nominert i fjor.
Dere skulle jo sjekka ut norske Lemaitre sine musikkvideoer, laget av Johannes Greve Muskat.
Noen av dem er utrolig bra
Hva med den nye videoen vår da? Den er jo dødsfet! http://vimeo.com/29052625
Siden når ble musikkvideoer en bra greie?
Syns videoen til Ane Bruns «Do You Remember» er veldig flott jeg da:) Liksom litt skitten og rar.
Forøvrig er jeg og enig i at Lykke Li er nominert, men tror ikke jeg syns hun bør vinne, videoen er fin,men kunne vært så mye bedre, med litt bedre skuespill og en litt mindre kjennt mann, den blir nesten litt pretansiøs tenker jeg.
[...] Kvelertak imponerte på mange vis i fjor; ett av dem var ved å lage en fantastisk video til “Mjød”. Videoen var så bra at den var med på å knive om tittelen Skandinavias beste musikkvideo, uten å nå helt til topps (årets kandidater kan du se her). [...]
[...] Enig eller uenig i juryens avgjørelse? Her kan du se de øvrige nominerte og dømme selv. [...]
[...] Se de nominerte til BIFFs kåring av årets beste skandinaviske musikkvideo her! [...]