Alison Mosshart frå The Kills

Alison Mosshart frå The Kills

Sniklytt!

Nick Caves siste prosjekt, The Kills og Espen Linds Glee-eventyr: Høyr alt her!

Skrevet av:
Publisert 12:00 13 mars, 2011

Som tidlegare nevnt, er Nick Cave ein travel mann for tida. No er resultatet av samarbeidet med London-bandet UNKLE klart – høyr «Money And Run» her:

Cat Power spelte for ikkje lenge sidan konsert i San Fransisco, der ho framførte tre nye låter. Charlyn Marshall, som ho eigentleg heiter, er for tida i gang med å spela inn eit nytt album, og her er altså ein smakebit:

Fyrste sniklytt til The Kills sitt komande album Blood Pressures var singelen «Satelite». No kan du òg få med deg låta «DNA», og til og laste den ned gratis om du vil. Blood Pressures er ute i begynnelsen av april.

Med tanke på at gjengen frå musikal-tv-serien Glee no offisielt har fleire hitsinglar enn Elvis – 113 av deira innspelingar har gått inn på Billboardlista, og det i løpet av ein svært kort periode – er det ikkje anna å venta enn at skodespelarane ser sitt snitt til å lansera eigne solokarrierer. Matthew Morrison er sistemann ut, og har henta inn hjelp frå Espen Lind og Amund Bjørklund, som dannar låtskrivarduoen Espionage, til fyrstesingelen «Summer Rain». Høyr den her:

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Sniklytt!"

Legg igjen en kommentar