Grinderman på Øya 2008. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Grinderman på Øya 2008. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Nick Cave i alle kanaler

2011 blir eit aktivt år for australiaren: Turné, nyutgiving av The Bad Seeds-album og filmprosjekt står på plakaten.

Skrevet av:
Publisert 15:15 2 mars, 2011

14. juli spelar Grinderman, med Nick Cave i front, på Buktafestivalen i Tromsø, før bandet reiser sørover og går på scena på Slottsfjellfestivalen i Tønsberg 15. juli. Før den tid er det inga fare for at den Brighton-baserte australiaren skal gå arbeidsledig: Prosjekta for 2011 står i kø.

Forrige månad gjekk London-bandet UNKLE ut med tracklistinga til sin nye EP Only The Lonely, der Nick Cave bidreg på sproret «Money And Run». Den kjem ut 4. april, og ei veke seinare kjem gjenutgivinga av albumet Where Did The Night Fall – Another Night Out – kor Nick Cave også er blant gjesteartistane.

Månaden etter, den 16. mai, er det klart for tredje runde av gjenutgivinga av Nick Cave And The Bad Seeds-album – då kjem dobbeldisk-utgåver av Let Love In, Murder Ballads, The Boatman’s Call og No More Shall We Part på marknaden. Alle albuma er fullstendig remastra, og inkluderer fire til fem bonusspor, i tillegg til DVDar med musikkvideoar og ein kortfilm, ifølge Slicing Up Eyeballs. Dei sju fyrste Bad Seeds-albuma vart gitt ut i remastra versjon i 2009 og 2010. Inga meldingar om komande konsertar frå den fronten, diverre.

Som om ikkje dette var nok, er det også klart at Nick Cave kjem til å vera «musikkonsulent» for den Guillermo Del Toro-regisserte filmatiseringa av eventyret Pinocchio. Del Toro er mellom anna kjent som mannen bak Pans Labyrint frå 2006. Dette kjem til å vera ein mørkare, versjon enn det Disney produserte i 1940, melder Deadline, gjort i stop-motion av det same studioet som har produsert Wes Andersons The Fantastic Mr. Fox og Tim Burtons Corpse Bride.


Stillbilde frå den komande Pinocchio-filmatiseringa.

Nick Cave er inga novise innan filmmediet, og har skrive orignalmusikk til filmar som The Proposition og The Assassionation Of Jesse James By The Coward Robert Ford. Harry Potter-fans vil òg hugsa at Caves fantastiske «Oh Children» frå The Lyre Of Orpheus var den fyrste populærmusikklåta som fann vegen inn i Potters univers.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Nick Cave i alle kanaler"
 

1 kommentar på “Nick Cave i alle kanaler”

  1. [...] tidlegare nevnt, er Nick Cave ein travel mann for tida. No er resultatet av samarbeidet med London-bandet UNKLE [...]

Legg igjen en kommentar